
NAV Lom og Skjåk · Skjåk
Vi søkjer rettleiar/sakshandsamar ved Nav Lom og Skjåk i 100 % stilling. Nav Lom og Skjåk er eit partnarskap mellom stat, Lom kommune og Skjåk kommune, der Sk...
Nav Lom og Skjåk er eit partnarskap mellom stat, Lom kommune og Skjåk kommune, der Skjåk kommune er vertskommune. Kontoret har ni tilsette og er lokalisert i Bismo.
Kontoret er i starten av eit fagleg utviklingsarbeid, for å gjere oss mindre sårbare ynskjer vi at tilsette håndterer alle våre arbeidsfelt; arbeidsretta, sjukefråværsoppfølging og økonomisk sosialhjelp. Her kan det bli endring i arbeidsoppgåver.
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Ein må rekne med noko reising som ein del av jobben.
Ynskjer du meir informasjon om Nav - gå inn på nav.no.
Skjåk kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.
Om stillinga Osterøy kommune utvidar tilbodet innan barn og unge, og ser etter deg som er familierettleiar. Familiens hus på Osterøy styrkar barn- og familieteamet med ein ny stilling som familierettleiar i 100 % fast stilling. Stillinga er ledig frå oktober 2026. Barn- og familieteamet er ei tverrfagleg teneste beståande av familieterapeutar, miljøterapeutar og psykolog. Vi tilbyr heilskapleg rettleiing og oppfølging til barn og deira familiar som opplever utfordringar i kvardagen. Stillinga vil i hovudsak arbeide med familierettleiing og miljøterapeutisk oppfølging etter tilvising frå barneverntenesta eller på lågterskel. Vi arbeidar og med fosterheimsrettleiing og oppfølging av ungdom på ettervernsvedtak. Stillinga passar for deg som likar å jobbe tett på familiar, og som er trygg i møte med barn og unge i krevjande livssituasjonar. Vi ser etter ein kollega som har oppdatert og solid erfaring frå tiltaksarbeid med barn og unge. Det er særleg viktig å kunne skape tillit og gode relasjonar. Oppfølginga vert tilpassa kvar enkelt familie sine behov og ressursar og arbeid på ettermiddag må påreknast. Osterøy kommune har 6 månaders prøvetid for nytilsette Arbeidsoppgåver • Oppfølging av familiar gjennom hjelpetiltak som rettleiing, miljøterapeutisk arbeid og tilsynsoppdrag • Bidra i planlegging og gjennomføring av gruppetilbod • Anvende familieterapeutiske og kunnskapsbaserte metodar • Delta aktivt i fag- og kvalitetsutvikling i avdelinga • Samarbeide tverrfagleg med skule, barnehage og andre tenester • Utføre andre relevante oppgåver ved behov Vi tilbyr • Meiningsfull arbeidskvardag med varierte oppgåver • Fokus på fagleg utvikling • Løn etter gjeldande avtalar • Offentleg tenestepensjon • Fleksitidordning • Gratis parkering • Eit godt arbeidsmiljø på ei av dei vakraste øyane i landet Kvalifikasjonskrav • Krav om relevant helse- eller sosialfagleg utdanning på bachelor- eller masternivå • Krav om minimum 2 års erfaring frå terapeutisk endringsarbeid. • Ønskeleg med relevant vidareutdanning, til dømes innan familieterapi, rus- og psykisk helsearbeid, miljøterapi eller liknande • Ønskeleg med kompetanse og erfaring frå bruk av relevant metodikk og erfaring med drift av grupper • Erfaring frå oppfølgingsarbeid med barn, unge og familiar vert vektlagd • Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne • Gyldig politiattest ved tilsetjing • Førarkort klasse B Vi ser etter deg som: • Kan skape naudsynte endringar hjå familiane du er i kontakt med • Har engasjement og interesse for å skape trygg og tillitsbyggjande kommunikasjon med menneske i vanskelege livssituasjonar • Har gode samarbeidsevner og samtidig evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert • Er trygg i samtalar med barn, ungdom og deira familiar • Har stor arbeidskapasitet med tydeleg fokus på mål og endring • Er fleksibel og løysingsorientert og kan tilpasse deg ulike situasjonar Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt. Offentleg tenestepensjon I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Vi har ledig ei mellombels stilling som aktivitetleiar/leirskuleinstruktør fra 17.08.2026 - 31.10.2026 med moglegheit for forlenging. Hva vi ser etter Personlege og faglege kvalifikasjonar for stillinga: • Profesjonell og personleg integritet • Gode samarbeidsevner og god på å sjå muligheiter • Liker å jobbe med menneske • Ei forståing for, og stønad til, UWC sine mål og ambisjonar • Proaktiv og sjølvstendig i arbeidet • Pedagogisk utdanning med hovudvekt på friluftsliv og/eller kroppsøving • Godkjent instruktør/rettleiar i ein, helst fleire av følgjande: klatring(NF instruktør 1 eller tilsvarande); kajakk (NPF aktivitetsleiar Hav eller tilsvarande); kano (teknikkurs kano, flattvann eller tilsvarande). • Båtførarprøve. • Førarkort klasse B • Evne til å kommunisere tydeleg både munnleg og skriftleg på engelsk og norsk Arbeidsoppgaver Arbeidsoppgåver inkluderer: • Medansvar, organisering og drift av leirskulen, sommarprogrammet og aktivitetstilbod for andre grupper • Ansvar for å trene opp UWC studentar til deltaking i UWC Leirskule • Planlegge for eit variert og godt fysisk aktivitetsprogram for alle studentane ved UWC RCN: blant anna vekentlege aktivitetar, prosjektveke, friluftslivsveka, outdoor leadership program • Medansvar for helse, miljø og tryggleik, rutinar og prosedyrar for aktivitetstilbod ved UWC Connect • Medansvar for UWC Connect sitt utstyr og anlegg, samt vedlikehald, sikkerheitssjekk og utskifting • Assistere dagleg leiar med marknadsføring- og sal og kundekontakt mot dei ulike kundesegmenta • Vere vertsskap i gjennomføring av ulike samlingar for besøkjande. • Kooridinering og samarbeid mellom UWC Connect og partnarar Andre oppgåver kan tilkomme eller oppgåver kan endrast etter behov og ordretilgang. Vi tilbyr • Ingen like dagar • Ein givande jobb • Lønn etter KS-Tariff • Intern opplæring av aktivitetar( kano, SUP, bogeskyting, bakehus og livredningsprøve) Ein må legge fram Politiattest som ikkje er eldre enn tre månader før ein kan ta til i stillinga.
Vi ser etter deg som har stort engasjement og eit hjarte for ungdom. Ved Stavanger akuttsenter, avdeling Røyneberg har vi ledig 2 vikariat som miljøterapeut i 100% stilling. Den eine stillinga er for tida gjeldende turnus med dag, kveldsvaktar og arbeid kvar 4 helg (lørdag og søndag) og har ei varigheit på omlag seks månader. Den andre stillinga har for tida hovudvekt av vaktene på dagtid og er utan helgearbeid, og har ei varigheit på eitt år. Vikariata kan verta forlenga, og det kan oppstå fleire ledige vikariat i ulik stillingsprosent og varigheit. Arbeidsoppgåver • Målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebasert omsorg, senterets retningslinjer og fagleg rettleiar. • Motivera og engasjera ungdomane i positive aktivitetar, samt bidra til at bebuarane får delta og oppleva tryggleik og trivsel medan dei bur hos oss. • Samarbeid med foreldre/føresette, sosialt nettverk, kommune, inntaksavdeling, skule og andre viktige samarbeidspartnarar rundt den einskilde ungdom. • Ansvarsvakt. • Praktiske oppgåver knytt til institusjonsavdeling. Kva bakgrunn har du? Må-krav: • Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng. Det kan vurderas anna treårig relevant høyskole-/universitetsutdanning, gjennomført bachelorgrad eller tilsvarande 180 studiepoeng innafor relevante fagområde. • Kommunisere godt på norsk (tilsvarande nivå B2). • Ha førarkort (minimum) klasse B. Bør-krav: • Kompetanse på å gjere faglege vurderingar, tilpasse tiltaka til ungdommane og dokumentere desse skriftleg. • Relevant arbeidserfaring Personlege eigenskapar • Vi søkjer ein miljøterapeut som møter ungdom med respekt, varme og tydelegheit. • Du har eit sterkt engasjement for ungdom og evnar å byggje trygge relasjonar. • Du står stødig i krevjande situasjonar og klarer å bevare ro, fagleg fokus og omsorg når det trengst som mest. Vi ser etter deg som er ; • fleksibel • løysingsorientert • fagleg engasjert, med gode samarbeidsevner og evnar å arbeide både sjølvstendig og i team • god på kommunikasjon, er strukturert og bidreg aktivt til refleksjon, utvikling og eit positivt arbeidsmiljø. Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt. Hva får du hos oss? Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 640 000 pr. år. Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr. 540 000 – 690 000 pr. år. Søkjarar med sosialfagleg utdanning vil plasserast i fagspesifikke stillingskodar som sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog i tråd med lokal lønnspolitikk for Bufetat. Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte. Opplysningar til deg som søkjer • Vi søkjer etter dei beste hovuda, uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV-en eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss. • Stillingane er for tida lagt til Stavanger akuttsenter, avdeling Røyneberg • Politiattest må framleggas ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggas ved søknaden. • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnas. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje tas til følge. • Prøvetid i henhald til Statens personalhåndbok. • Opplevar du tekniske utfordringer når du fyllar ut søknaden, anbefalar vi at du tar kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge Kva skal søknaden din innehalde? Søknad med CV skal sendas elektronisk via lenkje på denne sida For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teken i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Ber og om at du legg inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.