
Osterøy kommune · Osterøy
Om stillinga Osterøytunet ligg i nydelege naturomgjevnader på Hauge, eit knutepunkt på Osterøy, og er den einaste sjukeheimen i Osterøy kommune. På Osterøytu...
Osterøytunet ligg i nydelege naturomgjevnader på Hauge, eit knutepunkt på Osterøy, og er den einaste sjukeheimen i Osterøy kommune.
På Osterøytunet arbeider vi saman for å skape ein heim der alle bebuarar kjenner seg trygge, ivaretekne og verdsette. Vi legg vekt på å tilby heilskapleg omsorg av høg kvalitet, der både fysisk og psykisk helse står sentralt. Gjennom fagleg dyktigheit, omsorg og engasjement arbeider vi for å gje kvar enkelt bebuar ein meiningsfull og god kvardag – prega av respekt, glede og fellesskap.
Vi er organiserte i tre avdelingar med totalt sju grupper og 65 einsengsrom fordelt på somatiske plassar, demensplassar og korttidsopphald. Som helsefagarbeidar ved sjukeheimen vår får du ei viktig rolle i å skape trygge og gode rammer for bebuarane, samstundes som du bidreg til den daglege drifta på gruppa.
Du får delta på legevisitt saman med sjukepleiar, og vi legg til rette for kompetanseheving for helsefagarbeidarar i møte med nye oppgåver og ansvarsområde. Dette er ei spennande og givande stilling der du får moglegheit til å utvikle deg vidare som fagperson.
Vi har årsturnus, der dei tilsette har moglegheit til å påverke utforminga av eigen turnus.
Det kan på sikt bli mogleg å gå turnus med langvakter.
Vi opnar òg for tilsetting i vikariat.
Stillingane er ledige frå 28.09.2026, med moglegheit for tidlegare oppstart.
Som helsefagarbeidar på Osterøytunet vil ein ha variasjon i arbeidsoppgåver. Det å yte fagleg forsvarleg helsehjelp til pasientar med somatisk behov vil vere ein sentral, viktig og kontinuerleg oppgåve. Observasjon og vurdering av pasientanes helsetilstand vil og naturleg høre til rolla som helsefagarbeidar, samt å gje bistand og rettleiing ut frå den enkelte pasienten sine behov.
På Osterøytunet arbeidar vi med målretta miljøarbeid og du som fagperson vil ha ei sentral rolle inn i sikring av eit positivt, inkluderande og fagleg arbeidsmiljø. Du vil handtere og nytte digitale plattformar og journalsystem, og du vil bli tildelt primærkontaktoppgåver.
Vi vil sjølvsagt syte for at du får naudsynt opplæring når du blir vår nye kollega. Leiinga og kollegagruppa vil ta deg godt imot, heie på deg og støtte deg slik at du opplever meistring i din arbeidskvardag, og vi forventer det same av deg som vår nye kollega.
Vår nye kollega kan forvente
Kvalifikasjonar for stillinga
Andre opplysningar / Ansettelsesvilkår:
Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 md. om du får tilbod om stillinga.
Tilsetting skjer med 6 månaders prøvetid i samsvar med gjeldande regelverk i kommunen.
Me søkjer etter deg som trives i lag med eldre! Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevne. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar, deira pårørande og dine kollegaer. Om du har eit godt humør og ei positiv innstilling er du langt på veg!
Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss for ein hyggeleg prat!
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Om stillinga Heimetenesta i Osterøy Kommune har ledig fast 100 % stilling som helsefagarbeidar i Heimetenesta frå 21.09.26 - 26.09.27 Heimetenesta yter tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til helsehjelp. Helsefagarbeidarar har eit fagleg ansvar på vakt. Dette inneber faglege vurderingar, utføring av helsefaglege prosedyrar og rettleiing/oppfølging av medarbeidarar og brukarar. Den ledige stillinga har stort sett 14-timars langvakter, nokre dagvakter og arbeid kvar 4. helg. På langvakter har ein pause på 1,5 timar i løpet av vakta i tillegg til to lunsjpausar. Arbeidsoppgåver • Utføre pleie og omsorg til heimebuande brukarar/pasientar i henhold til vedtak • Ha oversikt over brukarar, og prioritere arbeidsoppgåver frå eit heilhetssyn og bemanning • Legemiddelhandtering • Primærkontaktansvar • Medansvarleg for kvalitetssikring og dokumentasjon av tenesta • Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling • Samarbeide med interne og eksterne samarbeidspartnarar • Veiledning av elevar og lærlingar i avdelinga • Bidra til eit positivt arbeidsmiljø Kvalifikasjonskrav • Krav om autorisasjon som helsefagarbeidar • Krav om å beherske vanleg IKT verktøy • Førarkort klasse B • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk. • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde • Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. Vi tilbyr • God opplæring • Eit godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling • Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver • Løn etter tariff • Gode pensjonsvillkår • Ei av Noregs vakraste øyer som arbeidsstad Offentleg tenestepensjon I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Om stillinga • Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på to avdelingar, med tre-fire grupper i kvar avdeling. Kvar gruppe har 9-10 pasientar. Me har eige kjøkken og eigen lege og nært samarbeid med fysioterapiavdelinga som er i samme bygg. • Korttidsavdelinga har no behov for ringevikarar både vekedagar og helg Arbeidsoppgåver • Heilskapeleg omsorg og pleie • Bistand og rettleiing ut frå pasienten sine behov • Målretta miljøarbeid. • Deltaking i den dalgelege drifta på avdelinga Kvalifikasjonskrav • Autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar er ein fordel. • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk • Personlege eigenskapar vert vektlagt Krav til gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader om du får tilbod om stilling. Vi tilbyr • Ein spannande og gjevande arbeidsplass • God opplæring • Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer • Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjertevarme • Moglegheit for fagleg utvikling og evt fast stilling • Mogleigheit for lange vakter, 14 t. • Mogleigheit for el-bil lading mot betaling • Lønn etter tariffavtale Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglYSpørsmål om stillinga • Høyres dette ut som noko for deg ? Ta kontakt med avdelingsleiar Siv Katring Eidhammer for meir informasjon
Vi søkjer engasjerte helsefagarbeidarar som vil gjere ein forskjell – kvar dag. Er du ein person som brenn for å gi god omsorg, og som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag? Då kan dette vere jobben for deg! Heimetenesta Fusa har ledig 2 * 100 % faste stillingar frå snarast i avd 1. Du vil bli ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande team som jobbar for å gi brukarane våre tryggleik, verdigheit og kvalitet i kvardagen. Stillingane er i turnus med arbeid på dag, kveld og helg. Ei av stillingane er knytt til eit vikariat, der ein etter vikarperioden vil vere knytt til ressursbemanninga i avd 1 og 2. Du får sjølvsagt fast turnus til stillinga. Heimetenesta Fusa er delt i to avdelingar, der ein har gjort omstillingar i korleis organisera arbeidet for å sikre kvalitet i tenestene og god bruk av kompetansen. Vi treng deg som ønskjer å vere med å vidareutvikla heimetenesta, og som ser moglegheiter framfor avgrensingar. Kvifor velje oss? • Du får vere med på å utvikle og forme framtidas heimeteneste i ein kommune som tenkjer nytt • Du får varierte arbeidsdagar med ulike ruter og oppgåver – ingen dag er lik! • Du får brei erfaring og tett samarbeid med ulike faggrupper • Du får bruke kompetansen din der behovet er størst • Du blir ein del av eit miljø som ser moglegheiter framfor avgrensingar Arbeidsstad Heimetenester Fusa avd 1 - Eikelandsosen Arbeidsoppgåver • Utøve forsvarlege tenester til pasientar i tråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk • Pleie og omsorgsoppgåver, miljøarbeid og palliasjon • Dokumentere i gjeldande fagsystem og følgje opp oppgåver som er knytt til dette • Kartlegge, igangsette og gjennomføre tiltak • Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse for å yte gode tenester • Vere ein god rollemodell og bidra til eit godt samarbeid med kollegaer i tråd med kommunen sine verdiar • Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid • Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrar vert fulgt • Halda seg fagleg oppdatert ved bruk av e-læringskrus og intern opplæring Kvalifikasjonar • Autorisasjon som helsefagarbeidar, anna helsefagleg utdanning og lang erfaring kan bli vurdert • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet • Søkjar må ha gode norske språkferdigheitar, både munnleg og skriftleg Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. Personlege eigenskapar • Har eit hjarte som bankar ekstra for eldreomsorg • Deler kompetansen din og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Er bevisst handlingane dine og set respekt, lojalitet og etikk høgt • Bidrar positivt til arbeidsmiljøet og er villig til å bidra på andre avdelingar når det trengst Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi tilbyr • Løn etter gjeldande avtalar. • 100 % stilling i eit aktivt miljø, med høgt tempo, fokus på fag og gode kollegaer • Som ny i avdelinga vil du få god oppfølging og rettleiing • Vi har plan for internundervisning og det er moglegheit for relevant vidareutdanning • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø • Fleksible arbeidstidsordningar. Stillingane inneber arbeid på dag, kveld og helg • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her