Ønskjer du å bu på ein liten stad med store moglegheiter? Ønskjer du å arbeide ved eit lokalsjukehus og få stort fagleg utbytte?
Då kan Lærdal sjukehus vere staden for deg!
No søkjer vi sjukepleiarar til ledige stillingar ved medisinsk sengepost og dialyse.
Stillingane er i utgangspunktet ikkje planlagde delte. Vi ber om at søkjarane opplyser i søknaden kva for stilling(ar) dei ønskjer å bli vurderte for.
Om medisinsk sengepost
Sengeposten har 14 senger, inkludert 2 overvakingssenger. Vi tek imot pasientar med eit breitt spekter av medisinske problemstillingar innan mellom anna hjarte-, lunge- og infeksjonssjukdomar. Dei fleste innleggingane er augeblikkeleg hjelp.
Om dialysen
Dialysen er open mandag til lørdag.
Kva kan vi tilby deg ved Lærdal sjukehus
Hos oss får du arbeide i eit godt fagmiljø der vi samarbeider tett på tvers av avdelingane. Vi er små nok til at folk kjenner kvarandre, men store nok til å tilby spennande faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter.
Bu og arbeide i Lærdal
Lærdal byr på storslåtte naturopplevingar rett utanfor døra og gode moglegheiter for friluftsliv året rundt. Med plassering mellom Bergen og Oslo er bygda eit naturleg knutepunkt. Sjukehuset disponerer også personalhytte på Filefjell. Meir informasjon om Lærdal finn du her: Lærdal kommune.
Ønskjer du meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med einingsleiaren
Arbeidsoppgåver
Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonMarit Fossheim Ottersen, Einingsleiar, (+47) 479 06 594
ArbeidsstedSjukehusvegen 9
6887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5177847652
Stillingsprosent: 80%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 24.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Lærdal