
Kviteseid kommune · Kviteseid
Har du lyst på ein jobb der du verkeleg kan gjera ein forskjell- kvar einaste dag? Er du sjukepleiaren/vernepleiaren som alltid sett pasientane i fokus, bidreg...
Har du lyst på ein jobb der du verkeleg kan gjera ein forskjell- kvar einaste dag?
Er du sjukepleiaren/vernepleiaren som alltid sett pasientane i fokus, bidreg med din kompetanse, samt evnar å halde hovudet kaldt og hjartet varmt?
Då ynskjer me at du søkjer!
Ved Kviteseid omsorgssenter (KOS) er fylgjande stillingar ledig:
Sjukepleiar/vernepleiar, 2 x 100% fast stilling frå d.d.
Sjukepleiar/vernepleiar, 1 x 70% fast stilling frå d.d
Stillingane er i turnus, 35,5 t/v med arbeid kvar 3. helg.
KOS er ein sjukeheim med totalt 32 plassar. Hjå oss vil du møte ei pasientgruppe med stor variasjon i sjukdomsbilete og funksjonsnivå.
KOS er ein arbeidsplass der kvalitet, omsorg og utvikling gjeng hand i hand.
Me jobbar for at våre pasientar skal kjenne på tryggleik, verdigheit og ein best mogleg kvardag.
Me leitar etter ein engasjera sjukepleiar/vernepleiar som vil bli ein viktig del av vårt gode lag.
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månadar.
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Kommunen legg vekt på: psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve.
Vi tilbyr
KontaktinformasjonHelene Stensrud Flatland, Leiar Kviteseid omsorgsenter, 92033268
ArbeidsstadKviteseidgata 13
3850 Kviteseid
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kviteseid kommune
Referansenr.: 5121571680
Stillingsprosent: 100, 70%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2026
Vi vil gjerne ha deg med på vårt lag! Vi har no ledig 2 x 90% fast stilling for sjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning ved Avrusing rusbehandling TSB Ålesund. Oppstart etter avtale. Stillingane inneber f.t. 2-delt vaktturnus med arbeid kvar fjerde helg, med to ekstra helgar (hinkehelger) kvart år. Seksjonen tilbyr både planlagde og rusakutte innleggingar og har 17 døgnplassar. Fagmiljøet er tverrfagleg og inkluderar mellom anna psykiater, legar, sjukepleiarar, vernepleiarar og sosionomar. Vi håpar du vil bli ein del av vårt engasjerte team! Arbeidsoppgåver • Sjukepleiefaglege-/vernepleiefaglege oppgåver - medikamenthandtering • Deltaking i tverrfagleg team • Koordineringsansvar og individuell oppfølging av pasientar • Aktiv bidragsytar i miljøterapeutiske aktivitetar Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar • Ønskeleg med videreutdanning, men sjukepleiar/ verneplaier utan videreutdanning kan også søke stillinga • Ønskeleg med relevant erfaring • Førarkort klasse B - manuell gir Personlege eigenskapar • Du er positiv, nytenkande og endringsorientert • Du er sjølvstendig, men med evne til å samarbeide godt i team • Du er fleksibel og kan handtere heiktiske arbeidsdagar • Du har god skriftleg framstillingsevne Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår i ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. KontaktinformasjonAstrid Birgitte Aakernes, Seksjonsleiar, +47 70171389, Astrid.Birgitte.Aakernes@helse-mr.no Line Olaisen, Teamkoordinator, 70171334 , Line.Olaisen@helse-mr.no ArbeidsstadVestmoa 27 6018 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5144475952 Stillingsprosent: 90% Fast Startdato: 03.08.2026 Søknadsfrist: 09.08.2026
Sjukepleiar/vernepleiar Tverrfagleg helse Vaksdal kommune søker fortrinnsvis etter ein engasjert sjukepleiar eller vernepleiar til Psykiatri- og rus-tenesta. Stillinga er 100 % fast og er for tida plassert i avdeling for Tverrfagleg helse med kontorplass på Heradshuset på Dale og med dagtidsarbeid. Tverrfagleg helse består av eit breidt mangfald av dedikert og spesialisert helsepersonell fordelt på legekontor, avdeling for psykisk helse og rus og helsestasjon. I tillegg er avdelinga komplementert med oppvekstrettleiar, ergoterapeut, fysioterapeut og musikkterapeut. Er du klar for ein spennande og variert arbeidskvardag med stor moglegheit til å påverke framtidas kommunehelseteneste innan psykiatri- og rusfeltet? Då ønsker vi å prate med deg! Arbeidsoppgåver • Oppfølging av tenestemottakarar, både individuelt eller i grupper • Bistand med kartlegging av psykisk helse- og rusproblemer/lidelser • Meistringssamtalar • Delta i lågterskel gruppetilbod som eks. treningsgrupper og dagsenter • Råd og veiledning til tenestemottakar • Oppsøkande/ambulant virksomhet • Oppfølging av pårørande og nettverk når det er relevant • Andre kjerneoppgåver knytt til klinisk arbeid og oppfølging av tenestemottakar • Delta i ansvarsgrupper, samarbeidsmøter og koordineringsprosessar både internt og med spesialisthelsetenesta, NAV og andre relevante instanser • Delta i tverrfagleg førebyggande teamarbeid • Delta i psykososialt kriseteam • Andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar Kvalifikasjonskrav • 3- årig helsefagleg utdanning på høgskulenivå. Fortrinnsvis sjukepleiar eller vernepleiar. Annan relevant utdanning, fagbrev eller erfaring vil verta vurdert. • Relevant vidareutdanning er ønskeleg • Gjerne erfaring frå kommunal psykiatri- og rusteneste og/eller frå same fagområde i spesialisthelesetenesta • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk • Førerkort klasse B • Før tilsetting må gyldig politiattest jfr. § 5-4 i Helse- og omsorgstjenesteloven fremlegges. Personlege eigenskapar • Du er god på kommunikasjon og relasjonsbygging • Du er påliteleg, ansvarsbevisst, open og ærleg • Du samarbeider godt og har evne til å skapa tillit og engasjement • Du er strukturert, kan arbeide godt både sjølvstendig og i team • Du er initiativrik og oppteken av kontinuerleg utvikling av deg sjølv, medarbeidarar og organisasjonen generelt • Du tek del i utviklingsarbeidet og halde deg fagleg oppdatert • Du arbeider godt under press og har god prioriteringskompetanse Personlege eigenskapar vert vektlagt Vaksdal Kommune kan tilby • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Individuell oppfølging • Gode moglegheitar for støtte til utdanning • Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg • Varierte og spennende arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling • Prøvetid er 6 mnd. og for øvrig skjer ansettelsen på de vilkår og med de plikter som følger av lov, tariffavtaler og reglementer
Vil du vere med på laget vårt? Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde har ledig ei 70 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar, med arbeid kvar tredje helg. Arbeidstida er for tida på natt. Oppstart etter nærare avtale med seksjonsleiar. Vi har også ledig eit eittårig vikariat i 100 % stilling som sjukepleiar/vernepleiar på dag/kveld, med arbeid kvar tredje helg. Oppstart etter nærare avtale med seksjonsleiar. Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde er ein vaksenpsykiatrisk døgnseksjon med 16 plassar der 2 plassar er brukarstyrte. Seksjonen har ei rekke gruppetilbod for både inneliggande og polikliniske pasientar. Vi tilstreber å ha fokus på verdibasert behandling for pasientane våre og arbeider med å implementere dette i seksjonen. Samhandling med pasient, pårørande, interne og eksterne samarbeidspartnarar er viktig i pasientforløpet. På seksjonen vår er vi ein inkluderande gjeng der tilsette jamleg tar initiativ til sosiale aktivitetar. I tilfelle intern omrokkering kan andre stillingar bli ledig. Skriv i søknaden kva stilling du søkjer. Arbeidsoppgåver • Ulike faglege prosedyrar • Miljøterapeutiske oppgåver rundt enkeltpasientar • Arbeide etter behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa • Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar • Dokumentasjon i Helseplattformen • Praktiske oppgåver i seksjonen • Bruke "Kompetanseportalen" aktivt for å vedlikehalde kompetanse Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar • Erfaring frå psykisk helsearbeid er ønskeleg • Må ha gode datakunnskapar • Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar • Du arbeider sjølvstendig • Du er god på samarbeid og trivast med å jobbe i tett samhandling med andre • Du bidreg til godt arbeidsmiljø • Du kommuniserar godt både internt og eksternt og kan takle raske omstillingar • Du evner å sette deg inn i nye, digitale løysingar • Du har evne og arbeidshelse til å arbeide i ein hektisk kvardag med tidvis høgt tempo Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til CV-en din. Byen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her. KontaktinformasjonEline Gammelsæter, Seksjonsleiar, eline.gammelseter@helse-mr.no ArbeidsstadNøisomhedvegen 12 6416 Molde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5140394326 Stillingsprosent: 70, 100% Fast, Vikariat Startdato: 01.09.2026 Sluttdato: 31.08.2027 Søknadsfrist: 16.08.2026