Helsefagarbeidar 80% fast ved somatisk og korttid frå d.d
Stillinga er i turnus, 35,5 t/v med arbeid kvar 3 helg.
Kviteseid omsorgssenter etablerer no ei eiga korttidsavdeling, og vi søkjer ein helsefagarbeidar som vil jobbe både på korttid og somatisk avdeling. Her vekslar du mellom oppgåver knytt til korttidsopphald, rehabilitering og somatisk pleie – og vi ønskjer difor deg som har erfaring frå desse områda og trivst med høgt tempo, faglege vurderingar og tett samarbeid.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Hjå oss får du ein kvardag der du kombinerer trygge og gode dagar for bebuarar med somatiske lidingar, demens / kognitiv svikt på skjerma avdeling, og faglege utfordringar og dynamikk i korttidsavdelinga.
Du blir del av eit arbeidsmiljø som er inkluderande, humorfylt og fagleg nysgjerrig – og som jobbar målretta for å gje bebuarar kvalitet, tryggleik og gode overgangar vidare i tenesteløpet.
Kviteseid omsorgssenter (KOS) har 32 plassar: 26 langtidsplassar, 4 korttidsplassar, 1 avlastingsplass og 1 ØHD-plass. Her møter du ei variert pasientgruppe og kollegaer som brenn for fagleg forsvarleg helsehjelp, trivsel og gode kvardagsøyeblikk.
KontaktinformasjonHelene Stensrud Flatland, Leiar Kviteseid omsorgsenter, +47 90213757, helene.stensrud@kviteseid.kommune.no
ArbeidsstadKviteseidgata 13
3850 Kviteseid
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kviteseid kommune
Referansenr.: 5176319209
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 24.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Kviteseid