
Sikkerhetspost Valen sjukehus · Kvinnherad
Vil du jobbe saman med denne flotte gjengen på Sikkerhetsposten? På Sikkerhetsposten ved Valen sjukehus får du moglegheita til å jobbe i eit engasjert og tve...
På Sikkerhetsposten ved Valen sjukehus får du moglegheita til å jobbe i eit engasjert og tverrfagleg miljø der tryggleik, omsorg og behandling står i fokus. Her får du spennande utfordringar, fagleg utvikling og eit støttande arbeidsmiljø – med blant anna fleksible arbeidsplaner, sikkerheitstillegg og tilgang til trimrom på sjukehuset.
Vi søkjer ein vernepleiar/sjukepleiar som er motivert for å bidra til auka meistring og livskvalitet for pasientane våre, samtidig som du blir ein del av eit team som vil at du skal lykkast!
Sentrale oppgåver på avdelinga er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gje omsorg og behandling. Kvar pasient har eit tverrfagleg team, kor miljøpersonal, psykiater/psykolog, aktivitør og sosionom samarbeider om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle.
Vi jobbar med ulike typar forbetringsarbeid, og har fokus på ernæring og aktivitet for pasienten. Vi styrker den faglege kompetansen med diskusjonar og
internundervisningar. Vi øver kvar veke på MAP (møte med aggresjonsproblematikk) for
å førebygge og handtere aggresjons- og valdsproblematikk.
Pasientane våre kan vere innlagt over lang tid, medan andre har kortare opphald. Deira ressursar og sårbare sider er det uansett god tid til å bli kjend med.
På grunn av utfordrande og krevjande situasjonar som kan oppstå med pasientgruppa, legg vi vekt på evne til å handtere slike situasjonar.
Kva går jobben ut på?
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
For å oppretthalde samansetninga i personalgruppa vert menn oppmoda om å søkje.
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Kvifor skal du velje oss?
KontaktinformasjonLiv Rose Olderkjær Larsen, Funksjonsleiar, +47 53466483, liv.rose.olderkjer.larsen@helse-fonna.no
ArbeidsstadSjukehusvegen 26
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5149980935
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026
Vil du vera med og gje eldre ei trygg, verdig og fagleg god omsorg? Vi søkjer ein engasjert sjukepleiar til 80 % fast nattstilling i turnus ved Rosendalstunet med oppstart 1. september 2026. Rosendalstunet ligg i vakre Rosendal ved Hardangerfjorden og har 60 plassar fordelt på langtidsopphald, demensomsorg og korttid/rehabilitering. Hos oss møter du eit sterkt fagmiljø med fokus på kvalitet, rehabilitering, demensomsorg og palliasjon. Vi arbeider tverrfagleg og tek aktivt i bruk velferdsteknologi i tenestene våre. Nattenesta er organisert slik at sjukepleiar på natt utfører oppgåver både i institusjonen og i heimesjukepleia. Arbeidet omfattar mellom anna stell og tilsyn, faste tilsyn hjå heimebuande brukarar, samt handtering av alarmar og utrykkingar. Dette gjev ein variert og spanande arbeidskvardag med stort ansvar og høve til å nytta brei sjukepleiefagleg kompetanse. Arbeidsoppgåver • Yta heilskapleg pleie og omsorg til pasientar • Stell og tilsyn av pasientar både i institusjon og i heimesjukepleia • Utføra faste tilsyn hjå heimebuande brukarar • Delta ved utrykkingar og handtera alarmar, inkludert tryggleiksalarmar • Legemiddelhandtering • Dokumentasjon og oppfølging av tenestene • Arbeida i tråd med gjeldande lovverk, rutinar og kvalitetskrav • Samarbeid med pasientar, pårørande og kollegaer • Rettleiing av studentar og elevar Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Vi ønskjer ein medarbeidar som: • Er fleksibel og løysingsorientert • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Kan arbeida sjølvstendig og strukturert • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø Personlege eigenskapar og relevant erfaring vil bli vektlagde ved tilsetjing. Vi tilbyr • Eit godt fag- og arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer • Godt tverrfagleg samarbeid og fokus på fagleg utvikling • Tilsetjing etter gjeldande tariffavtalar og regelverk • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP • Moglegheit for dekning av flytteutgifter etter nærare reglar • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage • Ingen eigedomsskatt på hus, hytter og næring per i dag Ekstra fordel for deg som bur i Kvinnherad Bur du i Kvinnherad og er i arbeid, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år gjennom den statlege ordninga for sletting av studielån. Meir informasjon Meir informasjon om den flotte regionen vår finn du her: Sunnhordlandslivet Politiattest Det er krav om gyldig politiattest før tiltreding i stillinga, i samsvar med gjeldande lovverk. Rosendalstunet – omsorg med kvalitet, faglegheit og varme. Link til søknadsskjema: Søk her
Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) søkjer engasjert helsepersonell til helgestillingar – dag og kveld. Her får du moglegheita til å bidra til utviklinga av framtidas eldreomsorg, saman med dyktige kollegaer i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø. Vi har fleire ledige faste helgestillingar med oppstart frå snarast. Stillingane er i turnus med varierande stillingsstorleik (13 - 20%). Arbeidsstad Fast helgestilling ved dei ulike avdelingane våre på FBBS: • Miljøavdeling for personar med demens • Buavdeling somatisk • Korttids- og rehabiliteringsavdeling Ønskjer du å bli ein del av vårt arbeidsmiljø og bli vår nye kollega er du hjarteleg velkommen som søkjar. Dersom du har spesielle ønskjer for avdeling, er det viktig at du set dei opp i prioritert rekkefølgje i søknaden. Helgestilling består av arbeid 2. kvar eller 3. kvar helg. Skriv gjerne i søknad kva du ønskjer. Arbeidsoppgåver • Pleie og omsorgsoppgåver • Aktivisering og praktisk hjelp til pasientar og bebuarar i institusjon • Bistå ved måltid / kjøkkenarbeid Kvalifikasjonar • Du har helsefagleg utdanning, eller er under utdanning • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet • Du har interesse for å jobbe med menneske og vurderer kanskje helsefagleg utdanning • Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne • Søkjarar over 18 år vil bli prioritert, men alle vil bli vurdert Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. Personlege eigenskapar • Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk • Du er fleksibel, samarbeidsvillig, har gode kommunikasjonsevner og godt humør • Du kan jobba både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi tilbyr • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø • Spennande og engasjert fagmiljø • God opplæring og rettleiing i aktuell avdeling • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring • Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen. Studentar med relevant utdanning er omfatta av eiga avlønning • Studentar som blir tilsett i minimum 13 % fast stilling under dokumentert utdanning til sjukepleiar eller vernepleiar, kan etter lokal ordning få tilbod om årleg stipend på kr. 15.000/20.000. Stipend blir utbetalt i juli månad, ved fast tilsetting innan 1.desember året før • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Søknadane blir handsama fortløpande. Kun aktuelle kandidatar blir kontakta og kalla inn til intervju. Vi oppmodar deg derfor om å senda inn søknaden din snarast. Vi ser fram mot å høyre frå deg! Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her
Er du vår nye leiar? Me treng ein framtidsretta leiar for dagaktivitetstilbodet i helse og omsorg. Kommunen satsar på dagaktivitet og vil samla ansvaret for dette under same leiar. Leiaren får ansvar for å drifta og utvikla alle dagsentera i kommunen. Dagaktivitetstilbodet har ei nøkkelrolle for at eldre kan bu heima lengst mogleg og for å førebyggja einsemd og passivitet. Avdeling for personar med utviklingshemming held til på Nordtunet ved Øysteseheimen. Her gjev ein dagaktivitetstilbod til personar som ikkje kan nyttiggjera seg av tilrettelagte arbeidsplassar. Aldersgruppa på Nordtunet er frå omlag frå 20- 70 år. Det er dagaktivitetstilbod for eldre i Ålvik, Øystese og Strandebarm. Arbeidsoppgåver: Leiaren må vera tydeleg i sine prioriteringar for åra framover, og det vil verta stilt krav og forventningar til mål og resultat for tenesta. Som leiar skal du sørgja for gode tenester til eldre heimebuande, personar med demens og personar med utviklingshemming. I tillegg vil ein ha rolla som leiar for hukommelsesteamet i heradet. Hukommelseteamet opplever ein auke i tal henvisningar og skal bistå med kartlegging og vurdering iht. mistanke om demens eller annan kognitiv svikt. Andre oppgåver: • Ansvar for å organisera pårørandeskule annakvart år. • Ha god kjennskap til målretta miljøarbeid og korleis ein kan skapa meiningsfulle dagaktivitetar for brukargruppene. Praktisk arbeid i avdelinga må påbereknast ved fråvær eller ved behov. • Tett samarbeid med heimetenesta og andre samarbeidspartar. • God dialog med pårørande er sentralt for å skapa ein best mogleg kvardag for brukar. • Fag- personal og økonomiansvar for tenesta • Omstilling og endringsarbeid i tråd med heradet sine mål og strategiar (tenesteutvikling) • Samarbeid med pårørande/ansvarsgrupper Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som vernepleiar (eventuelt sjukepleiar med relevant erfaring og kompetanse.) • Relevant utdanning og/eller erfaring innan opplæring og undervisning er ein fordel • Leiarutdanning (t.d. nasjonal helseledarutdanning) eller vilje til å gjennomføra leiarutdanning • Gode norskkunnskapar både skrifteleg og munnleg Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden. Personlege eigenskapar Vår nye leiar må vera trygg i faget sitt, og ha god kunnskap om brukargruppene. Me ynskjer at du: • Har evne til å motivera, rettleia og engasjera • Ser ressursane hjå den enkelte brukar, og legg til rette for å oppretthalda desse så lenge det er mogeleg • Er samlande, tydeleg og trygg • Har gode og kommunikasjons - og samarbeidsevner • Jobbar strukturert og tar ansvar for tildelte oppgåver • Er fleksibel, lojal og løysingsorientert • Bidreg til å skapa eit godt og lærerikt arbeidsmiljø og ein positiv kultur • Jobbar godt både sjølvstendig og i nært samarbeid med andre Me tilbyr • Ei spennande og lærerik teneste med varierte arbeidsoppgåver og dyktige kollegaer • Tverrfagleg samarbeid • Stillinga er på dagtid 37,5 t/v, for tida er kontorstaden ved Øysteseheimen • Løn etter avtale • Gode pensjons-/og forsikringsordningar Generell informasjon • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. KontaktinformasjonKjersti Soldal, Leiar for tenester til menneske med utviklingshemming, natt- tenesta og dagaktivitetstilbod, 948 86 215 ArbeidsstadSkårdalsvegen 20 5610 Øystese Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5078390726 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026