
Lunge post Hgsd, Helse Fonna HF · Haugesund
Vil du vere med på å gi pasientar med komplekse lungelidingar den beste behandlinga? Då er Lungeseksjonen staden for deg! Vi er ein del av Hjarte- og lungeavd...
Vil du vere med på å gi pasientar med komplekse lungelidingar den beste behandlinga? Då er Lungeseksjonen staden for deg!
Vi er ein del av Hjarte- og lungeavdelinga og har ein sengepost med 13 senger og ein poliklinikk med høg aktivitet. Her møtar du pasientar med blant anna KOLS, lungefibrose og astma, og du jobbar tett i tverrfaglege team.
Vi har no ledig ein fast stilling som sjukepleiar i 3-delt turnus. Hos oss får du god opplæring, fagleg støtte og øvingar som styrkjer kompetansen din. Vi samarbeider også med medisinsk intermediær overvaking (MIO) for pasientar som treng tett oppfølging.
Kva går jobben ut på?
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Kvifor skal du velje oss?
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
KontaktinformasjonRanveig Neset Enerstvedt, Funksjonsleder , 98879205, ranveig.neset.enerstvedt@helse-fonna.no
ArbeidsstadKarmsundgata 120
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5154507989
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.08.2026
Vil du jobbe på avgiftningsposten der du får kome tett på pasienten? På avgiftningsposten – Avdeling for rus og avhengigheit (ARA) – møter du vaksne pasientar som har korte innleggingar med medisinsk og medikamentell oppfølging, i tillegg til miljøterapeutiske og sosiale tiltak. Vi har lokale i Haugesund og er ein del av klinikk for psykisk helsevern og rus. Vi ser etter deg som skaper tryggleik og tillit, samarbeider godt og er ein lojal og trygg kollega – med rausheit, godt humør og tydeleg kommunikasjon. Du jobbar godt saman med andre, men står òg stødig åleine når det krevst, og du er opptatt av ryddig og god dokumentasjon. Hos oss blir du del av eit arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre og trivst på arbeidsplassen vår. Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med funksjonsleiar Kathrin Bjånes på på e-post eller telefon frå 03.08.2026. 👉 Du er velkomen til å søkje. Turnus dag/kveld med arbeid kvar 3. helg. Kva går jobben ut på? Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere: • Miljøterapeutisk arbeid i det daglege. • Vere ein tydeleg, trygg og engasjert lagspelar i arbeidet med pasientgruppa. • Gå i ansvarsvakt og bidra til god flyt, prioritering og samarbeid i vakta. • Sikre trygg og forsvarleg medikamenthandtering i tråd med gjeldande rutinar. • Samarbeid med interne fagmiljø og eksterne instansar. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Norsk autorisasjon som sjukepleiar. • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Det er ein fordel med: • Vidareutdanning innan fagområdet og/eller erfaring frå rusbehandling. • Relevant kunnskap om farmakologien til ulike rusmiddel. • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid. Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som er oppriktig engasjert i pasientgruppa, og som byggjer tillit gjennom godt samarbeid. Du er ein lojal og trygg kollega som skaper gode relasjonar, kommuniserer klart og møter både pasientar og kollegaer med rausheit og godt humør. Du trivst i team, jobbar òg sjølvstendig når det trengst, og står stødig i krevjande situasjonar – med ryddig journalarbeid og god informasjonsflyt. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du: • Eit arbeidsmiljø der vi trivst, støttar kvarandre og har det godt saman. • Høg fagleg kompetanse og engasjerte kollegaer. • Moglegheit for både fagleg og personleg utvikling. • Ein arbeidsplass som legg vekt på inkludering og mangfald. • God rettleiing og opplæring. KontaktinformasjonKathrin Bjånes, Funksjonsleiar, +47 41863835, kathrin.bjanes@helse-fonna.no ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5152028704 Stillingsprosent: 75% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026
Har du interesse for hjartepasientar, avansert overvaking og akuttmedisin? Vi har ledig ein 100 % fast stilling som sjukepleiar i 3-delt turnus, med oppstart 1.9 eller etter avtale. Hjarteposten og MIO er ein del av Hjarte- og lungeseksjonen og består av ein kardiologisk sengepost og ei medisinsk intermediær overvaking (MIO). Per i dag er det 9 senger på Hjarteposten og 6 senger på MIO. Hos oss møter du eit spennande pasientgrunnlag med behov for både basal og avansert behandling. Vi behandlar pasientar med hjartesjukdommar som akutt/trugande hjarteinfarkt, arytmiproblematikk, dei som har behov for pacemaker, har hjartesvikt og andre hjartelidingar. Vi tek oss av pasientar som treng overvaking, pasientar med sepsis, ketoacidose, forgifting, hjerneinfarkt, arytmi, elektrolyttforstyrringar og respirasjonsproblem som krev non-invasiv respirasjonsstøtte. MIO bemannar også sjukehuset sin scop-/telemetrisentral, og scopvakta er ein del av hjartestans-teamet. Her får du jobbe i team - ulike yrkesgrupper samarbeider tett for å gi best mogleg kvalitet i pasientbehandlinga. Kvalitet og læring står sentralt. VI har eigne fasilitatorar som sikrar årlege AHLR-simuleringar, i tillegg til vekentlege simuleringar knytt til NEWS og akutte situasjonar. Hjartepoliklinikken vår har høg aktivitet - om lag 8000 årlege konsultasjonar. Her arbeider dedikerte sjukepleiarar, fleire spesialiserte innan fagområde som hjartesvikt, arytmi og pacemaker. ✨ Bli med på laget vårt – søk no! Avdelinga er i spennande utvikling – vi skal flytte inn i nyoppussa lokale og byggje opp eit sterkt og samkøyrt tilbod saman. No ser vi etter ein sjukepleiar som vil vere med å skape ein trygg, fagleg sterk og varm Hjartepost/MIO for pasientane våre. Kva går jobben ut på? • Utgreiing, behandling, overvaking og pleie av pasientar • Iverksetjing av sjukepleietiltak • Medikamenthandtering • Bruk av medisinsk teknisk utstyr • Samarbeid med kommunar • Oppfølging av pårørande • Veiledning av studentar og kollegaer • Tverrfagleg samarbeid Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Norsk autorisasjon som sjukepleiar. • Relevant sjukehuserfaring er ein fordel. • Kjennskap til hjartepasientar og akutt kritisk sjuke. • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som: • trivs med å arbeide med mennesker • er fagleg engasjert og interessert i faget • bidrar til gode og trygge pasientforløp • har evne til å motivere og engasjere • kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer • held deg roleg og objektiv i stressande eller krevande situasjoner • tek ansvar for eigne oppgåver • kan arbeide sjølvstendig og i team • ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø Personlege eigenskapar blir vektlagt Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du: • Eit tilpassa opplæringsprogram - slik at du skal føle deg trygg og ivaretatt. • Ein 12-månaders kalenderplan - gir deg involvering og god forutsigbarheit. • God fagkompetanse - vi støttar relevante vidareutdanningar, innan kardiologi, intensiv og palliasjon. • Fordypningsdagar, fagdagar og simuleringstreninger - kvart år. • Kombinasjonsstillingar mellom Hjertepost, MIO og poliklinikk - for dei som ynsker det. • Bli ein del av eit aktivt og positivt arbeidsmiljø - med flinke og gode kollegaer. • Ein spennande, meiningsfull og utfordrande jobb. Dersom ønske om fortrinnsrett må dette oppførast i søknaden KontaktinformasjonAnna Flotve, Funksjonsleiar, 47645400, anna.flotve@helse-fonna.no ArbeidsstadKarmsundgaten 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5157243877 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026
Vil du vere med og redde liv – kvar dag? AMK-sentralen (Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral) søkjer ein engasjert og fagleg sterk medisinsk operatør. Hos oss får du ei sentral rolle i den akuttmedisinske kjeda, der du handterer naudtelefonar, koordinerer ambulanseoppdrag og samarbeider tett med andre naudetatar for å sikre rask og rett hjelp til pasientane våre. Dette er ei stilling for deg som klarer å halde roen når det hastar. Du kommuniserer tydeleg, stiller gode spørsmål og trivst med å jobbe tett saman med andre når presisjon og raske vurderingar betyr mykje. Du møter menneske i akutte og sårbare situasjonar, og er ofte den første trygge stemma dei høyrer når det verkeleg gjeld. 👉 Høyrest dette ut som ei rolle for deg? Då håpar vi du sender oss ein søknad. Kva går jobben ut på? • Svara på naudtelefonar 113. • Koordinera ambulansedrifta for AMK Haugesund og akutte helseressursar. • Samhandla med andre naudetatar og samarbeidspartnarar. • Registrera, dokumentera og oppdatera hendingar. • Varsla ved beredskap. • Delta i øvingar og fagleg utvikling. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha: • norsk autorisasjon som sjukepleiar, paramedisinar eller ambulansearbeidar • gode IT-kunnskapar • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Det er ein fordel om du har erfaring frå AMK eller anna akuttmedisinsk arbeid. Kva ser vi etter hos deg? Det viktig at du: • kommuniserer tydeleg og roleg, også når situasjonen hastar • trivst med å samarbeide tett med kollegaer og andre naudetatar • held oversikt og gjer gode vurderingar i ein arbeidskvardag med høgt tempo • møter menneske med respekt, tryggleik og profesjonalitet • tek ansvar, ser kva som må gjerast og ber om hjelp når det trengst • jobbar strukturert og nøyaktig, både sjølvstendig og i team Personlege eigenskapar blir vektlagde. Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du: • Godt fagleg miljø med fokus på teamarbeid og utvikling. • Jamlege moglegheiter for fagleg påfyll. • Triveleg og godt arbeidsmiljø. • Gode pensjons- og forsikringsordningar. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonTorbjørn Nornes, Funksjonsleiar, +47 91612094, torbjorn.nornes@helse-fonna.no ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 Haugesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5148212176 Stillingsprosent: 60% Vikariat Startdato: 07.09.2026 Sluttdato: 30.09.2027 Søknadsfrist: 17.08.2026