Etaten Samfunnsutvikling og drift har ansvar for drift, vedlikehald og vidareutvikling av kommunen sine vass- og avlaupstenester. Fitjar kommune står framfor store investeringar og ei omfattande fornying av VA-infrastrukturen, mellom anna bygging av nytt høgdebasseng, etablering av reservevassløysing og utskifting av leidningsnett. No søkjer me ein engasjert og allsidig sakshandsamar som vil vera med på å utvikla og forvalta ei av dei viktigaste tenestene i kommunen.
Stillinga høyrer til VA-avdelinga, som består av tre årsverk i tillegg til einingsleiar.
VA-avdelinga er lita, og som tilsett må du rekna med å bidra til praktiske driftsoppgåver ved behov. Den som vert tilset, må gjennomføra grunnutdanning for driftsoperatørar innan vatn og avlaup, og vil få god kjennskap til den praktiske drifta av anlegga.
Stillinga inngår i kommunen si tekniske vaktordning. Vaktordninga er felles for driftsavdelinga og VA-avdelinga, og inneber roterande vekesvakt, inkludert helger, knytt til kommunale bygg og vassverk.
Erfaring med drift av VA-nett er ein føremon.
Dersom søkjaren ynskjer å verta unnateken frå den offentlege søkjarlista, må dette spesifiserast og grunngjevast i søknaden. Opplysningar om søkjaren kan verta gjorde offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje verta ført opp på søkjarlista. Deling av søkjarlista med medsøkjarar er ikkje å rekna som offentleggjering. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
For nærare informasjon om stillinga, ta kontakt med einingsleiar tekniske tenester Magne Træet, tlf 918 19 487.
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Fitjar