No søker vi studentar til sommarjobb i vår byggverksemd frå juni-august 2027. Vi ser etter deg som studerar relevante ingeniørfag.
Veidekke Bygg Sogn og Fjordane er ein del av Norge sitt største entreprenørselskap og har ei sterk lokal forankring med spennande
bygg- og anleggsprosjekt i regionen. Hos oss får du bli kjent med ei verksemd som kombinerer solid fagkompetanse, lokalkunnskap og
høgt aktivitetsnivå – med prosjekt både i drift og på trappene.
Ein sommarjobb hos oss vil gjere deg godt kjent med våre prosjekt. Her får du kjennskap til mange av våre fag og folk, og du får
eit godt innblikk i vår modell for prosjektgjennomføring.
Arbeidsoppgåver du kan få
Variasjon er nøkkelordet for ein sommarjobb hos oss. Alle prosjekt er ulike. Vi kan ikkje love deg alt, men du vil få bryne deg på
ulike fag og oppgåver innan område som driftsoppfølging, HMS og kvalitetssikring. Som sommarstudent skal du bidra med konkret
arbeid. Vi ynskjer at sommarjobbstudentane skal bli kjent med vår produksjon og få vere med våre fagarbeidarar på ein eller fleire
produksjonsoppgåver. Du vil og kunne få oppgåver og tilpassa ansvar for oppfølging av underentreprenørar, prosjektering og
kalkulasjon for å nevne nokre.
I Veidekke jobbar vi med prosjekt og kontrakt heilt frå planleggingsstadiet til ferdigstilling. Det gir deg eit innblikk i og
erfaring med svært mange fag og ein kompleksitet som du kun finn hos entreprenørselskapa. I Veidekke er vi spesialistar på heile
leveransen til ein kunde, og vi elskar fag, kompleksitet og samspel mellom menneske på alle nivå. Så det er fint om du tenker at
det høyres spennande ut!
Dette ser vi etter hos deg
Vi ser etter deg som tek initiativ, likar utfordringar, menneske og teamarbeid. Du er interessert i kva ein entreprenør gjer og
har lyst til å bli betre kjent med oss i Veidekke.
Du må like å prøve nye ting, for vi kjem til å gje deg varierte oppgåver - om nokre er enkle, vil andre vere meir utfordrande. Om
du veit at løysingar blir endå betre når du løyser dei saman med andre, då trur vi du vil trivast i vår gjeng sommaren 2027.
Vi likar å ha det kjekt på jobb i Veidekke. Vi meiner det er samanheng mellom trivsel og kvalitet i arbeidet vi utfører, og ein
trygg og sikker arbeidsplass. Vi har sjølvsagt bransjen sine dyktigaste og trivelegaste folk hos oss. Det er difor viktig at du
kan utfordre deg sjølv og er komfortabel med å bli ein del av ein slik gjeng i løpet av nokre hektiske sommermånader.
Vi gir deg
Ein sommarjobb hos oss vil gje deg praktisk erfaring som du kan ta med deg vidare i studiane. Både du og vi skal få utbytte av
jobben du gjer. Og det er ikkje hemmeleg at vi bruker sommarjobbane til å vurdere eigna studenter til Veidekke sitt program for
nyutdanna på eit seinare tidspunkt. Ein sommarjobb er difor både ein lærerik erfaring og ein inngangsport til jobb hos oss
seinare. Lønn vert fastsett etter satsar for utdanningsløp og kor langt du er komt i studiane.
Praktisk info til deg som søker
Ein sommarjobb kan du ha frå juni og ut august. Oppstart og varigheit kan variere og vert avtalt nærare på intervju. Difor er det
fint om du har klart for deg kor lenge du kan jobbe og når du kan starte. Vi har avdelingskontor på Sandane, i Førde, Sogndal og
Volda, og vi tilbyr sommarjobb ved alle avdelingane. Hugs å skrive i søknaden kor du vil jobbe.
Hugs å fortelle kort om din motivasjon for jobben i søknaden din. Under intervjuet vil du få meir informasjon om konkrete
prosjekt. I vår byggeverksemd jobbar du som regel vanleg arbeidsveke (5 dagar i veka) og bur normalt heime.
Søknadsfrist: 31. desember 2026. Vi har fortløpande opptak, så eit godt tips er å vere tidleg ute med å søke. Hugs å legge ved
CV-en din og dine foreløpige karakterar.
Om arbeidsgivaren
Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeheld vegar
og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteikner verksemda. Omsetninga er om lag 43 milliardar
kroner, og nær halvparten av dei 7 800 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs og har sidan starten
i 1936 alltid gått med overskot.
Veidekke Bygg driv landsdekkande byggeverksemd for private og offentlege kundar. Verksemda bygger bolig, yrkesbygg, skular og
andre offentlege bygg. Årleg omsetning er NOK 15,3 milliardar (2025), og verksemda har ca 2 800 tilsette, der 1 550 er
fagarbeidarar og 1 250 funksjonærar.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Førde