
Bjørnafjorden kommune Baldersheim barneskule · Bjørnafjorden
100 % vikariat frå 01.08.2026–31.07.2027 Drøymer du om ein lærarjobb der du verkeleg får tid til å sjå den enkelte eleven? Baldersheim barneskule ligg vakker...
Drøymer du om ein lærarjobb der du verkeleg får tid til å sjå den enkelte eleven?
Baldersheim barneskule ligg vakkert til ved Bjørnafjorden, omgitt av natur og eit engasjert lokalmiljø. Skulen er liten, med om lag 16 elevar fordelte på to grupper. Dette gir gode moglegheiter for tett oppfølging, sterke relasjonar og tilpassa opplæring. Hos oss får du vere ein viktig vaksen i elevane sin kvardag og bidra til både fagleg og sosial utvikling i eit trygt og inkluderande læringsmiljø.
Vi har felles lokasjon med barnehagen og arbeider saman for å skape eit trygt og inkluderande oppvekstmiljø.
Les meir om skulen her: https://baldersheim.barneskule.no/
Kvifor velje Bjørnafjorden kommune?
Vi satsar på trygge og gode skulemiljø som legg til rette for læring, trivsel og meistring. Lesing og språk står sentralt i utviklingsarbeidet vårt. Nyutdanna lærarar får støtte gjennom mentorordning og faglege nettverk.
Arbeidsoppgåver
- Kontaktlæraransvar
Kvalifikasjonar
- Godkjend lærarutdanning frå høgskule eller universitet
For søkjarar med utdanning frå utlandet må utdanninga vere godkjend av HK-dir.
Tilsetting føreset tilfredsstillande politiattest i samsvar med gjeldande regelverk.
Kven ser vi etter?
Det er ønskjeleg med kompetanse i norsk, engelsk, naturfag og/eller teikn-til-tale.
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Vi tilbyr
- Ein liten skule med korte avstandar og tett samarbeid
For undervisningsstillingar kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens pensjonskasse på www.spk.no.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald. Alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skape eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen blir det utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalde namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjorde i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BankID-informasjon i søknadsprosessen.
Kontaktperson
Kari Anne Bergesen, rektor
Mobil: 480 93 721
E-post: kab@bjornafjorden.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
Os barneskule har ledig eit vikariat i 100 % eller meir som timelærar frå 01.08.2026-31.07.2027 Arbeidsstad Os barneskule ligg i sentrum av Os. Skuleåret 2026 - 2027 har vi 222 elevar og 34 tilsette. Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Ros og oppmuntring er vi rause med. Saman med foreldra lagar vi gode rammer rundt borna. Visjonen vår er "Livsglede og lærelyst". Les gjerne meir om skulen på nettsida: http://www.osbarn.gs.hl.no Satsingsområda våre er grunnleggjande ferdigheiter i lesing og skriving, i tillegg til godt læringsmiljø og livsmeistring for alle. Arbeidsoppgåver Undervisningsstilling fortrinnsvis på mellomtrinnet. Kvalifikasjonar Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utdanning frå utlandet skal vera godkjent av HK-dir. Ønska kvalifikasjonar Skulen ønskjer fortrinnsvis lærarar med grunnskulelærarutdanning for 1.-7. trinn. Det er særleg ønskjeleg med kompetanse i matematikk, kroppsøving og spesialpedagogikk. I tillegg vil det vera ønskjeleg med gode digitale ferdigheiter. Det er viktig å ha god kjennskap til LK-20 og planleggja for tverrfaglegheit og djupnelæring. Skulen treng pedagogar som er tydelege, robuste og engasjerte klasseleiarar. Ein må vera fleksibel og ha gode samarbeidsevner. Vi ønskjer oss ein raus kollega med god relasjonskompetanse, samt ein som har positive haldningar, bidreg til å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø og har stor arbeidskapasitet. Søkjarane vil verta vurderte i høve personlege eigenskapar og kva skulen treng. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Ein føresetnad for tilsetjing er godkjent politiattest i høve opplæringslova. Vi tilbyr Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale. Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn. Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla. Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen. Kontaktperson Laila Aarbakke, rektor, tlf.: 476 70 291, laaa@bjornafjorden.kommune.no Stian Lunde, avdelingsleiar, tlf.: 930 38 850, stl@bjornafjorden.kommune.no Link til søknadsskjema: Søk her
Vi søker deg som vil vera med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skapa trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda i kommunen er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk. Arbeidsstad: Moderne og flotte Fusa ungdomsskule stod ferdig hausten 2019 og ligg fint til mellom fjord og fjell, sentralt i Eikelandsosen. Skulen har eit flott uteområde som bidreg til aktivitet og moglegheiter for praktisk undervisning. Like ved finn ein idrettsanlegg og fleirbrukshall. Skuleåret 2026 - 2027 er det om lag 155 kjekke elevar, og eit engasjert og stabilt personale med sterkt fokus på å skape eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø for alle elevar. Utviklingsområda våre dreier seg om trygt og god skulemiljø, undervegsvurdering og lesing. Arbeidsoppgåver: - Kontaktlærarfunksjon - Individuelt tilrettelagt opplæring - Ordinær undervisning i klasse eller i gruppe - Samarbeid med foreldre, PPT, BUP og med fleire Skulen har behov for kompetanse innan: individuelt tilrettelagt opplæring, norsk, samfunnsfag, KRLE og kroppsøving. Søkjarar med undervisningskompetanse i andre fag vil likevel bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Tilsette må kunne fungere som kontaktlærar. Vi ser etter medarbeidarar som: - er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell - er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid - er framtidsretta innan digital undervisning - er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar - har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer Kvalifikasjonar: - Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere godkjent frå HR-dir. - God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune. I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga. Vi tilbyr: - Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø - Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring - Løn etter gjeldande avtalar - Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen - For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse. Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med nann, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette. Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her
Konfliktrådet er ein trygg møteplass for menneske som står på kvar si side av eit lovbrot, ei uønskt hending eller ein konflikt. Konfliktrådet forvaltar straffereaksjonane ungdomsstraff, ungdomsoppfølging og oppfølging i konfliktråd, og har eit særleg ansvar for unge i konflikt med lova. Konfliktrådet er ein del av strafferettspleia og er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet. Sekretariatet for konfliktråda har det faglege og administrative ansvaret for dei 12 konfliktråda i landet. For meir informasjon om konfliktråda og tenestene våre, sjå www.konfliktraadet.no. Konfliktrådet Sør-Vest har 12 stillingsheimlar, 37 oppnemnde konfliktrådsmeklarar og har kontorstader i Haugesund og Stavanger. Kontoret har ungdomskoordinatorar med hovudansvar for straffegjennomføring i ungdomssaker og rådgivarar med hovudansvar for meklingssaker. Vi er eit felles kollegium som samarbeider, avlastar kvarandre og delar erfaringar og fagkunnskap. Ungdomskoordinator med rådgivaroppgåver ved Konfliktrådet i Sør-Vest, kontorstad Stavanger Om stillinga: Kvalitet, nytenking og tru på mennesket – kjenner du deg igjen i verdiane våre? Vil du vere ein del av eit viktig samfunnsoppdrag som har stor betydning for livet til enkeltmenneske? Konfliktrådet med kontorstad Stavanger søkjer no etter ein ungdomskoordinator med rådgivaroppgåver. Her får du høve til å vere med og utgjere ein forskjell for menneske i konflikt og skape positiv endring for ungdom som har begått kriminalitet. Stillinga som ungdomskoordinator er ei lovregulert rolle med ansvar for gjennomføring av dei strafferettslege reaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging, se konfliktrådsloven kap. IV. Som ungdomskoordinator skal du setje saman og leie eit oppfølgingsteam rundt ungdommen og utarbeide ein ungdomsplan med tiltak som ungdommen forpliktar seg til å følgje. Dette arbeidet skjer i tett samarbeid med ungdommen, ungdommen sin verje, privat nettverk og offentlege instansar som politi, barnevern, skule, kriminalomsorg og helsetenester. Du må meistre og trivast med å arbeide i skjeringspunktet mellom straff og hjelp. Som ungdomskoordinator har du vidare ansvar for å leie lokale koordineringsgrupper som bistår påtalemakta i vurderinga av om ungdomsreaksjon er eigna for den enkelte ungdommen. Gjenopprettande prosess er eit viktig element i straffereaksjonane, og du skal bidra til at det vert arbeidd gjenopprettande gjennom heile straffegjennomføringa. Du vil som ungdomskoordinator med rådgivaroppgåver bidra til konfliktrådet sine øvrige oppgåver gjennom saksbehandling av meklingssaker, fagleg oppfølging av meklarar og rettleiing i bruk av gjenopprettande prosess. Stillinga inneber også å svare på brukarhenvendingar, drive utadretta verksemd, bidra til fagutvikling og delta i planlegging og gjennomføring av arrangement. Kvalifikasjonar: Du må ha: • fullført utdanning på bachelornivå • minimum to års relevant arbeidserfaring med brukargruppa, enten det er erfaring frå arbeid med ungdom på institusjon, sosialt arbeid, kriminalitetsførebygging eller straffegjennomføring • kompetanse og erfaring med å bidra til positiv utvikling hos ungdom i utfordrande og samansette livssituasjonar • førarkort Det er ein fordel om du i tillegg har erfaring med: • å formidle informasjon og holde presentasjoner • å lede team • arbeid i offentleg forvaltning, særleg saksbehandling og brukerkontakt • rettleiing, tverrfagleg samarbeid og relasjonsbygging med eksterne aktørar er ein fordel Personlege eigenskapar • Vi ser etter ein kollega som samarbeider godt med andre, deler kunnskap og erfaringar, og støttar andre for å nå felles mål. Du har evne til å motivere for endring. Du tek ansvar, kan handle på eige initiativ, er etterretteleg, og får ting til å skje. Dette krev evne og vilje til å veksle mellom mange ulike oppgåver i kvardagen. • Du har evne til å setje deg inn i og forstå både dei formelle og uformelle strukturane i organisasjonen, og samarbeider godt på tvers av alle nivå. • Du ønskjer å utvikle deg og deler kunnskapen din med kollegaene dine. Er du i tillegg god til å planleggje og prioritere og får jobben gjort, vil vi gjerne ha deg med på laget. Personleg eignaheit vil bli særleg vektlagd. Stillinga krev at det vert lagt fram utvida politiattest. Vi tilbyr: • Betydelig innsikt i regionen og ei brei kontaktflate • Moglegheit til å gjere ein forskjell og utføre eit arbeid som har stor betydning for samfunnet – vi bidreg til å skape positiv endring • Løn som rådgivar i stillingskode 1434, i lønsspennet kr 620 000 – 700 000, avhengig av kvalifikasjonar • Medlemskap i Statens pensjonskasse • Fleksibel arbeidstidsordning • Høve til trening i arbeidstida Generelt: Kontorstad er Stavanger, men stillinga inneber oppgåver i heile Konfliktrådet i Sør-Vest sitt ansvarsområde. Du må rekne med noko reiseverksemd, og det er ein fordel om du disponerer eigen bil. Arbeid utanfor ordinær kontortid vil kunne førekome, då enkelte møte vert gjennomførte på ettermiddag og kveld. Tilsette i staten skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Søkarar med nedsett funksjonsevne, overtalsattest i staten eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga, vert oppmoda til å søkje. Alle søkjarar må laste opp relevante vitnemål og attestar i portalen. Vurderinga av søknaden blir basert på den informasjonen som ligg føre ved søknadsfristen sitt utløp. Det er derfor viktig at du tydeleg viser korleis kompetansen din oppfyller krava som er sette. Søkjarar blir bedne om å merke seg at førstegongsintervju (gruppeintervju) blir gjennomført 20. august. Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte konfliktrådsleiar Kirsten Borsheim på telefon 915 66 509. Søknadsfrist: 9. august 2026.