UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Økonomiavdelinga ved UiB har ansvar for god ressursforvaltning, økonomiske retningslinjer og administrative system. Avdelinga har om lag 85 medarbeidarar og arbeider med budsjett, rekneskap, lønn, innkjøp og prosjektøkonomi.
UiB satsar på å auke eksternfinansierte prosjekt (ca. 1,3 mrd. kr). Som prosjektøkonom blir du ein del av Seksjon for prosjektøkonomi, ein seksjon med 11 høgt kompetente medarbeidarar. Stillinga er i hovudsak operativt prosjektøkonomiarbeid, men du vil i tillegg ha ei sentral rolle i utviklinga av prosjektøkonomifunksjonen på UiB. I dette inneber å leggje til rette for fagleg samordning på tvers av einingar, bidra til kvalitet, samt digitalisering og forbetring av arbeidsprosessar.
Du vil samarbeide tett med forskarar og administrasjon, og følgje forskingsprosjekt frå søknad til avslutning. Rolla gir innsikt i forsking på høgt nivå, både nasjonalt og internasjonalt.
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Personlege eigenskapar vil bli tillagte stor vekt. Vi søkjer ein medarbeidar som arbeider strukturert og sjølvstendig, har god gjennomføringsevne og trivst med å samarbeide med ulike fagmiljø.
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Hos UiB får du gode moglegheiter til fagleg og personleg utvikling. Vi tilbyr:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan innhentast ved å kontakte seksjonsleiar Kari Eidsheim på telefon 41 50 64 22 eller via e-post: kari.eidsheim@uib.no . For HR-relevante spørsmål ta kontakt med seniorrådgjevar Therese Myhre Odfjell på e-post: therese.odfjell@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Bergen