
NPI - Forsking, kompetanse og internasjonalisering, Vestland fylkeskommune · Bergen
Vil du jobbe med dei som går i front for grøn omstilling i Vestland? Vestland er i omstilling. Næringsliv, offentleg sektor og kunnskapsmiljø samarbeider for å...
Vil du jobbe med dei som går i front for grøn omstilling i Vestland?
Vestland er i omstilling. Næringsliv, offentleg sektor og kunnskapsmiljø samarbeider for å gjere regionen grønare, og dette arbeidet gir resultat. Grøn region Vestland er ei samordna satsing kring verdiskaparane som går i front for grøn omstilling. Vi koplar aktørar og verkemiddel for auka verdiskaping.
Vi byggjer noko som skal vare. Målet er å ha eit sjølvgåande kraftsenter for grøn næringsutvikling, kunnskapsdeling for berekraftig forvalting av ressursane og nettverk for forpliktande klimaarbeid. Det du er med å byggje no, skal framleis vere i drift om ti år - med fleire bedrifter, sterkare partnarskap og historier som inspirerer langt utover Vestland.
Og vi treng nokon som kan fortelje verda om det - er det deg?
Vi søkjer ein engasjert kommunikasjonsrådgjevar som kan løfte fram arbeidet til Grøn region Vestland gjennom tydeleg, truverdig og inspirerande kommunikasjon. Du vil vere ein sentral ressurs i eit prosjekt som betyr noko - for Vestland, for næringslivet og for klimaet. Stillinga er ei 3-årig prosjektstilling i 100 % med arbeidsstad på Vestlandshuset i Bergen.
KontaktinformasjonKathrin Jakobsen, seksjonssjef, 98255253
ArbeidsstadLars Hilles gate 22
5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5145926718
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.08.2026
Om stillinga I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for operativ teneste, er det ledig ei fast stilling som rådgjevar SKO 1434. Stillinga er plassert ved Seksjon for operative tenester. Vest politidistrikt er eit av landets største politidistrikt, med hovudsete i Bergen og ansvar for politi- og beredskapstenester i 38 kommunar i Vestland fylke. Med rundt 1300 tilsette jobbar vi kvar dag for å skape tryggleik, førebyggje kriminalitet og levere operative tenester av høg kvalitet. Distriktet kombinerer eit bredt geografisk ansvar med eit sterkt fagmiljø, moderne beredskapskapasiteter og et tydeleg samfunnsoppdrag. Hos oss blir du del av eit kompetent og engasjert lag som jobber tett på både lokalsamfunn, samarbeidspartnarar og nasjonale aktører. Organisatorisk er stillinga plassert under Felles eining for operative tenester (FOT) , Seksjon for operative tenester (SOT) (Operasjonssentralen (112) og politiets kontaktsenter (02800) Som rådgjevar i SOT blir du ein sentral bidragsytar i å sikre god bemanning, effektiv drift og høg kvalitet i politiet sine operative tenester. Vi søkjer ein strukturert og systemsterk person som trivst med ansvar, handterer komplekse oppgåver og bidreg aktivt i utvikling og oppfølging av arbeidsplanar, ressursbruk og dagleg drift. Hos oss får du jobbe tett på beredskap, leiing og operative miljø – og vere med på å halde Vest politidistrikt klart for samfunnsoppdraget sitt. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi søkjer deg som er samfunnsengasjert og motivert for å utvikle politiet til eit kompetent og effektivt politi. Du er fleksibel og evner å håndtere oppdukkande arbeidsoppgåver knytta til fagområdet og beredskapsansvaret. Du har god IT kompetanse og evner å setje deg inn i og forvalte regelverk. Vi søkjer deg som har høg arbeidskapasitet, er serviceinnstilt og er nytenkjande opp mot vidareutvikling av fagområdet. Du har gjerne en profil innan analyse. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåver • Utarbeide arbeidsplanar (turnuslister) • Oppfølging av overtidsbruk og fråvær • Oppfølging av dagleg drift/bemanningskoordinering i samarbeid med seksjonsleiinga • Sørgje for effektiv ressursutnytting og måloppnåing i tenesteproduksjonen • Andre oppgåver pålagt av overordna Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vere kvalifisert: • Relevant utdanning på minimum bachelornivå kombinert med relevant arbeidserfaring • Relevant arbeidserfaring blir vektlagt og kan i særskilde tilfeller (minimum 10 år) erstatte kravet til utdanning • God munnleg og skriftleg framføring på begge målformer • Svært god IT og systemkompetanse, med evne til å setje seg raskt inn i nye system • Må kunne klarererast for HEMMELEG jf. Sikkerhetslova Det er også ønskjeleg med: • Gode føresetnader for å tileigna seg kunnskap om styringssystemet TTA og Særavtale om arbeidstidsbestemmelsene (ATB avtalen) • Kunnskap om verksemdsregulerande lovar, instruksar og interne rutinar Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju. Personlege eigenskapar • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Evne til å arbeide analytisk, sjølvstendig og systematisk • Evne til å handtere arbeid knytta til kritiske hendingar, herunder handtere tidspress og kompleksitet • Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne • Evne til å tenkje kreativt og bruke naudsynte verktøy for å løyse oppdraga Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her. Dette kan vi tilby om du vel oss • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere ein del av samfunnsoppdraget som politiet forvalter • Stillinga vert lønna som rådgjevar, stillingskode 1434, med årslønn frå kr 710 000,- . Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten. • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no • Gode arbeidsvilkår som til dømes fleksibel arbeidstid og trening i arbeidstida Mangfald i politiet Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her. Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Vil du vere med å utvikle museumsfeltet i Vestland? Vestland fylkeskommune søkjer ein spesialkonsulent/rådgjevar museum som vil vere med å vidareutvikle ein av dei sterkaste museumsregionane i landet. Stillinga ligg i fageining for museum, fartøy- og bygningsvern, ein del av kulturarvseksjonen. Fageininga har lokasjon både i Bergen og Førde. Arbeidsstad for denne stillinga er Bergen. Vestland har ti konsoliderte museum og eit stort mangfald av institusjonar. Fylkeskommunen har ei sentral strategisk utviklarrolle i å leggja til rette for ein regional heilskap på museumsområdet, mellom anna innan fellesmagasin, bevaringstenester, bygningsvernrådgjeving og kunnskaps- og utviklingsarbeid. No søkjer vi ein erfaren, engasjert og samfunnsorientert rådgjevar som vil bidra aktivt i dette arbeidet. Arbeidsoppgåver • Førebu politiske saker og følgje opp vedteken politikk på museumsfeltet • Planleggje og bidra i realisering av Samlingssentrum Vestland, eit fellesmagasin for musea i Hordaland • Bidra til strategisk utvikling og regional samordning av museumsfeltet • Følgje opp musea gjennom årlege museumssamlingar, dialog og nettverksarbeid • Forvalte og følgje opp regionale driftstilskot og kulturfondmidlar • Delta i og bidra til regionale og nasjonale museumsnettverk • Delta i utviklingsprosjekt og andre relevante oppgåver ved behov Noko reiseverksemd må påreknast. Kvalifikasjonar Du må ha: • Relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet, minimum på bachelornivå (spesialkonsulent) • Dokumentert kompetanse og erfaring frå museumsfagleg arbeid • Førarkort personbil klasse B Vi ønskjer at du har: • Erfaring frå prosjekt- og utviklingsarbeid innan museum og kulturarv • Erfaring frå rådgjeving, saksførebuing eller arbeid tett på leiing og politiske organ • Kunnskap om offentleg forvaltning og politiske prosessar Personlege eigenskapar Vi ser etter ein medarbeidar som kjenner seg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig. I tillegg ønskjer vi at du er : • Er nytenkjande og utviklingsorientert • Evnar å sjå heilskap og samanhengar • Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk • Kommuniserer godt og samarbeider effektivt med ulike aktørar • Arbeider strukturert, sjølvstendig og målretta Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt. Vi tilbyr • Eit av Noregs mest sentrale og kompetente fagmiljø innan vern og utvikling av kulturarv • Høve til å påverke utviklinga av museumsfeltet i Vestland • Stillingstittel (rådgjevar/ spesialkonsulent) og løn vert fastsett etter kompetanse og erfaring • Gode forsikrings- og pensjonsordningar • Fleksibel arbeidstid • Eit fagleg sterkt, inkluderande og engasjerande arbeidsmiljø KontaktinformasjonEva Moberg, leiar, 90591452, Eva.Moberg@vlfk.no David Sandved, Seksjonsleiar, 40226543, David.Johannes.Aasen.Sandved@vlfk.no ArbeidsstadLars Hilles gate 22 5008 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5140466034 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.08.2026
Om oss Gulating lagmannsrett er den nest største ankedomstolen i landet. Lagmannsretten blir leia av ein førstelagmann og er organisert i to dommaravdelingar, utgreiareining og administrasjon med sekretariat og fellestenester. Domstolen held til i moderne lokale i Bergen sentrum. Utgreiareininga skal vere ei fagleg sterk, effektiv og dynamisk eining, med stor vekt på eit godt arbeidsmiljø. Eininga har åtte utgreiarar og blir leia av ein lagmann og ein nestleiar. Om stillinga Gulating lagmannsrett har ledig ei fast stilling som juridisk utgreiar med tiltreding 1. oktober 2026. Frå same dato kan det òg bli ledig eit vikariat fram til 1. september 2027. Opplys i søknaden dersom du ønskjer å bli vurdert for begge stillingane. Arbeids- og ansvarsområde Den viktigaste oppgåva for utgreiarane er å skrive utkast til rettslege avgjerder i sivile saker for dommarane i lagmannsretten sitt ankeutval. Utgreiarane førebur, og skriv fullstendige utkast til avgjerd i saker frå ulike sivile rettsområde, og arbeider både med prosessuelle og materielle spørsmål. Arbeidet er variert og spennande, og gir god innsikt i prosessretten og i ei rekkje andre juridiske fagfelt. Kvalifikasjonar Stillinga krev særs gode juridiske kvalifikasjonar. Søkjarar må ha embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap med gode resultat. Arbeidet er i stor grad sjølvstendig og stiller krav til ei strukturert arbeidsform. Du må vere effektiv, og samtidig levere utkast av høg kvalitet til lagdommarane. Du må like å skrive, ha god skriftleg framstillingsevne og meistre begge målformer. Vi legg vekt på eit godt arbeidsmiljø, og gode samarbeidsevner er viktig for oss. Vi tilbyr • God opplæring og systematisk oppfølging • Gode ordningar for kunnskapsdeling og kompetansebygging • Høve til fagleg fordjuping med stort fokus på kvalitet • Sjølvstendig arbeid i tett samarbeid med dyktige kollegaer • God innsikt i arbeidet i lagmannsretten og i domstolssystemet elles • Fleksibel arbeidstid, høve til heimekontor og trening i arbeidstida • Eit godt arbeidsmiljø og moderne lokale Stillinga blir løna som rådgjevar (kode 1434) eller seniorrådgjevar (kode 1364) med årsløn frå kr 650 000,- til kr 800 000,-. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Det er eit personalpolitisk mål at arbeidsstaben skal spegle folkesamansetnaden generelt, òg når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Praksis som utgreiar er godkjent som praksis ved søknad om advokatløyve. Opplysningar om søkjaren kan bli offentlege sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje bli ført på søkjarlista, jf. offentleglova § 25 andre ledd.