Vil du vere med og bidra til at Utdanningsforbundet Vestland har gode rammer for å løyse samfunnsoppdraget sitt? Vi søkjer no ein engasjert rådgivar som vil vere med på å utvikle og støtte arbeidet ved fylkeskontoret.
Som rådgivar vil du få ei variert rolle med oppgåver innan drift, koordinering og utvikling av arbeidsprosessar og rutinar. Du blir ein viktig støttespelar for både tilsette og politisk valde, og bidreg til at fylkeslaget fungerer på ein effektiv og god måte. Hos oss får du arbeide i eit spennande og dynamisk miljø med varierte arbeidsoppgåver, høg grad av samarbeid og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Noko reiseverksemd må påreknast.
Fylkeskontoret har åtte tilsette og 19 politisk valde organisasjonstillitsvalde. I Vestland er vi til stades både i Bergen og Førde, og du blir ein del av eit engasjert fagmiljø med kollegaer som er opptekne av å skape gode resultat saman. Nynorsk er målform i fylkeslaget og arbeidssted vil være Bergen eller Førde.
Kvalifikasjoner
Stillinga krev god kompetanse innan IKT-system, erfaring med publisering på nettsider og avanserte ferdigheiter i Excel. Erfaring med bruk av Excel som verktøy i lønnsforhandlingar og analysearbeid vil bli vektlagd.
KontaktinformasjonElin Haugsvær Gravdal, Personalleiar, +47 45473823
ArbeidsstedStrandgt 198
5004 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Utdanningsforbundet
Referansenr.: 5177852533
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Bergen