
Askvoll kommune Bu- og miljøtenesta · Askvoll
I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Stillingane er knytt til ein brukar med omfattande bistandsb...
I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Stillingane er knytt til ein brukar med omfattande bistandsbehov. Ein arbeidar i team med 2:1 oppfølging. Dei tilsette vil ha eit tett samarbeid med andre aktørar innanfor helse- og omsorgssektoren for å sikre ein heilskapleg tilnærming og oppfølging. Turnusarbeid etter 35,5 t/veke
Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar til 19% helgestilling, kan søkjarar med anna relevant erfaring og kompetanse òg vurderast.
Det er krav om framlagd politiattest ved oppstart.
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om stillinga Me er på jakt etter vernepleiar eller sjukepleiar som vil bli ein viktig del av arbeidsmiljøet me har i Hannesvegen bustader. Hos oss vil du ta del i utviklingsarbeid, systemarbeid samt vere sentral i tenesteytinga. Du trivst med å arbeida strukturert og variert, og du er løysingsorientert når det oppstår uforutsette situasjonar. Me søkjer deg som likar ansvar, er fagleg engasjert og motiverast av å oppnå resultat gjennom samarbeid med andre. Saman har me som mål å levere gode tenester til tenestebrukerne og skape ein god arbeidsplass! Dersom du syns dette høyrast spanande ut, og vil vere med i teamet som driv denne tenesta, vil me gjerne høyre frå deg. Oppstart er etter avtale. Om oss Hannesvegen bustader ligg sentralt på Manger, og er heimen til 3 tenestebrukere med ulikt funksjonsnivå og hjelpebehov, og er i tillegg base for personalet i eininga. Målet er å gje tenester av god kvaltiet for å sikre ein best mogeleg kvardag for den einskilde. Arbeidsmiljøet er prega av sterkt engasjement for tenestebrukarane, og dyktige medarbeidarar som har omsorg for både tenestebrukarane og kvarandre. Hjå oss arbeider det miljøterapeutar, hjelpepleiar/helsefagarbeidarar, vernepleiestudent og assistentar. Arbeidsoppgåver • Primærkontaktansvar, koordinering og oppfølging av tenestemottakarar • Oppfølging av vedtak etter kapittel 9, dokumentasjon og evaluering • Medisinsk-fagleg ansvar, observasjon og legemiddelhandtering • Samarbeid med lege, spesialisthelseteneste og pårørande • Praktisk bistand og målretta miljøarbeid som skapar tryggleik og struktur • Utarbeiding, implementering og evaluering av tiltaksplanar • Fagutvikling, systemarbeid og rettleiing av kollegaer Dette er ein rolle der du får bruke heile verktøykassa di - og der du blir ein viktig del av eit større lag! Krav til stillinga • Autorisert vernepleiar vil bli prioritert. Autoriserte sjukepleiar kan også søkje. • God munnleg og skriftleg framstillingsevne, tilsvarande minimum nivå B2. • Førarkort kl.B • Grunnleggjande IKT-ferdigheiter. • Politiattest må leggjast fram før tiltreding, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 5-4. Ønskeleg kompetanse Det er eit føremon om du har: • Erfaring med Kap. 9 • Erfaring frå tilsvarande arbeid Kven er du? • Du har engasjement for faget og brukargruppa • Du er ein tydeleg og trygg omsorgsperson, som er aktiv og kreativ når det gjeldt å motivere, men roleg og tålmodig når situasjonen krev det • Du er interessert i å «gjere ein forskjell» når du er på jobb, og du er opptatt av refleksjon kring tenesteytinga og lojalitet knytt til felles retningsliner • Du har gode samarbeidsevner, men kan også arbeide sjølvstendig og gjere prioriteringar. • Du er ein god kollega som kan bidra til godt arbeidsmiljø Dei personleg eigenskapar ovanfor vil bli lagt stor vekt på. Me tilbyr • Ein dynamisk og spanande arbeidskvardag med eit humørfylt og inkluderande arbeidsmiljø der me tar deg godt imot! • 50 000 i rekrutteringstilskot mot signert bindingsavtale i 2 år for eksterne søkjarar • Løn i samsvar med dokumentert ansiennitet: 522 600 - 614 400 • 9000 over tariff for vernepleiarar og 10 000 over tariff for sjukepleiarar • Gratis parkering • Årsturnus med hovudvekt av langvakter og arbeid 4.kvar helg • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Vi søkjer engasjerte sjukepleiarar/vernepleiarar som vil gjere ein forskjell – kvar einaste dag. Er du ein person som brenn for å gi god omsorg, og som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag? Då kan dette vere jobben for deg! Heimetenesta i Eikelandsosen endrar no måten å organisera arbeidet på for å sikre kvalitet i tenestene og god bruk av kompetansen. Vi treng deg som ønskjer å vera med å vidareutvikla heimetenesta, og som ser moglegheiter framfor avgrensingar. Vi har 2 ledige 100 % faste stillingar for sjukepleiar/vernepleiar. Stillingane er i turnus med arbeid kvar 3. helg, med ønske om oppstart så snart som mogleg og etter nærare avtale. For sjukepleiarar/vernepleiarar i turnus tilbyr Bjørnafjorden kommune 25.000,- i tillegg over garantilønnstabellen. Kvifor velje oss? • Du får vere med på å utvikle og forme framtidas heimeteneste i ein kommune som tenkjer nytt • Du får varierte arbeidsdagar med ulike ruter og oppgåver – ingen dag er lik! • Du får brei erfaring og tett samarbeid med ulike faggrupper • Du får bruke kompetansen din der behovet er størst • Du blir del av eit miljø som ser moglegheiter framfor avgrensingar Arbeidsstad Eikelandsosen Arbeidsoppgåver • Utøve forsvarlege tenester til pasientar i tråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk • Pleie og omsorgsoppgåver, miljøarbeid og palliasjon • Dokumentere i gjeldande fagsystem og følgje opp oppgåver som er knytt til dette • Kartlegge, igangsette og gjennomføre tiltak • Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse for å yte gode tenester • Vere ein god rollemodell og bidra til eit godt samarbeid med kollegaer i tråd med kommunen sine verdiar • Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid • Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrar vert fulgt • Halda seg fagleg oppdatert ved bruk av e-læringskurs og intern opplæring • Bidra til godt arbeidsmiljø Kvalifikasjonar • Har autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar, anna helsefagleg utdanning og erfaring kan bli vurdert • Har gjerne relevant vidareutdanning • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet • Søkjarar må ha gode norske språkferdigheitar, både munnleg og skriftleg Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. Personlege eigenskapar • Har eit hjarte som bankar ekstra for eldreomsorg • Deler kompetansen din og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Er bevisst handlingane dine og set respekt, lojalitet og etikk høgt • Bidrar positivt til arbeidsmiljøet og er villig til å bidra på andre avdelingar når det trengst Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi tilbyr • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring • Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar/vernepleiarar i turnus tilbyr Bjørnafjorden kommune 25.000,- i tillegg over garantilønnstabellen • Tilsett i stillinga kan etter lokal ordning få eingongsutbetaling på kr. 30.000 i særskilt rekrutteringstillegg, etter fullført og dokumentert prøvetid • Nyutdanna som har hatt fast deltidsstilling med stipendordning i Bjørnafjorden kommune under utdanninga, kan etter lokal ordning få tilbod om eingongsstipend på kr. 50.000 ved oppstart i stillinga • 100 % stilling i eit aktivt miljø med høgt tempo, fokus på fag, og gode kollegaer • Som ny i avdelinga vil du få god oppfølging og rettleiing • Fleksible arbeidstidsordningar. Stillingane inneber arbeid på dag, kveld, og helg • Vi har plan for internundervisning, og det er moglegheit for relevant vidareutdanning • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her
Vindafjordtunet søker 2-3 engasjerte og fagleg sterke sjukepleiarar og vernepleiarar. Me har ledige stillingar blant anna innan demensomsorg, somatisk langtid og natt. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og tverrfagleg miljø der bebuarane står i sentrum. Du «bur» i di avdeling, men samarbeider tett med kollegaer på tvers – her deler me kompetanse, støttar kvarandre og jobbar saman for best mogleg kvalitet. No ønskjer me fleire med på laget som vil vere med å utvikle tenestene våre vidare – og bidra til gode dagar for både bebuarar og tilsette. Kven er me? Vindafjordtunet gir tenester innan somatisk langtid, demensomsorga og natt. Nattpatruljen dekker bygdane Skjold, Vats og Vikebygd. Me har eige produksjonskjøkken som lagar nydeleg mat til bebuarane våre og eigen tilsynslege som gjerne spelar på saxofonen 2 dagar i veka. Me har gode rammer for å lukkast: moderne hjelpemiddel som takheis og digitale pasientvarslingssystem og IKOS-tavler for god oversikt i kvardagen. I tillegg har me servicemedarbeidarar og helgeassistentar som tek praktiske oppgåver – slik at du får bruke tida di på det som betyr mest: fag og pasient. Kva får du jobba med hos oss? • Bidra aktivt til å skape eit trygt og godt bumiljø for bebuarane. • Utføre sjukepleiefaglege oppgåver som kartlegging (t.d. NEWS), oppfølging, pleieplanar, tiltak og medikamenthandtering. • Ha kontakt med pårørande og samarbeid med lege. • Delta i og bidra til palliasjonsomsorg. • Rettleie kollegaer og studentar, og delta i tverrfagleg samarbeid. • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerleg utvikling og kvalitetsforbetring av tenestene. • Arbeid i eit miljø tilrettelagt med gode hjelpemidlar og takheisar. • Arbeide i eit framtidsretta miljø med pasientvarsslingssystem og IKOS tavler. • Sjukepleieteam under utforming. • Fagdag kvar 6 veke. Me kan tilby: • Moglegheit for arbeid kvar fjerde helg (langvakter) • 25 000,- over KS garantilønn for arbeid på dag/kveld. • 40 000,- over KS garantilønn for arbeid på natt. • Sjukepleiarar får også lønn tilsvarande minimum 8 års ansiennitet frå start. • Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per vakt når du tek på deg fleire helgevakter - meir jobb i helga, meir pengar i lomma! • Stimuleringsordning for langvakter på helg, med kr. 500,- per langvakt laurdag og søndag. • Arbeidstidsordningar slik du ønsker: dag/kveld, reine langvakter eller ein kombinasjon langvakter/dag/kveld. Natt kan og kombinerast med dag/kveld. • Årsturnus • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring. • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast. • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan og med støtte frå arbeidsgivar. • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. • Frisk treningssenter i Ølen tilbyr bedriftsrabatt. • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord) • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring. Kvalifikasjonar: • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar. • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk. Personlege eigenskapar: • Du ønskjer å gjere ein forskjell – kvar dag – for menneska du møter. • Du er fagleg nysgjerrig og likar å finne nye og betre måtar å løyse oppgåver på. • Du står støtt i ein travel kvardag, tek ansvar og får ting gjort. • Du møter bebuarar med varme, respekt og fagleg tryggleik – også når behova er komplekse. • Du løftar blikket, ser kollegaene dine og bidreg til eit arbeidsmiljø der ein heiar kvarandre fram. • Du trivst best når du får samarbeide, dele og spele andre gode – fordi du veit at dei beste løysingane skapar vi saman. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Andre opplysningar: • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga. • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. Slik søker du: Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. Link til søknadsskjema: Søk her