
Alver kommune · Alver
Vil du ha ein variert arbeidskvardag i eit fagleg sterkt miljø, der samarbeid, pasientkontakt og kvalitet står sentralt? Frekhaug legesenter søkjer ein engasj...
Frekhaug legesenter søkjer ein engasjert helsesekretær i 70 % fast stilling frå 01.09.2026, eller etter avtale.
Vi søkjer fortrinnsvis etter autorisert helsesekretær. Dersom vi ikkje får kvalifiserte søkjarar til stillinga, kan autorisert sjukepleiar med relevant erfaring frå legekontor eller legevakt verte vurdert.
Stillinga inneber arbeid heile dagar etter turnus. Turnusen vert planlagd i god tid av driftskoordinator.
Frekhaug legesenter er eit veldrive og godt organisert fastlegekontor på Frekhaug. Vi har gode og funksjonelle lokale, og parkering i kort gåavstand frå bygget.
Ved legesenteret arbeider sju fastlegar og ein LIS-lege. Legane er kommunalt tilsette og har eigne fastlegelister. Du vert ein del av eit fagleg dyktig og tverrfagleg arbeidsmiljø med helsesekretærar, bioingeniør, sjukepleiar og legar.
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag og arbeider innan breidda av oppgåver ved legekontoret. Vi samarbeider tett i den daglege drifta, og legg stor vekt på god samhandling, tydeleg kommunikasjon og eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsdagane er varierte og til tider travle, og vi søkjer deg som trivst med dette.
Ein av helsesekretærane ved kontoret har funksjon som driftskoordinator og ansvar for daglege driftsoppgåver. Ein av legane har funksjon som fagkoordinator og bidreg til god fagleg praksis ved kontoret.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
Kven er du?
Me tilbyr
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Seksjon for kreftbehandling og palliasjon ved SNR søkjer ein dyktig og serviceinnstilt sekretær/helsesekretær som ønskjer å bidra til god pasientbehandling og eit trygt og inkluderande behandlingsmiljø. Vi har ledig eit 70 % vikariat i perioden 01.10.2026–30.09.2027. Arbeidsstaden vil hovudsakleg vere i Kristiansund, men det må reknast med arbeid ved SNR Hjelset éin til to dagar per veke. I samband med ferieavvikling, som vinterferie, haustferie, sommarferie og romjul, er vi samlokaliserte på SNR Hjelset. Som sekretær/helsesekretær får du ei sentral rolle i det administrative arbeidet rundt pasientbehandlinga ved kreftpoliklinikkane på begge lokasjonane. Du vil få grundig opplæring i arbeidsoppgåver ved både Kristiansund og Hjelset, og vi ønskjer at du er fleksibel når det gjeld arbeidsstad ved fråvær og ferieavvikling. Seksjonen har ein kultur prega av samarbeid, fleksibilitet og tillit. Vi legg til rette for fleksible arbeidstidsordningar og bruk av heimekontor når det er føremålstenleg. Hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg og støttande arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse og stort engasjement. Arbeidskvardagen kan vere travel, men du vil oppleve eit godt arbeidsfellesskap der medarbeidarane blir verdsette og tekne godt vare på. Vi ser fram til å motta søknaden din – kanskje er det nettopp du som blir vår nye kollega i dette flotte teamet! Arbeidsoppgåver • Yte god service gjennom profesjonell kommunikasjon, koordinering, formidling og andre merkantile oppgåver • Vere ein støttespelar og leggje til rette for pasientar, pårørande og behandlarar gjennom heile pasientforløpet • Delta aktivt i dei daglege oppgåvene i seksjonen, både i poliklinikk og sengepost • Handtere telefonførespurnader, post og ekspedisjonsfunksjonar på ein effektiv og serviceorientert måte • Bidra til oppfølging av ventelister, dokumentasjon, registrering og rapportering i tråd med gjeldande rutinar Kvalifikasjonar • Du har relevant erfaring som gjer deg godt rusta til arbeidsoppgåvene • Du meistrar norsk godt, både munnleg og skriftleg • Du har gode digitale ferdigheiter og er komfortabel med bruk av ulike datasystem • Det er ein fordel om du har kjennskap til Helseplattformen • Du har gjerne erfaring med prosedyrearbeid og bruk av kvalitetssystem, som til dømes EQS Personlege eigenskapar • Du er serviceinnstilt og møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt, omsorg og profesjonalitet • Du er engasjert, fleksibel og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø med godt humør • Du trivst i ein variert og travel arbeidskvardag der tempoet til tider er høgt • Du er nysgjerrig, initiativrik og open for utvikling, forbetring og endring • Du har gode samarbeidsevner og arbeider godt på tvers av faggrupper for å sikre best mogleg pasientbehandling Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attester og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her. KontaktinformasjonRagnhild Bjerkås, Seksjonsleiar, 90594358, ragnhild.bjerkas@helse-mr.no ArbeidsstadHerman Døhlens vei 1 6508 Kristiansund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5141577825 Stillingsprosent: 70% Vikariat Startdato: 01.10.2026 Sluttdato: 30.09.2027 Søknadsfrist: 14.08.2026
Ønsker du å jobbe i Norges antagelig kjekkeste øre-nese-hals praksis? Vi har ledig deltidstilling som helsesekretær. Hva vi ser etter Vi leter etter en empatisk person som kan møte pasienter med ulike problemstillinger på en god måte i luke og på telefon. Du vil ha en viktig rolle i oppsett av timebøker og den generelle daglige driften av kontoret. Vi ønsker en kollega som kan bidra både faglig og sosialt til vårt team. Du mà ha: • Norsk autorisasjon som helsesekretær. • Kan gjøre deg forstått på norsk eller annet skandinavisk språk, både muntlig og skriftlig. • Høy arbeidskapasitet og trives med selvstendig og team basert arbeid. • Kunne komme med forslag og idéer til forbedring underveis. • Komfortabel med å jobbe på datamaskin. • Du må være strukturert og trives med orden. Arbeidsoppgaver Helsesekretær og dertil oppgaver. • Bemanning av luke • Bemanning av telefon • Timebok • Grunnleggende høreapparat kontroll • Assistere lege ved kirurgi Du vil jobbe selvstendig, men samtidig med tett kontakt med spesialist og øvrige støttepersonell. Vi tilbyr Hos oss vil du jobbe i et tverrfaglig dedikert miljø bestaende av lege, audiografer og helsesekretærer, som alle deler lidenskapen for å hjelpe våre medmennesker. Her er pasienten alltid i fokus. Varierte arbeidsoppgaver gir rom for både faglig og personlig vekst. Kursing gis fortløpende ved behov. Vi er konkurransedyktige på lønn. Vi har utvidet ferieordning med fri inneklemte dager og alltid fri i påskeuken og romjulen. Per i dag har stillingen blitt bemannet med korte dager mandag-torsdag.
Vikar for helsesekretær søkes. Varighet ca 12 måneder, med mulighet for forlengelse. Hva vi ser etter Vi ser etter en helsesekretær med godt humør og gode samarbeidsevner. Kjenneskap til Webmed er en fordel, men ikke en forutsetning. Erfaring som helsesekretær er et pluss. Du må mestre norsk muntlig og skriftlig. Arbeidsoppgaver Vi søker etter en helsesekretør som kan arbeide selvstendig. Jobben innebærer å svare på digitale henvendelser og på henvendelser over telefon. Helsesekretæren må beherske blodprøvetakning, EKG, sårstell og annet laboratoriearbeid. Vi bruker webmed journalsystem. Gode skriftlige og muntlige norskkunnskaper er en forutsetning. Arbeidstiden er fra klokken 0800 til 1530. Du har en fast fridag hver uke. Vi tilbyr Vi er en trivelig arbeidsplass med 3 helsesekretærer, 4 fastansatte leger og to vikarleger. Vi holder til i hyggelige lokaler. Vi har felles lunsj hver dag og legger vekt på å ha en sosial arbeidsplass. Du vil få opplæring/veiledning før oppstart og underveis ved behov.