
Tysnes kommune · Tysnes
Er du vår nye kollega og medarbeidar? Er du ein praktikar som likar å fikse ting – og som får energi av å sjå at alt fungerer? Då kan du vere den me ser ette...
Er du ein praktikar som likar å fikse ting – og som får energi av å sjå at alt fungerer? Då kan du vere den me ser etter! Me har ledig stilling innan drift og vedlikehald og fagområde: vatn- og avløp.
Arbeidsoppgåvene vil hovudsakleg vere drift, vedlikehald og tilsyn av kommunale vatn- og avløpsanlegg. Ingen dag er lik, og du får ein jobb med stor variasjon, ansvar og synlege resultat. Vedlikehald blir utført både i eigen regi og ved bruk av rammeavtalar, og du vil sjølv utføra mykje av det praktiske arbeidet, samstundes som du følgjer opp eksterne leverandørar ved behov.
Stillinga er plassert i eining for drift og vedlikehald og rapporterer til einingsleiar. Eininga har drifts- og vedlikehaldsansvar for kommunale bygg, kyrkjegardar, vegar samt vatn- og avløpssystem. Stillinga er spennande, krevjande og svært variert, med eit tydeleg samfunnsnyttig formål.
Stillinga inngår i vaktavtale innan områda vatn og avløp, og det er derfor ein fordel om du bur i kommunen.
Arbeidsoppgåver
Stillinga inngår i teknisk vaktordning på VA med pt. vakt kvar tredje veke. Vaktordning blir kompensert med 1:5 og overtid på utrykningar.
Kurs og kompetanse kan tilbydast etter avtale.
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Hos oss vil du få høve til å arbeide med eit viktig og krevjande samfunnsoppdrag. Du blir ein del av eit kunnskapsrikt og godt arbeidsmiljø, der vi er opptekne av kunnskapsdeling og kompetanseheving.
Normal abeidstid i drift- og vedlikehaldsavdelinga er mandag-fredag frå kl 07.15-15.00. Stillinga har fleksitid med ytre ramme mellom 07.00-20.00. For tilsette i vaktordning på VA, har ein fast tilsynsoppdrag på laurdagar den veka ein har vakt. Tilsynsoppgåva inngår i samla årstimetal.
Tilsetting hos oss gir deg medlemskap i KLP - Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr mellom anna at du får ei av dei beste pensjonsordningane i Noreg, og dessutan moglegheit til å søke om bustadlån med gunstige vilkår. Les meir på KLPs nettsider.
Du blir tilsett i fagarbeidarstilling, med lønsplassering i kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Lønna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år blir det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar.
I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar.
Synest du stillinga verkar spennande, eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane som står oppført i annonsen.
Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
Omtale av stillinga Ved Husnes barneskule er det ledig tre vikariat som fagarbeidar/assistent. • 40%, lønsprosent 35,6% fordi stillinga føl skuleruta (auke i stillingsprosenten kan skje). Arbeidet vil vera i SFO-tid. Vikariat august-desember 2026 • 80%, (auke i stillingsprosent kan skje). vikariat august 2026-april 2027. Arbeidet vil vera i skule og SFO. • 50%, (auke i stillingsprosent kan skje). Vikariat skuleåret 2026/2027. Arbeidet vil vera i skule og SFO. Arbeidsoppgåver • Oppfølging og støtte av barn/enkeltelevar/grupper • Utviklingsarbeid i samsvar med overordna planar • Delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av aktivitetar/opplegg i samråd med pedagog • Følgje elevar i basseng • Aktivitetar utanfor arbeidsplassen, til dømes ekskursjonar og turar • SFO Kvalifikasjonar • Ynskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget • Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning • Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge Personlege eigenskapar • Du er ein god rollemodell og ein trygg og tydeleg vaksen • Du er sjølvstendig, men samtidig ha vilje og evner til å arbeida i team • Du er god på samarbeid, både med born, føresette og andre tilsette • Du er løysingsorientert, strukturert og fleksibel • Du deltek aktivt ilag med borna, både inne og ute • Du har høg relasjonskompetanse Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. Vi tilbyr • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar • Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet. Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd. Link til søknadsskjema: Søk her
Har du lyst på utfordrande arbeidsoppgåver i verdas beste vesle Stad? Vi søkjer etter driftspersonell i driftsgruppe Vegdrift og park. Kommunalteknikk er ei eining under kommunalområdet Kultur og Samfunn i Stad kommune, saman med Eigedom, Kultur, Plan og forvaltning og Brann. Kommunalteknikk har ansvaret for all offentleg infrastruktur i kommunen. Vi driftar og vedlikeheld kommunalt vegnett, parkanlegg, kommunale hamner, kommunaltekniske anlegg og infrastruktur knytt til vassforsyning, avløp og overvasshandtering. Vi har ein brei bil-, maskin- og utstyrspark, og vi har eigen verkstad i Øyane på Nordfjordeid. Fagarbeidar i driftsgruppe Vegdrift og park vil primært vere knytt opp mot kommunal vegdrift og tilhøyrande naudsynt vegvedlikehald. Dagleg oppmøtestad er i Øyane på Nordfjordeid. Arbeidsoppgåvene vil finne stad både i indre og ytre del av kommunen. Arbeidsoppgåver • Utføre planlagte og akutte vedlikehaldstiltak på kommunal veg og tilhøyrande veganlegg. • Delta i kartlegging av vedlikehaldsbehov knytt til vegdrift – planlegging, førebuing og gjennomføring • Delta i mindre vegprosjekt som Stad kommune utfører i eigen regi • Går for tida inn i kommunalt beredskapslag for brøyting (november – mars) • Utføre skoging/skogsarbeid/trefelling/trebeskjæring • Deltaking i øvrig kommunalteknisk drift ved behov • Deltaking i parkdrift ved behov • Dokumentere oppdrag/drift ved hjelp av digitale verktøy • Rapporterer til driftsleiar Kvalifikasjonar • Fagbrev innan veg- og anleggsfaget eller tilsvarande • Maskinførarbevis M2, M4 • Erfaring frå brøyting og bruk av brøyteutstyr • Erfaring med traktor og anleggsmaskiner • Erfaring frå tilsvarande vegdrift og anleggsarbeid er ønskeleg • Erfaring frå skogsarbeid/trefelling er ønskeleg • Erfaring med HMS i praksis vil bli vektlagt • Førerkort kl. B og BE er eit krav • Førerkort kl T er eit krav – utan bregrensning på last og hastighet • Motorsagkurs er ønskeleg • God erfaring med bruk av digitale verktøy er ønskeleg • Villig til opplæring/kursing. Personlege eigenskapar • Du er opptatt av helse, miljø og tryggleik. • Du er allsidig, strukturert og ryddig. • Du har gode samarbeidsevner, og du kan ta eit sjølvstendig ansvar. • Du tek initiativ og har ei god serviceinnstilling. • Du er praktisk og løysingsorientert. • Du trivst med å lære nye ting og er kvalitetsbevisst. • Du har gode kommunikasjonsevner. Vi tilbyr • Utfordrande og svært varierte arbeidsoppgåver - ingen dag er lik! • Godt arbeidsmiljø • Løn etter kommunale vilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt Vi ber om at attestar, vitnemål og relevante referansar vert lagt ved søknaden. Stad kommune har seks månader prøvetid. Poitiattest skal leggast fram før start i stillinga. Aktuelle søkjarar må ha førarkort. Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. Ring gjerne for ein prat! Hilde Hovden, einingsleiar kommunalteknikk, tlf. 92612855 Kontaktinformasjon Hilde Hovden, Einingsleiar kommunalteknikk, 92612855, Hilde.Hovden@stad.kommune.no Arbeidsstad 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5144473886 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026
Om stillinga Har du eit ønske om å arbeide som vikar som assistent eller fagarbeidar på skule, SFO eller barnehage i Sveio kommune? Arbeidsoppgåver Barnehage: • Delta aktivt i det pedagogiske arbeidet og bidra til planlegging, gjennomføring og evaluering av aktivitetar. • Skape trygge, inkluderande og stimulerande leike- og læringsmiljø for borna. • Rettleie og støtte barn i sosiale situasjonar, leik og konflikthandtering. • Følgje opp enkeltbarn sine behov i samarbeid med pedagogisk leiar/lærarar og andre tilsette. • Medverke i daglege rutinar som måltid, påkledning, bleieskift, kvile og leik. • Observere og dokumentere borna sin trivsel og utvikling. • Samarbeide tett med kollegaer for å sikre god kvalitet og eit heilskapleg pedagogisk tilbod. • Bidra til et godt foreldresamarbeid gjennom dagleg dialog og informasjon. • Delta i møter, planleggingsarbeid og kompetanseheving. • Sørgje for et trygt, helsefremmjande og ryddig miljø i samsvar med barnehagens rutinar og retningslinjer. Skule: • følgje opp enkeltelevar og elevgrupper i samarbeid med andre tilsette på skulen • ha ansvar for elevar i undervisning og friminutt og elevgrupper på SFO • bidra til å styrke elevmiljøet ved skulen • samarbeide med tilsette og føresette ved behov Kvalifikasjonar • Du snakkar og skriv godt på norsk. • Levere godkjent politiattest ved oppstart. Personlege eigenskapar Personlege eigenskapar som vil bli lagt vekt på er: • roleg og trygg framferd ovanfor både barn og vaksne • evne og vilje til å skape verdfull aktivitet • god helse som taklar ver og vind og deltaking i leik og aktivitet • gode samarbeidsevner • evne til positiv kommunikasjon • er motivert, kreativ, godt humør og kunne undre seg saman med barna • har god relasjonskompetanse og god omsorgsevne • kan arbeide sjølvstendig, være løysingsorientert og vise fleksibilitet i arbeidet Vi tilbyr Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap Eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar