
PSK Sikkerheit, Helse Førde · Sunnfjord
Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med plikt til å gi augebli...
Psykiatrisk klinikk sikkerheit består av ein sengepost og ein poliklinikk med ambulerande funksjon. Sengeposten har 3 døgnplassar og er ein sengepost for personar med alvorleg sinnsliding, der det også er ein betydeleg risiko for vald. Avdelinga tar imot pasientar både på frivillig og tvungen psykisk helsevern, inkludert pasientar som har dom på overføring til tvungen psykisk helsevern. Ambulant sikkerheitsteam er eit poliklinisk tilbod til same pasientgruppa, og som per i dag følgjer opp 11 pasientar ute i eigen bustad/tiltak.
I tillegg til å gje psykiatrisk behandling vil nokre sentrale oppgåver vere å kartleggje, vurdere og handtere risiko for vald. Vårt mål er å gje pasientane moglegheit til auka meistring av eige liv i ulike fasar av sjukdommen, samstundes som vi ivaretek vårt ansvar for samfunnsvernet. Dette gjer vi gjennom fagleg behandling og arbeidsform der miljøterapeutisk rehabilitering vert vektlagt. I tillegg gir den fysiske utforminga av nytt sjukehusbygg ei god og sikker ramme for arbeidet.
Les meir her: Psykiatrisk klinikk sikkerheit
Startdato: etter avtale
PSK sikkerheit legg opp til en 50/50 kjønnsfordeling, der ein har minst 2 menn på kvart skift.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonMarianne Engh Strandos, Seksjonsleiar, (+47) 577 14 331
ArbeidsstedSvanehaugvegen 2
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5152922989
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.08.2026
Medisinsk sengepost 2 ved Førde sentralsjukehus har ledig 100% fast stilling for sjukepleiar, med oppstart snarast. Vi ønskjer å kome i kontakt med deg som har eit fagleg engasjement og ønskje om å bidra til god kvalitet i tenestene våre. Medisinsk sengepost 1 og 2 har flytta inn i nytt og moderne sjukehus, og sengepostane samarbeidar tett med kvarandre. Medisinsk sengepost 2 har mage/tarm, lunge, lungekreft- og utgreiing som spesialiserte fagfelt. Medisinsk sengepost 1 har nyre, diabetes og endokrinologi, hjartesjukdommar og geriatri som spesialiserte fagfelt. Hos oss vil du få ein kvardag prega av stor variasjon, eit mangfald av kollegaer som du kan spørje, lene og støtte deg på. Det er det gode moglegheiter for fagleg utvikling og nye erfaringar. Arbeidsoppgåver Som sjukepleiar, vil du møte akutte og kronisk sjuke pasientar med ulike sjukdomsbilete, mange av pasientane er eldre med samansette helseplager. Arbeidet er pasientrelatert med oppfølging av behandling, stell og pleie. Vi har 3-delt turnus og ein må kunne jobbe i det. Vi tilbyr også langvakter i turnus på helg. Arbeidet er tverrfagleg og vi samarbeider også med pårørande og primærhelsetenesta. I det tverrfaglege arbeidet samarbeider ein til dømes med lege, fysioterapeut, ergoterapeut og apotekpersonell. Dokumentasjon i DIPS og Meona er ein del av det daglege arbeidet. Kvalifikasjonar Søkjar må vere autorisert sjukepleiar. Det vil være ein fordel om du har erfaring frå sengepostarbeid frå tidlegare, men ikkje påkrevd. Du må kunne handtere bruk av PC med tilhøyrande program. Det vert gitt opplæring i sjølve programma vi brukar. Søkjar må mestre godt norsk både skriftleg og munnleg. Søkjar med relevant erfaring vil bli prioritert Personlege eigenskapar Vi ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i team. Ein av våre styrker er at vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige hos oss. Vi tilbyr Medisinsk sengepost tilbyr god opplæring gjennom faddeordning med trygge rammer. Vi jobbar aktivt med organisasjonsutvikling på våre tenester og ønskjer gode og glade medarbeidarar med oss på laget for å skape eit nytt og betre sjukehus for våre pasientar og tilsette. Vi har fokus på å styrkje sosial tilhøyrsle og trivsel på arbeidsplassen med årlege treffpunkt som julebord, sommarfest og blå-tur. Medisinsk sengepost ønskjer å komme i gang med langvakter og vil tilby dette til dei som ønskjer det. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonAnne Mari Indrebø, Seksjonsleiar, (+47) 909 20 435 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5092104462 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026
Har du interesse for nevrologi og ønskjer å arbeide med mellom anna klinisk nevrofysiologi? Ved Nevro- og revmapoliklinikk har vi ledig ei 70 % fast stilling frå 1. oktober 2026. Stillinga er primært knytt til fagfeltet nevrologi og klinisk nevrofysiologi (KNF), og gir høve til å arbeide i eit spennande og utviklande fagmiljø med høg kompetanse. Vi samarbeider tett med Avdeling for klinisk nevrofysiologi ved Nevroklinikken på Haukeland universitetssjukehus. Vi er opptekne av å skape ein arbeidsplass der medarbeidarane trivst, utviklar seg og spelar kvarandre gode. Hos oss får du dyktige kollegaer, god opplæring og tett oppfølging i eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, respekt og fagleg nysgjerrigheit. For søkjaraar som ønskjer høgare stillingsprosent, kan stillinga kombinerast med helgestilling ved Nevrologi- og rehabiliteringssengeposten slik at samla stillingsstorleik kan bli 100 %. Arbeidsoppgåver • Utføre klinisk nevrofysiologiske undersøkingar, hovudsakleg elektroencefalografi (EEG) og nevrografi (NCV) • Assistere ved og utføre polikliniske prosedyrar • Klargjere, følgje opp og informere pasientar i samband med undersøkingar • Arbeide sjølvstendig og bidra i tverrfagleg samarbeid i eit fagmiljø med både praktiske og teoretiske arbeidsoppgåver • Delta i øvrige oppgåver ved Nevro- og revmapoliklinikken • Dokumentere og registrere i elektronisk pasientjournalsystem • Bidra til fagleg utvikling og kvalitetsarbeid i seksjonen Kvalifikasjonar • Vi ønskjer primært ein offentleg godkjend sjukepleiar, men søkjarar med anna relevant utdanning kan også søkje • Erfaring innan nevrologi og/eller klinisk nevrofysiologi er ein fordel, men ikkje eit krav • Gode IT-kunnskapar og teknisk forståing • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar • Du er teknisk anlagt, har god digital kompetanse og likar å setje deg inn i ny teknologi • Du har gode kommunikasjonsevner og eit tydeleg pasientfokus • Du har gode samarbeidsevner, fagleg interesse og engasjement • Du arbeider strukturert og sjølvstendig, samtidig som du fungerer godt i team • Du er fleksibel og trivst med høgt arbeidstempo • Du bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr • God opplæring. • Strukturert oppleæring innan klinisk nevrofysiologi • Rettleiing og fagleg støtte frå erfarne kollegaer • Høgt fagleg nivå • Aktivt og inkluderande arbeidsmiljø • Mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonAnne Marit Sølvberg Rygg, Avdelingssjef, (+47) 958 25 538 Elin Ese, Seksjonsleiar, (+47) 986 04 663 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5154244635 Stillingsprosent: 70% Fast Startdato: 01.10.2026 Søknadsfrist: 16.08.2026
Vi søkjer etter 3. års sjukepleiestudentar for tilsetting i inntil 25% midlertidig stilling som pleieassistent med binding til sommaren 2027. Stillinga inneber arbeid kvar 3. helg (fredag - søndag / lørdag - søndag), og i tillegg 5 veker sommaren 2027 som offentleg godkjent sjukepleiar i 100% stilling. Helse Førde har bonusordningar for jobb 3. kvar helg frå haust 2026 til sommar 2027 og for 5 veker arbeid sommaren 2027. Bonusordningane blir fastsett januar/februar 2027. Dei siste åra har størrelsen vore kr 25.000,-. Oppstart stilling: september 2026 eller etter avtale med leiar på aktuell post. Stillingsprosent: 16 - 25 Ber om at søkjar spesifiserar kva post som er ønskjeleg. Nokre avdelingar kan tilrettelegge for langvakter - sjå merka med (*) Første- og andreårs studentar oppfordrast også til å søkje, men vil ikkje kvalifisere for bonus og har ikkje bindingstid sommaren 2027. Kontaktinformasjon seksjonsleiar på aktuelle avdelingar: Lærdal • Medisinsk sengepost, Marit Fossheim Ottersen- (47) 970 10 819 (*) Nordfjord • Medisinsk sengepost, Maria Charlotta Berg Langvik - (47) 416 48 264 (*) Førde • Medisinsk sengepost 1, Magnus Jarl Midtvoll ( 47) 57839306 / 40729970 (*) • Medisinsk sengepost 2, Anne Mari Indrebø - ( 47) 57839411 / 90920435(*) • Ortopedisk sengepost, Håvard Nesse Røneid - (47) 99602854 (*) • Sengepost, barn og unge, Jorunn Sollid - (47) 99293641 • Kirurgisk sengepost, Linn Beate Årnes -(47) 95206487 • Kreft sengepost, Ida Juklestad - (47) 578 39313 / 91136864 (*) • Nevrologi og Rehabilitering sengepost, Sirianne Pidic- (47) 57839143/92499376 (*) • Føde/gyn/barsel, Beathe Salbu Håkonsen - (47) 57839588 / 90829220 Arbeidsoppgåver • Utføre pasientretta oppgåver som assistent inntil autorisert sjukepleiar • Jobbe som autorisert sjukepleiar sommaren 2027 dersom det er ønskjeleg Kvalifikasjonar • 3.års sjukepleiarstudent • Første- og andreårs studentar oppfordrast også til å søkje Personlege eigenskapar • Ha gode samarbeidsevner • Vere fleksibel • Takle tidvis høgt temp • Vere engasjert Vi tilbyr • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Kr 25.000,- ved binding sommaren 2027 • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Ein lærerik og utviklande arbeidsstad • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø • Får starte sjukepleiarkarriera på ein arbeidsstad ein allereie er kjent Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonSjå kontaktinformasjon ovanfor ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5133551166 Stillingsprosent: 25% Vikariat Søknadsfrist: 14.08.2026