
Radiologisk avdeling, Helse Førde · Sunnfjord
🔷 100 % fast stiling som lege i spesialisering (LIS3) i radiologi ved Førde sentralsjukehus 🔷 Er du nyutdanna lege og klar for å starte spesia...
🔷 100 % fast stiling som lege i spesialisering (LIS3) i radiologi ved Førde sentralsjukehus 🔷
Er du nyutdanna lege og klar for å starte spesialiseringa di? Ønskjer du ein trygg og lærerik start på karriera di, med tett oppfølging og eit inkluderande fagmiljø? Då kan LIS-stillinga i radiologi ved Førde sentralsjukehus vere noko for deg!
Treff nokre av medarbeidarane våre i denne videosnutten!
Kvifor velje Førde?
Stillinga som LIS innheld vakt i 6-delt vaktskikt. Noverande arbeidsplan gir ei friveke kvar sjette veke. Vi er fleksible når det gjeld oppstartstidspunkt.
Kven passar stillinga for?
Avdelinga har omlag 70 tilsette, der 20 er legar. Ved seksjonen i Førde har vi 2 CT-maskiner, 2 MR-maskiner, 3 konvensjonelle røntgen apparat, 2 digitale mobile apparat, 2 mammografiapparat (klinisk og screening), gjennomlysing/intervensjon/angio, samt 3 ultralyd apparat. Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus som har kliniske avdelingar innan dei fleste fagområda. Sjå www.helse-forde.no
I Sunnfjord bur du midt i eit friluftseldorado med kort veg til toppturar, klatring, stisykling, kajakkpadling og andre aktivitetar. I løpet av ei helg kan du oppleve både strender i verdsklasse og fjellturar du elles berre ser på instagram.
Her er også urbane tilbod som restaurantar, kjøpesenter, treningssenter, kaféliv, kulturliv, teater og konsertar. Vi har flyplass og eit godt utbygd bussrutenett, og Bergen ligg tre timar unna med bil. I Sunnfjord vil du oppleve ein enkel kvardagslogistikk med korte avstandar til det meste.
KontaktinformasjonBørge Stavland, Avdelingssjef, (+47) 578 39 393
ArbeidsstadSvanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5156077521
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.08.2026
Utdanningsplan Avdeling for Nevrologi, Revmatologi og Rehabilitering (ANRR) ved Førde sentralsjukehus søkjer LIS3 Nevrologi • Fast stilling LIS3 (100%) • Oppstart 01.09.26, eller etter avtale Om seksjonen Legane i seksjonen er organisert under Avdeling for Nevrologi, Revmatologi og Rehabilitering (ANRR). Hovudoppgåva er å yte spesialisthelseteneste til pasientar med nevrologiske sjukdomar. Avdelinga har sengepost, slageining, poliklinikk med laboratorium for klinisk nevrofysiologi, EEG-laboratorium. Vi har også fagsjukepleiarar innan epilepsi, parkinsons sjukdom, slag, hjernekreft og MS. Nevrologisk avdeling i Helse Førde har fagavtale med nevrologisk og nevrokirurgisk avdeling ved Haukeland Universitetssykehus for delar av spesialiseringsforløpet. Utdanningsplan for LIS3 i Nevrologi i Helse Førde finn du her: Utdanningsplan Eit fagmiljø i utvikling Helse Førde er inne i eit omfattande og spennande utviklingsarbeid. Vi har ein ny og moderne sengepost med einerom til alle pasientar og gode arbeidsforhold for tilsette. Vi arbeider kontinuerleg med utvikling og forbetring av både tenestene og organiseringa. Vi legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø og samarbeid på tvers av faggrupper og avdelingar. Alle LIS i Helse Førde har tilbud om gruppeveiledning på tvers av avdelingar. Vestlandslegen Helse Førde er del av satsinga Vestlandslegen, der medisinstudentar frå universitetet i Bergen skal ha dei siste 3 år av utdanninga desentralisert ved Helse Førde. Dei første studentane kjem til Førde hausten 2028. For LIS3 gir dette på sikt moglegheit for deltaking i undervisning og fagleg utviklingsarbeid, i eit miljø med tett klinisk oppfølging og brei pasientkontakt. Les meir her: Vestlandslegen Vi ser fram til å motta søknaden din! Arbeidsoppgåver • LIS3 følgjer i utgangspunktet 7-delt vaktordning, med friveke kvar 7. veke. Tilstadesvakt (sjå gjerne utfyllande informasjon i utdanningsplan - lenkje ovanfor). • Diagnostisere og behandle pasientar med nevrologiske tilstandar, både i akutt- og elektiv verksemd. • Delta i tverrfagleg samarbeid med andre einingar og faggrupper. • Bidra til fagleg utvikling og undervisning. Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som lege • Fullført LIS1 • Relevant sjukehuserfaring og kjennskap til DIPS og MEONA er ønskjeleg • Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar • Motivert, lærevillig og fagleg interessert • Bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljø • Har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik Vi tilbyr • Ein spennande og utfordrande jobb • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Rekrutteringstillegg kr 25.000,- • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonElin Seim, Seksjonsleiar, +47 47620880 ArbeidsstadSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Førde Referansenr.: 5157571601 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 12.08.2026
Vi har ledig 1 x 100 % fast stilling som lege i spesialisering (Lis 3) i Akutt- og mottaksmedisin (AMM). Ved intern ansettelse vil det kunne bli ledig en annen stilling. Spesialitet: Akutt og mottaksmedisin Vi søker etter en LiS med gjennomført del 2 indremedisin som kan starte del 3 akutt-og mottaksmedisin, men alle søkere med interesse for akutt-og mottaksmedisin oppfordres til å søke. Akuttmedisinsk seksjon, Sørlandet sykehus Kristiansand (SSK), er en liten, men sterk seksjon som søker forsterkninger for å vokse og styrke det akuttmedisinske miljøet ytterligere. Vi søker deg som vil være med å utforme og etablere spesialiteten med vaktordning i sykehuset. Sørlandet sykehus er godkjent som utdanningsinstitusjon i akutt- og mottaksmedisin og søker nå etter LiS3 til spesialisering i AMM. Det er erfaren overlege/spesialist i akutt og mottaksmedisin tilstede på dagtid alle hverdager. Sørlandet sykehus Kristiansand er et aktivt akuttmottak med over 30.000 pasientkontakter årlig med stor bredde i øyeblikkelighjelpstilstander innenfor de fleste fagområder og med leger fra de ulike spesialavdelinger på vakt i mottak. Nytt akuttbygg som skal stå ferdig i 2029 er under planlegging og vil inneholde bl a. nytt akuttmottak og akuttpost der spesialister i akutt-og mottaksmedisin vil få sentrale roller. Som LiS i AMM vil du bli involvert i planlegging og utvikling av fremtidens akuttmottak. Som ledd i spesialistutdanningen tilrettelegges for rotasjon/hospitering til andre avdelinger. Akuttmottaket inkluderer også skadepoliklinikk og overgrepsmottaket i Agder. Akuttmottak er en seksjon i medisinsk avdeling. Medisinsk avdeling ved Sørlandet sykehus, Kristiansand har alle grenspesialiteter og høy egendekningsgrad. I tillegg til indremedisinske grener har vi egen seksjon for revmatologi. Det er kardiologisk og generell indremedisinsk bakvakt, hhv 7- og 20-delt, samt beredskapsvakt for akuttgastroenterologi ("blødningsvakt") og dialyse. Lege i spesialisering deltar i tilstedevakt med 2 vaktgående leger i tillegg til LiS1. Vaktlagene har henholdsvis 13- og 12-delt arbeidsplan. Arbeidsoppgaver • Deltakelse i alle aspekter av drift ved avdelingen, vakt, poliklinikk • Det forutsettes deltagelse i avdelingens gjeldende vaktordning Kvalifikasjoner • Gjennomført LIS1-tjeneste eller tilsvarende tjeneste godkjent av Helsedirektoratet. • Norsk autorisasjon som lege • Må beherske norsk både skriftlig og muntlig. • Erfaring fra Dips og MetaVision er en fordel Personlige egenskaper • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Tilstrebe både personlig og fagutvikling og kompetansedeling • Faglig interesse og engasjement for (spesialitet) • Evne og vilje til å jobbe i team • Arbeide målrettet og strukturert • Ansvarsbevisst • Fleksibel Vi tilbyr • Et stimulerende faglig miljø med fokus på fagutvikling, teamarbeid/simulering, undervisning og forskning. • Utfordrende og varierte arbeidsoppgaver i en stor, spennende organisasjon med et viktig samfunnsoppdrag. • En avdeling bestående av engasjerte og dyktige kollegaer i et godt arbeidsmiljø • Høyt faglig nivå og et utforende og variert arbeid • Faglig påfyll og opprettholdelse av kompetanse • Gode pensjonsordninger i KLP Vi ber alle søkere vedlegge dokumentasjon på utdanning, attester på arbeidserfaring og eventuelle spesialistgodkjenninger. Dette for å dokumentere kvalifikasjoner som kommer frem i CV, og til lønnsfastsettelse. Sørlandet sykehus verdsetter mangfold og inkludering på arbeidsplassen. Vi mener at ulike perspektiver og erfaringer bidrar til å gi best mulig helsetjenester. Derfor oppfordrer vi alle kvalifiserte kandidater til å søke, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonalitet, etnisk bakgrunn eller eventuelle opphold i arbeidslivet. Sørlandet sykehus praktiserer meroffentlighet. Offentlig søkerliste vil inneholde navn på samtlige søkere. Det må foreligge særskilte omstendigheter for å få innvilget unntak, jf. Offentleglova § 25. KontaktinformasjonAnne Catrine Nyberg, Seksjonsleder, 38 07 63 78 Ønsker ikke kontakt m/annonseselgere ArbeidsstedEgsveien 100 4615 Kristiansand Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Sørlandet sykehus HF Referansenr.: 5146494745 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.09.2026
Er du ein engasjert lege som ønskjer å spesialisere deg innan barne- og ungdomspsykiatri (BUP)? Vi har ein fast LIS3-stilling ledig med ønskje om snarleg oppstart. Søkjaren må ha fullført LIS1. BUP Haugesund er godkjend som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri. Vi har samarbeidsavtalar med både vaksenpsykiatri og pediatri, noko som gjer det mogleg å ta heile spesialiseringsløpet her i Haugesund. Hos oss i BUP blir du sett, støtta og gitt rom til å utvikle deg som klinikar. Vi legg stor vekt på at du skal bli tatt godt vare på, både som fagperson og kollega. For tida er vi åtte overlegar og sju LIS. Du blir ellers del av eit stort og mangfaldig fagmiljø med pedagogar, psykologar, sjukepleiarar, sekretærar, erfaringskonsulent og fleire andre yrkesgrupper. BUP Haugesund gir spesialisthelsetenester til barn og unge frå 0–18 år og består av to poliklinikkar og ein døgnpost. Poliklinikkane dekkjer ti kommunar i regionen, medan døgnposten har heile Helse Fonna som opptaksområde. Døgnposten er delt inn i to fløyer: Post Nord for barn frå 6 til 13 år og Post Sør for ungdom frå 12 til 18 år. BUP Haugesund har akuttfunksjon og vaktteneste døgnet rundt med for- og bakvaktslegar. Les meir om oss her: https://www.helse-fonna.no/avdelinger/bup-helse-fonna/om-bup/ Ønskjer du meir informasjon? Vi svarar gjerne på telefon eller e‑post. 👉 Søk no - vi ser fram til å høyre frå deg! Kva går jobben ut på? • Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom. • Delta i vaktordning for legar. • Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid. • Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Søkjaren til LIS3 stillinga skal ha gjennomført LIS1. • Må ha dokumentert norsk autorisasjon. • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar er nødvendige for forsvarleg pasientbehandling. Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du: • har stor arbeidskapasitet • likar å jobbe med barn, ungdom og føresette • har pågangsmot, evne til samarbeid og formidling av kunnskap • arbeider strukturert og sjølvstendig • er kreativ, nytenkjande og nysgjerrig Personlege eigenskapar blir vektlagd Kvifor skal du velje oss? • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling. • Arbeid i tverrfaglege team. • Regelmessig internundervisning og rettleiing ved barne- og ungdomspsykiater. • Heile spesialiteten kan tas ved Haugesund sjukehus. • Kompetanseheving og spesialiseringsløp. • Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer. • Sosiale aktivitetar som felleslunsj og trim på huset. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden. KontaktinformasjonGeorg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar, +47 52732850 Gabrielle Leah Dickson, Konsulent, +47 41889114, gabrielle.leah.dickson@helse-fonna.no ArbeidsstadVinjes gate 10 5522 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5156983934 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026