
Bufetat · Stavanger
Om stillinga og arbeidsstaden Du er ikkje kven som helst. Du er ein som ser behova til barna, forstår kor viktige trygge rammar er, og veit at gode fosterhei...
Du er ikkje kven som helst.
Du er ein som ser behova til barna, forstår kor viktige trygge rammar er, og veit at gode fosterheimar kan endre liv. I Bufetat får du ikkje berre ein jobb – du får ei rolle i eit viktig samfunnsoppdrag, der innsatsen din bidreg til at barn og unge får tryggleik, tilhøyrsle og gode oppvekstvilkår. No søkjer vi deg som vil bruke kompetansen din til å finne gode løysingar for barn som treng fosterheim, og som ønskjer å vere ein del av eit sterkt fagmiljø i fosterheimstenesta i Region vest.
Fosterheimstenesta er delt inn i fire regionale avdelingar: rekruttering, opplæring, formidling og kompetansestøtte. Til saman har tenesta 64 årsverk.
Fosterheimstenesta Region vest, har no ledig to 100 % stillingar som rådgjevar/seniorrådgjevar. Den eine stillinga er fast og ligg i rekrutteringsavdelinga, medan den andre er eit vikariat i formidlingsavdelinga. Det kan bli aktuelt å tilsetje i ytterlegare ein fast stilling.
Vi ønsker fortrinnsvis tilsette som kan ha kontorstad på lokasjon Haugesund, men det kan også være aktuelt å ha lokasjon Stavanger som arbeidsstad.
Arbeidsoppgåvene omfattar rekruttering av fosterheimar, mellom anna å planleggje og gjennomføre rekrutteringsprosessar med særleg vekt på familie, nettverk og nærmiljø. Vidare skal ein handsame tilvisingar om fosterheim i tråd med gjeldande rutinar og samarbeide med barn, familiar, barnevernstenesta samt interne og eksterne aktørar for å finne ein eigna fosterheim tilpassa behova til barnet.
Stillingane krev at dei som blir tilsett, er fleksible og kan utføre andre oppgåver i fosterheimstenesta ved behov. Det må reknast med noko kvelds- og helgearbeid knytt til enkelte oppgåver.
Den faste stillinga er knytt til rekrutteringsavdelinga, som har ansvar for rekruttering av fosterheimar i tett samarbeid med den kommunale barnevernstenesta. Arbeidsoppgåvene omfattar òg å halde informasjonsmøte og gi tett oppfølging av aktuelle fosterheimskandidatar.
Vikariatet er knytt til formidlingsavdelinga, som arbeider med handsaming av tilvisingar om fosterheim i samarbeid med barn, familiar og barnevernstenesta.
Det må kome tydeleg fram i søknaden kva for stilling du søkjer på.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt
Kva får du hos oss?
Opplysningar til deg som søkjar
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og laste opp vitnemåla og attestane dine. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane din.
Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ber også om at du legg inn kopi av fysisk førarkort, og skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.
Om stillinga Vi har ledig 100% fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar ved støttesenteret for kriminalutsette i Møre og Romsdal politidistrikt. Vi søkjer etter ein engasjert rådgjevar/seniorrådgjevar som kan lose borgarar utsett for kriminalitet gjennom straffesaksprosessen. Likar du å jobbe sjølvstendig, er empatisk og har god evne til å arbeide med ulike menneske kan dette vere rette stillinga for deg. Støttesenteret for kriminalitetsutsette skal vareta og bistå dei som er blitt utsett for integritetskrenkande kriminalitet, herunder fornærma utsett for seksuelle overgrep og fornærma i vald i nære relasjonar. Tilbodet inneber psykososial støtte, oppfølging, informasjon og støtte upartisk gjennom heile straffesakskjeda. Primært er dette gjennom samtalar med fornærma og pårørande, men også i drøfting utan at det føreligg melding til politiet. Støttesenteret driv ikkje med behandling, men skal ha kunnskap om behandlingstilboda i politidistriktet. Det er eit mål å lose den utsette vidare til riktig hjelp. Sjå https://www.politiet.no/kontakt-oss/stottesenter-for-kriminalitetsutsatte/ Ved eventuelt internt opprykk kan det bli ledig ei fast rådgjevarstilling. Arbeidsstad er Ålesund, Molde, eller Kristiansund etter nærare avtale. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å hjelpe andre menneske som av ulike årsakar er utsette for kriminalitet. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer vi etter deg som til ei kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom dine haldningar og handlingar i det daglege arbeidet. Evnen til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vurderinga vår av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Arbeidsoppgåver • tilby støtte, oppfølging, informasjon og rettleiing gjennom heile straffesakskjeda til offer for integritetskrenkande kriminalitet • forhindre ytterlegare integritetstap gjennom straffesakskjeden • bidra til å styrke borgarane sin integritet for å bli betre rusta til å gjennomføre avhøyr og bli eit trygt vitne • lose voldsutsette vidare til profesjonell hjelp i både kommunalt og statleg hjelpeapparat • bidra til auka tilgjengelegheit og betre koordinering i hjelpeapparatet generelt og mellom hjelpeapparat og politi • drive fagutvikling og opplysningsverksemd om kriminalitetsoffer • vere politidistriktet sitt nasjonale kontaktpunkt for støttesenter for kriminaltetsutsette • bistå med vitnestøtte under rettssak • bistå med å søkje voldsoffererstatning • administrative oppgåver • andre oppgåver etter avtale Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vere kvalifisert: • relevant høgare utdanning innan sosial og helse på minimum bachelornivå eller politihøgskule. Lang og relevant erfaring/kompetanse kan kompensere for utdanningskravet i særskilte tilfelle. • gode evner til å kommunisere munnleg og skriftleg både på norsk og engelsk • evne til å bruke fleire digitale plattformar til loggføring og informasjonsinnhenting • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga. For å bli vurdert som seniorrådgjevar må du ha relevant mastergrad eller tilsvarande og minimum fem års relevant erfaring. I denne vurderinga kan relevant erfaring kompensere for kravet til mastergrad. Eventuell utdanning frå utlandet må vere godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse for å bli vurdert. Det er også ønskjeleg med • erfaring og utdanning i arbeid med familievold, kognitiv terapi, traume, psykisk barne- og ungdomsarbeid eller liknande • fleirkulturelt arbeid • mestring av andre språk Personlege eigenskapar • sjølvstendig og trygg i rolla som rådgjevar og medmenneske • har svært gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • løysingsorientert • handtere høge emosjonelle krav Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her. Dette kan vi tilby om du vel oss • ein spennande arbeidsplass med eit viktig samfunnsoppdrag der du får vere med på å forme politiet for framtida • fast stilling som seniorrådgjevar (SKO 1364) med brutto årslønn frå kr. 700 000 til kr. 775 000, eller rådgjevar (SKO 1434) med brutto årslønn frå kr. 600 000 til kr. 735 000. For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert. • medlemskap i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse. • fleksibel arbeidstid • mogelegheit for trening i arbeidstida • tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar. Mangfald i politiet Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her. Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc
Om stillinga Statsforvaltaren i Vestland lyser ut éi fast stilling for jurist på barnevernsområdet. Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk medarbeidar som ønskjer å bidra til forsvarlege og trygge tenester for barn og unge. Tilsyn med barnevernsinstitusjonar er ein sentral del av stillinga. Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga har ansvar for tilsyn, rettleiing, klagesaksbehandling og andre forvaltningsoppgåver innan barnevern, sosialtenester, helse og omsorg. Vi jobbar i skjeringspunktet mellom juss og barnevernsfag på velferdsområdet. Vi løyser oppgåvene med høg kvalitet, fagleg tyngde og er i kontinuerleg utvikling. Stillinga ligg til kontorstad Leikanger. Arbeidsoppgåver Ein vesentleg del av arbeidet er tilsyn med barnevernsinstitusjonar, der du vil • planleggje, gjennomføre og følgje opp tilsyn • vurdere praksis opp mot barnevernslova og forskrifter • utarbeide rapportar og eventuelle pålegg • samarbeide tett med kommunar, institusjonar og andre aktørar Andre sentrale oppgåver er • behandling av klager og andre forvaltningssaker • råd og rettleiing til tenester og brukarar • formidling av faglege vurderingar • deltaking i fagutvikling og kompetanseheving Andre relevante oppgåver kan bli tildelte etter avtale med seksjonsleiar. Kvalifikasjonar • Juridisk embetseksamen / master i rettsvitskap • Gjerne erfaring frå barnevernsfeltet • God innsikt i offentleg forvaltning • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk og bokmål • Evne til strukturert og sjølvstendig arbeid • Trygg i møte med komplekse faglege vurderingar • Det er ønskjeleg med førarkort klasse B Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som • har gode samarbeidsevner og trivst i tverrfaglege miljø • er analytisk, grundig og fagleg trygg • kommuniserer klart og forståeleg • bidreg positivt til arbeidsmiljøet • er fleksibel, løysingsorientert og utviklingsretta Personlege eigenskapar blir vektlagde. Som tilsett hos Statsforvaltaren får du • interessante arbeidsoppgåver • eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø • ein arbeidsplass i utvikling • medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning • trening i arbeidstida • delvis heimekontor • fleksibel arbeidstid • løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk Vil du jobbe hos oss? | Statsforvaltaren i Vestland Kontora våre i Leikanger og Førde ligg i kommunar som er omfatta av den nye ordninga for sletting av studiegjeld. Det vil seie at etter eitt år som yrkesaktiv kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Vi ønskjer mangfald Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. Vilkår Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå HK-dir. Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga. Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar, frå kr 610 000–770 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn. Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok. Tenestemålet til embetet er nynorsk. Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
Om stillinga Avdeling for digitaliseringspolitikk har ei ledig fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar i seksjon for personvern og digitale rettar. Seksjonen arbeider med implementering og forvaltning av EU-regelverk som har stor betydning for den digitale samfunnsutviklinga i Noreg, mellom anna KI-forordninga, forordning om digitale tenester og regulering av elektronisk identitet. Seksjonen har òg ansvar for digital tryggleik, digital inkludering, kommunikasjonsvern og personvern. Du vil bidra til utviklinga av politikk på eit område med høg politisk merksemd. Bruken av teknologi og digitalisering aukar, og påverkar kvardagen til kvar og ein av oss, og samfunnet som heilskap. Det gir store moglegheiter, men krev òg strategisk styring og regulering. Samfunnet er i rask endring, og både i perspektivmeldinga og digitaliseringsstrategien peikar regjeringa på utfordringane og behovet for omstilling. Digitalisering er eit nødvendig verkemiddel for å møte desse krava, samstundes som vi tek vare på rettstryggleik og tillit. Hos oss vil du bli del av eit dynamisk og tverrfagleg arbeidsmiljø som består av juristar, samfunnsvitarar og teknologar. Vi verdset høg fagleg kompetanse og evne til tverrfagleg samarbeid, og har ein kultur prega av openheit, tillit og fagleg utvikling. Arbeidsmiljøet er hektisk, men òg svært givande, med moglegheiter for personleg og profesjonell vekst. Vi legg stor vekt på å byggje relasjonar og samarbeid både internt i departementsfellesskapet og med eksterne aktørar. Arbeidsoppgåver Du vil inngå i eit fagleg sterkt og engasjert miljø, og arbeide med sentrale problemstillingar knytte til digitale rettar og regulering. Arbeidet vil spenne frå langsiktig utgreiing og regelverksutvikling til løpande oppfølging av saker med korte fristar. Du vil få ei sentral rolle i å bidra til kunnskapsgrunnlaget for politikkutforming. Du vil mellom anna: • utarbeide regelverk, herunder delta i innlemming og gjennomføring av EØS-relevant regelverk • arbeide med utgreiing og analyse • førebu saker for, og gi faglege råd til, politisk leiing • delta i fagdialog med underliggjande verksemder • behandle førespurnader frå publikum • bidra i seksjonen si øvrige oppgåveløysing innan digitaliseringsfeltet Vi søkjer deg som har Du må ha: • mastergrad i rettsvitskap/juridisk embetseksamen eller innan samfunnsvitskaplege fag • minimum tre års relevant erfaring for stilling som rådgjevar og fem års relevant erfaring for stilling som seniorrådgjevar • erfaring med regelverksarbeid, utgreiing eller digitaliseringsrelaterte problemstillingar • svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk Det er ønskjeleg at du har: • kjennskap til EØS-prosessar • kjennskap til regelverk og forvaltning knytt til digitalisering og/eller ID-regulering Personlige eigenskapar Vi ser etter deg som: • tar initiativ og driv arbeidet framover • evnar å handtere fleire parallelle prosessar og korte fristar • arbeider strukturert og planmessig • er fleksibel og løysingsorientert • samarbeider godt og bidreg til eit godt arbeidsmiljø • har stor arbeidskapasitet Det vil bli lagde vekt stor vekt på personleg egnethet. Utdannelse og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar. Vi tilbyr Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin. Vi tilbyr: • kompetanseutvikling i eit sterkt fagmiljø • fleksibel arbeidstid, betalt overtid og sommar-/vintertid • moglegheit for trening i arbeidstida • medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, forsikrings- og pensjonsordningar • eit aktivt sosialt miljø med mange tilbod til dei tilsette og eige bedriftsidrettslag Løn: Stillinga blir lønt som rådgjevar i lønnsspennet 650 000-750 000 kroner per år eller seniorrådgjevar i lønnsspennet 750 000-850 000 kroner per år. Lønsplasseringa er avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. Det blir trekt 2 prosent frå løna til innskot til Statens pensjonskasse. Autorisasjon: Tilsette i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet må kunna autoriserast for tilgang til informasjon BEGRENSET etter sikkerheitslova. Les meir om autorisasjon her. Vi er opptekne av Mangfald er ein styrke og bidrar til endå betre oppgåveløysing. Derfor ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å krysse av for dette i jobbsøkarportalen. Dersom det er kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin frå kvar gruppe til intervju. Dersom du får jobben, legg vi til rette for deg dersom du har behov for det. Avkryssingane i jobbsøkarportalen blir ikkje brukt til andre føremål enn anonymisert statistikk som statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine. Informasjon til deg som søkjer • Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenkje på denne sida. Fyll ut CV-felta i portalen (sjølv om du legg ved ein ferdig utfylt CV). Dette er nødvendig for mellom anna å oppfylle kravet om fullstendige søkarlister. Vi ber også om at du lastar opp vedlegg (vitnemål, kurs/sertifiseringar og arbeidsattestar). Utdanning frå utlandet må dokumenterast med godkjenning frå NOKUT eller HK-dir. • DFD samarbeider med Semac om bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir gjennomført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga. • Vi gjer merksam på at opplysninga om at du er søkjar, kan bli gjort offentleg sjølv om du har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Du vil bli informert før offentleggjeringa og få høve til å trekkje søknaden. Kontaktperson: For nærmare opplysningar om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsdirektør, Åste Marie Skullerud på tlf 90967304 eller e-post aste-marie.skullerud@dfd.dep.no. For nærmare opplysningar om rekrutteringsprosessen kan du ta kontakt med rekrutteringsrådgivar Annabel Tveit på tlf 97959303 eller annabel.tveit@dss.dep.no.