
Bu- og miljøtenesta, Stad kommune · Stad
Vil du vere med og utvikle gode helse- og omsorgstenester i Stad kommune? Bu- og miljøtenesta Selje/Stadlandet har no tre ledige 100 % stillingar som vernepl...
Bu- og miljøtenesta Selje/Stadlandet har no tre ledige 100 % stillingar som vernepleiar/miljøterapeut. Stillingane inkluderer 20 % frie timar. Vi kan tilby moglegheit for langvaktturnus med komprimert arbeidstid, noko som kan gi større fleksibilitet og meir samanhengande fritid
Bu- og miljøtenesta er ei teneste i kontinuerleg utvikling, med fleire tenestestader som tilbyr heildøgnstenester og oppfølging av heimebuande brukarar. Vi gir tenester til menneske i ulike aldrar og livssituasjonar med ulike funksjonsnedsettingar, og arbeider målretta for å skape trygge, meiningsfulle og individuelt tilpassa tenester.
Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø der samarbeid, utvikling og brukarmedverknad står sentralt. Målet vårt er å bidra til at kvar enkelt tenestemottakar opplever meistring, sjølvstende og best mogleg livskvalitet.
Dette er stillingar for deg som ønskjer ansvar, sjølvstende og høg grad av fagleg påverknad i kvardagen. Hos oss jobbar du tett på menneske – og gjer ein reell forskjell.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Stad kommune har god båtkorrespondanse til Bergen og nærflyplass i i Gloppen - Sandane Anda lufthamn.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden. Referansar skal leggast inn. Stad kommune har 6 månader prøvetid. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søknad om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillinga kan du kontake avdelingsleiar Silje Sneide telefon 481 19 558 eller assisterande einingsleiar Ann-Charlotte Jansson telefon 977 23 146
KontaktinformasjonSilje Sneide, Avdelingsleiar Bu- og miljøtenesta, 48119558, silje.sneide@stad.kommune.no
Ann Charlotte Jansson, Assisterande einingsleiar Bu- og miljøtenesta, 97723146, ann.charlotte.jansson@stad.kommune.no
6750 Stadlandet
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5152939238
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026
Om stillinga Me er på jakt etter vernepleiar eller sjukepleiar som vil bli ein viktig del av arbeidsmiljøet me har i Hannesvegen bustader. Hos oss vil du ta del i utviklingsarbeid, systemarbeid samt vere sentral i tenesteytinga. Du trivst med å arbeida strukturert og variert, og du er løysingsorientert når det oppstår uforutsette situasjonar. Me søkjer deg som likar ansvar, er fagleg engasjert og motiverast av å oppnå resultat gjennom samarbeid med andre. Saman har me som mål å levere gode tenester til tenestebrukerne og skape ein god arbeidsplass! Dersom du syns dette høyrast spanande ut, og vil vere med i teamet som driv denne tenesta, vil me gjerne høyre frå deg. Oppstart er etter avtale. Om oss Hannesvegen bustader ligg sentralt på Manger, og er heimen til 3 tenestebrukere med ulikt funksjonsnivå og hjelpebehov, og er i tillegg base for personalet i eininga. Målet er å gje tenester av god kvaltiet for å sikre ein best mogeleg kvardag for den einskilde. Arbeidsmiljøet er prega av sterkt engasjement for tenestebrukarane, og dyktige medarbeidarar som har omsorg for både tenestebrukarane og kvarandre. Hjå oss arbeider det miljøterapeutar, hjelpepleiar/helsefagarbeidarar, vernepleiestudent og assistentar. Arbeidsoppgåver • Primærkontaktansvar, koordinering og oppfølging av tenestemottakarar • Oppfølging av vedtak etter kapittel 9, dokumentasjon og evaluering • Medisinsk-fagleg ansvar, observasjon og legemiddelhandtering • Samarbeid med lege, spesialisthelseteneste og pårørande • Praktisk bistand og målretta miljøarbeid som skapar tryggleik og struktur • Utarbeiding, implementering og evaluering av tiltaksplanar • Fagutvikling, systemarbeid og rettleiing av kollegaer Dette er ein rolle der du får bruke heile verktøykassa di - og der du blir ein viktig del av eit større lag! Krav til stillinga • Autorisert vernepleiar vil bli prioritert. Autoriserte sjukepleiar kan også søkje. • God munnleg og skriftleg framstillingsevne, tilsvarande minimum nivå B2. • Førarkort kl.B • Grunnleggjande IKT-ferdigheiter. • Politiattest må leggjast fram før tiltreding, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 5-4. Ønskeleg kompetanse Det er eit føremon om du har: • Erfaring med Kap. 9 • Erfaring frå tilsvarande arbeid Kven er du? • Du har engasjement for faget og brukargruppa • Du er ein tydeleg og trygg omsorgsperson, som er aktiv og kreativ når det gjeldt å motivere, men roleg og tålmodig når situasjonen krev det • Du er interessert i å «gjere ein forskjell» når du er på jobb, og du er opptatt av refleksjon kring tenesteytinga og lojalitet knytt til felles retningsliner • Du har gode samarbeidsevner, men kan også arbeide sjølvstendig og gjere prioriteringar. • Du er ein god kollega som kan bidra til godt arbeidsmiljø Dei personleg eigenskapar ovanfor vil bli lagt stor vekt på. Me tilbyr • Ein dynamisk og spanande arbeidskvardag med eit humørfylt og inkluderande arbeidsmiljø der me tar deg godt imot! • 50 000 i rekrutteringstilskot mot signert bindingsavtale i 2 år for eksterne søkjarar • Løn i samsvar med dokumentert ansiennitet: 522 600 - 614 400 • 9000 over tariff for vernepleiarar og 10 000 over tariff for sjukepleiarar • Gratis parkering • Årsturnus med hovudvekt av langvakter og arbeid 4.kvar helg • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Sektor helse og omsorg tilbyr innbyggjarane i Volda kommune ulike tenester. Vi har i perioder behov for nye tilkallingsvikarar. Vi treng både sjukepleiarar, fagarbeidarar, vernepleiarar, assistentar, miljøterapeutar og personar med sosialfagleg kompetanse. Vi har behov for motiverte og dyktige personar som liker å arbeide med menneske. Inntak av nye vikarar vert gjort fortløpande ved dei seksjonane som har behov. Ver venleg å oppgi namn og kontaktinformasjon til referansar i søknaden. Skriv gjerne også kva felt/ avdeling du er mest interessert i. Erfaring, kompetanse, referansar og personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing. Dei ulike avdelingane som kan ha behov for vikarar: • Institusjon (Volda omsorgssenter og Hornindal omsorgssenter) • Heimetenester (Heimesjukepleie og døgnbemanna omsorgsbustadar) • Rus og psykisk helseteneste • Bu og habilitering ArbeidsoppgåverArbeidet består i helse- og omsorgsoppgaver til innbyggjarar i Volda kommune. Det vil vere ulike stillingsinstruksar ut frå kva avdeling og fagområde det gjeld. Kvalifikasjonar • Du må være over 18 år gammel. • Du må kunne norsk språk meget godt både munnleg og skriftleg. • Du må ha vanleg datakunnskap • Du må ha gode evner i kommunikasjon og samarbeid • Det er ein fordel med erfaring fra tilsvarende arbeid, men det er ikkje eit krav • Faglærte, samt studentar innan relevante fagområder innan helse og sosialfag blir prioritert. • I nokre seksjonar er det behov for førerkort klasse B for manuell gir. Ver venleg å oppgi dette i søknaden. • Du må kunne fremlegge tilfredsstillande politiattest og eigenerklæring for tuberkulose før oppstart i arbeid. For arbeid ved sjukeheim må ein også levere eigenerklæring for mrsa. Personlege eigenskapar • Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske • Du må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane • Liker utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåver • Tar initiativ og ansvar • Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø • Er strukturert og presis når det gjeld arbeidstid Vi tilbyr • Lønn etter gjeldande tariff • Sjølvstendig og variert arbeid • Tilgang på elæringskurs frå Visma og NHI • Høve til fagleg og personleg utvikling • Triveleg arbeidsmiljø KontaktinformasjonElsebeth Melle, Avdelingsleiar heimeteneste, 91130521, Elsebeth.melle@volda.kommune.no Malene Rovde, Avdelingsleiar Rus og psykiatri, 99011980, malene.rovde@volda.kommune.no Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar Institusjon, 91144863, ann-solvi.heltne@vooda.kommune.no Elin Høydal Vatne, Avdelingsleiar Forvalting, 91 55 59 70, elin.hoydal.vatne@volda.kommune.no Reidun Elisabeth Sandnes, Avdelingsleiar Bu og habilitering, reidun.elisabeth.sandnes@volda.kommune.no ArbeidsstadBarstadmarka 2 6102 Volda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Volda kommune Referansenr.: 5151478339 Stillingsprosent: 14% Vikar Søknadsfrist: 30.09.2026
Om stillinga Me søkjer ein engasjert og fagleg trygg vernepleiar til 100 % fast stilling i langvaktturnus med arbeid kvar fjerde helg. Dette er ei spanande stilling for deg som ønskjer å bruke kompetansen din og vere med på å utvikle gode, målretta og trygge tenester. Stillinga er i hovudsak knytt til éin tenestemottakar, og me ser etter deg som har kjennskap til helse- og omsorgstenestelova kapittel 9. Du vil få ein viktig rolle i å skape føreseielege rammer, gode relasjonar og ein meiningsfull kvardag. Sjukepleiarar kan òg bli vurderte og oppstart er etter avtale. Om Prestbrekka bufellesskap Prestbrekka bufellesskap ligg sentralt på Manger og er heim for ni personar med ulike bistandsbehov. Hos oss er målet å gi tenester med høg fagleg kvalitet, tilpassa den einskilde, slik at bebuarane får ein trygg, aktiv og best mogleg kvardag. Du blir del av eit tverrfagleg arbeidsmiljø med vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar og assistentar. Me legg vekt på samarbeid, fagutvikling og at medarbeidarane våre skal oppleve meistring og utvikling i jobben. Arbeidsoppgåver • fagutvikling, opplæring og rettleiing • utarbeide mål, planar og tiltak • arbeide i tråd med helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 • leggje til rette for gode og individuelt tilpassa tenester • sikre god dokumentasjon i tråd med gjeldande rutinar og retningslinjer • kartleggje behov og følgje opp tiltak • samarbeide med lege og spesialisthelsetenesta Kompetanse Me søkjer deg som er • Offentleg godkjent vernepleiar. Sjukepleiar med relevant erfaring er også velkommen til å søkje • har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne • har gode datakunnskapar • har førarkort klasse B Det er eit føremon om du har erfaring med autisme og åtferd som utfordrar. Det er viktig at du har god fysisk helse og trivst i ein aktiv arbeidskvardag. Kven er du? Me trur du vil trivast hos oss dersom du: • er fagleg engasjert og ønskjer å bidra til utvikling • er trygg, roleg og tydeleg i møte med andre • er løysingsorientert og strukturert • er robust og stabil, og klarer å halde fast ved tiltak og struktur også når kvardagen er krevjande • byggjer gode relasjonar og samarbeider godt med kollegaer og samarbeidspartnarar • ser verdien av målretta miljøarbeid og individuelt tilpassa tenester Me tilbyr • kr 50 000 i rekrutteringstilskot i 100% mot signert bindingsavtale i to år • kr 9 000 over grunnlønn i tariffavtale; løn: 554 400 - 648 900 etter din lønsansiennitet • langvaktturnus med arbeid kvar fjerde helg • årsturnus med moglegheit for innspel på arbeidstid • gratis parkering • godt fagmiljø og tett samarbeid med kompetente kollegaer • moglegheit for fagleg og personleg utvikling • god pensjonsordning