
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) · Oslo
Om stillinga Avdeling for forvaltningsutvikling har ei ledig stilling som rådgjevar i Seksjon for statsforvaltarar og berekraft. Vi søkjer ein rådgjevar som v...
Avdeling for forvaltningsutvikling har ei ledig stilling som rådgjevar i Seksjon for statsforvaltarar og berekraft. Vi søkjer ein rådgjevar som vil vere med å vidareutvikle styringa av statsforvaltarane og Statsforvalteren sine fellestenester.
Statsforvaltaren er staten sin represent i fylka, med 10 verksemder over heile landet. Dei utfører forvaltningsoppgåver for departementa, kontrollerer kommunane si verksemd og er klageinstans for kommunale vedtak. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
(DFD) har det administrative ansvaret for statsforvaltarane. I tillegg samordnar DFD departementa og direktorata som gir oppgåver til statsforvaltaren. DFD etatsstyrer også Statsforvaltarens fellestenester (STAF), som leverer tenester til statsforvaltarane.
I denne stillinga vil du få delta i etatsstyringa av statsforvaltarane og STAF. Du vil samarbeide tett med kollegaer i seksjonen og samstundes ha ein brei kontaktflate internt i DFD, mot andre departement og direktorat/tilsyn i styringa. Samordningsrolla vår er i utvikling, og vi tek ei breiare og meir aktiv rolle i styringa av sektoren. Vi er òg i gang med eit større utviklingsarbeid for å skape betre balanse mellom statsforvaltarane sine oppgåver og ressursar, samt å leggje til rette for meir heilskapleg styring. Dette gir spennande utviklingsoppgåver i seksjonen og gode moglegheiter til å påverke retning, men inneber òg periodar med høgt tempo.
Stillinga vil i hovudsak innebere
Personlege eigenskapar
Arbeidskvardagen er variert, og du må evne å arbeide sjølvstendig, strukturert og langsiktig, samstundes som du handterer periodar med høgt tempo og mange oppgåver samtidig. Vi ser etter deg som kommuniserer godt og likar å samarbeide.
I tillegg ser vi etter deg som
Vi vil leggje stor vekt på om du er personleg eigna for stillinga.
Utdanning og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.
Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin.
Løn: Stillinga blir lønt som rådgjevar i lønnsspennet 680 000-800 000 kroner per år. Lønsplasseringa er avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. Det blir trekt 2 prosent frå løna til innskot til Statens pensjonskasse.
Autorisasjon: Tilsette i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet må kunna autoriserast for tilgang til informasjon BEGRENSET etter tryggingslova. Les meir om autorisasjon her.
Mangfold er ein styrke og gjer at vi kan løysa oppgåvene våre endå betre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å kryssa av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen blir ikkje brukt til noko anna enn anonymisert statistikk som statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Informasjon til deg som søkjer
Kontaktperson: For nærmare opplysningar om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsdirektør, Arnfrid Arthur på tlf 93217407 eller e-post Arnfrid.Arthur@dfd.dep.no.
For nærmare opplysningar om rekrutteringsprosessen kan du ta kontakt med rekrutteringsrådgivar Annabel Tveit på tlf 97959303 eller annabel.tveit@dss.dep.no.
Vil du jobbe med dei som går i front for grøn omstilling i Vestland? Vestland er i omstilling. Næringsliv, offentleg sektor og kunnskapsmiljø samarbeider for å gjere regionen grønare, og dette arbeidet gir resultat. Grøn region Vestland er ei samordna satsing kring verdiskaparane som går i front for grøn omstilling. Vi koplar aktørar og verkemiddel for auka verdiskaping. Vi byggjer noko som skal vare. Målet er å ha eit sjølvgåande kraftsenter for grøn næringsutvikling, kunnskapsdeling for berekraftig forvalting av ressursane og nettverk for forpliktande klimaarbeid. Det du er med å byggje no, skal framleis vere i drift om ti år - med fleire bedrifter, sterkare partnarskap og historier som inspirerer langt utover Vestland. Og vi treng nokon som kan fortelje verda om det - er det deg? Vi søkjer ein engasjert kommunikasjonsrådgjevar som kan løfte fram arbeidet til Grøn region Vestland gjennom tydeleg, truverdig og inspirerande kommunikasjon. Du vil vere ein sentral ressurs i eit prosjekt som betyr noko - for Vestland, for næringslivet og for klimaet. Stillinga er ei 3-årig prosjektstilling i 100 % med arbeidsstad på Vestlandshuset i Bergen. Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene dine vil vere blant anna å: • utforme strategisk kommunikasjon for Grøn region Vestland og dei sirkulære hubbane • løfte fram dei kommersielle suksesshistoriene og verdiskapinga som skjer i fylket • ha utstrekt dialog med dei som står i front for det grøne skiftet i Vestland • planlegge og gjennomføre arrangement • vedlikehalde og utvikle nettsider og sosiale medium • utarbeide nyheitssaker, artiklar og redaksjonelt innhald • utarbeide kommunikasjonsmateriell • gjere administrativt arbeid knytt til prosjektet Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som har: • relevant utdanning på minimum bachelornivå • erfaring innan kommunikasjon, journalistikk eller media • gode formidlingsevner i norsk og engelsk både skriftleg og munnleg • ferdigheiter innan kommunikasjonsteknologi • god kjennskap til sirkulær økonomi, næringsutvikling og grøn omstilling Personlege eigenskapar Som person: • kjenner du deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig • forstår du samanhengen mellom berekraft og kommersiell verdiskaping — og kan formidle det engasjerande • har du gode relasjonelle eigenskapar og evne til å kommunisere med ulike grupper, frå gründerar til kommunedirektørar • har du stort engasjement for grøn omstilling og næringsliv • har du evne til å raskt setje deg inn i nye tema og fagområde • er du sjølvstendig og initiativrik • jobbar du systematisk og strukturert • trivst du med å jobbe på tvers av fagmiljø Vi tilbyr Vi kan tilby deg: • ein meiningsfull jobb i eit prosjekt som bidreg til grøn omstilling i Vestland • moglegheiter til å forme og utvikle rolla saman med prosjektteamet • eit engasjert og tverrfagleg arbeidsmiljø • arbeidsstad sentralt i Bergen • løn etter avtale • gode moglegheiter for fagleg utvikling • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar KontaktinformasjonKathrin Jakobsen, seksjonssjef, 98255253 ArbeidsstadLars Hilles gate 22 5008 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5145926718 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 04.08.2026
Vil du hjelpe gründerar med å lukkast? Etablerersenteret i Vestland søkjer ein medarbeidar for eit engasjement i perioden 01.01.2027–31.12.2028. Etablerersenteret er førstelinjetilbod for dei som vil starte eller utvikle eiga bedrift. Etablerersenteret er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og eigarkommunane. Som ein del av det offentlege støtteapparatet for entreprenørskap i fylket, er Etablerersenteret ein sentral møteplass der gründerar får praktisk hjelp, kompetanse og rettleiing tidleg i prosessen. Som ein del av Etablerersenteret blir du ein viktig del av arbeidet med å få fleire til å starte bedrift – og auke sjansen for at dei lukkast over tid. Du vil jobbe tett på gründerar i ulike fasar. Kontorstaden er Vestlandshuset i Bergen. Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere: • individuell rettleiing av gründerane • dialog med kommunar, næringslivsaktørar og resten av verkemiddelapparatet • halde presentasjonar • skrive tekster for rapporter og anna • analysearbeid • det kan bli anna arbeid knytt til oppgåvene på Etablerersenteret Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som har: • høgare utdanning på masternivå. Kandidatar med bachelorgrad og relevant erfaring kan bli vurderte for stillinga, men vil då bli tilsett som spesialkonsulent og ikkje rådgjevar. • relevant arbeidserfaring • høg fagkompetanse innan innovasjon og næringsutvikling • kunnskap om førstelinjetjeneste og offentleg sektor • erfaring med å lede fysiske og digitale workshops og samlinger • gode kommunikasjonsevner, både skriftlig og muntlig • erfaring frå rettleiing Det er ein fordel med: • gründerbakgrunn – og gjerne erfaring med å etablere eiga bedrift Personlege eigenskapar Du er: • ein lagspelar som initierer og utviklar kompetanse, samarbeid og relasjonar, og som synleggjer og deler kunnskap og erfaringar • ein som vil løfte andre og er opptatt av verdiskaping og rolla som samfunnsbyggjar. • har høg integritet og stort engasjement • sjølvstendig, sjølvgåande og initiativrik • ein dyktig formidlar, som trivs godt i rollen som fasilitator og rettleiar • har fagleg autoritet og varme Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig. Vi tilbyr Hos oss får du: • ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag • ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse • gode moglegheiter for fagleg utvikling • løn etter avtale • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar KontaktinformasjonSandra Haugland, Seniorrådgjevar, 92669203, sandra.skotnes.haugland@vlfk.no Heidi Bjønnes Larsen, leiar, 99613868, heidi.bjonnes.larsen@vlfk.no ArbeidsstadLars Hilles gate 22 5008 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5127412915 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.01.2027 Sluttdato: 31.12.2028 Søknadsfrist: 10.08.2026
Vil du vere med og utvikle ei framtidsretta helse- og omsorgsteneste i kommunen? Vi søkjer ein engasjert og strukturert rådgjevar til sektor helse og omsorg. Stillinga er nyoppretta og har ei sektorovergripande rolle, med mål om å støtte leiarar og bidra til heilskapleg utvikling av tenestene. Arbeidsoppgåver • Gi råd og fagleg støtte til leiarar i sektor helse og omsorg • Koordinere prosjekt- og utviklingsarbeid på tvers av avdelingane • Utgreiings-, rapporterings- og sakshandsamingsoppgåver • Arbeid med kvalitetssystem, internkontroll og oppfølging av lov- og avtaleverk • Ha ei viktig rolle i økonomisk forvaltning av felles budsjettpostar i sektoren • Utarbeide høyringsuttalar og faglege innspel ved behov • Ta i bruk digital kompetanse og bidra i endrings- og utviklingsarbeid, mellom anna innan bruk av nye digitale løysingar og KI • Oppgåvene i stillinga vil kunne endre seg over tid, i takt med behov i sektoren. Kvalifikasjonar • Høgare helse- og sosialfagleg utdanning, minimum bachelor. • Erfaring frå helse- og omsorgstenester, gjerne frå kommune • Erfaring frå kvalitets- og utviklingsarbeid, utgreiing og/eller sakshandsaming • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk Personlege eigenskapar • Strukturert og sjølvstendig • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • Analytisk og løysingsorientert • Evne til å arbeide på tvers av fagmiljø og organisasjonsnivå Vi tilbyr • Ei nyoppretta, spanande og meiningsfull stilling i ein sektor i utvikling • Moglegheit til å påverke og bidra til heilskaplege løysingar • Godt fagmiljø og tett samarbeid med leiarar • Løn og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande avtaleverk KontaktinformasjonElin Høydal Vatne, Avd.l helse- og forvaltning, +47 91555970, elin.hoydal.vatne@volda.kommune.no ArbeidsstadStormyra 2 6100 Volda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Volda kommune Referansenr.: 5156585480 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 14.08.2026