
Møre og Romsdal Politidistrikt · Molde
Om stillinga Vi har ledig fire faste stillingar ved seksjon for vakt og beredskap i Molde. Politibetjentar innan vakt- og beredskapsteneste skal på døgnkonti...
Vi har ledig fire faste stillingar ved seksjon for vakt og beredskap i Molde.
Politibetjentar innan vakt- og beredskapsteneste skal på døgnkontinuerleg basis bidra til å sikre tryggleik for innbyggjarane gjennom kriminalitetsførebygging som hovudstrategi. I periodar må ein pårekne å bidra innan andre tjenesteområde, avhengig av behov i driftseininga.
I tillegg til ein interessant og lærerik arbeidskvardag, byr Molde og Romsdal på storslått natur og unike moglegheiter for toppturar, skikjøring og anna friluftsliv året rundt. Er du klar for ein ny arbeidskvardag hos oss? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Vi ser etter deg med høg operativ kapasitet som er interessert i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vurderinga vår av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på, i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
Det er også ønskjeleg med
Personlege eigenskapar
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Om stillinga Ønskjer du ein meiningsfull kvardag der du får jobbe med etterforsking av straffesaker ved Molde politistasjon? Vi har no ledig ei fast stilling som etterforskar. Etterforskingsarbeidet skal vere ein integrert del av den førebyggjande strategien til politiet. I periodar må ein rekne med å bidra innan andre tenesteområde, avhengig av behovet i driftseininga. Molde og Romsdal byr på storslått natur. Fjell og fjord, fotball og eit levande kulturliv. Det er unike moglegheiter for toppturar og friluftsliv, sommar som vinter, i nærleiken. Er du klar for ein ny arbeidskvardag i Molde? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Vi vil ha deg på laget. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi ser etter deg som er motivert og interessert i etterforskingsfaget. Vi stiller høge krav til fagleg motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til kvar tid og fungerer som gode ambasadører for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evne til å vere trygg, tilstades i det daglege, lydhøyr, og å byggje tillit til publikum er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vår vurdering av kandidatar er dette blant det vi legg vekt på. I tillegg ønskjer vi medarbeidarar som evnar å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåver • etterforskingsoppgåver • kriminalitetsførebyggjande arbeid • kriminalvakt/publikumsmottak • samarbeid i grupper ved etterforsking av både større og litt mindre saker • utføre etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode • andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved seksjonen • bidra med rettleiing og opplæring/kompetansehevande tiltak ved seksjonen • mogleghet for støtteliste ved vakt og beredskap i Molde kvar fjerde helg (krev minimum IP4-godkjenning) • delta i aksjonar i regi av eigen seksjon eller som bistand til andre avsnitt/seksjonar • kan blir pålagd andre arbeidsoppgåver Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vere kvalifisert: • fullført og bestått Politi(høg)skule. Vitnemål skal leggjast ved. Karakterskjema skal fyllast ut og leggjast ved søknaden. Sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema • god skriftleg og munnleg formidlingsevne • Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jfr. Politioven §18 og Politiregisterloven §41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkatheitsvurderinga Det er også ønskjeleg med • erfaring frå politistilling • erfaring frå etterforsking utover PHS • etter- og vidareutdanning innanfor etterforsking • anna relevant tilleggsutdanning/kurs/erfaring Personlege eigenskapar • motivasjon og interesse for etterforskingsfaget • gode samarbeidsevner • strukturert og ansvarsbevisst i arbeidet ditt • evne til å byggje tillit hos publikum og gode kommunikasjonsferdigheiter • ønskjer fagleg utvikling og bidreg til kunnskapsdeling Som medarbeidar i politiet har du høg etisk moral. Du blir kjenneteikna ved at du er modig og heilskapsorientert. Du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattforme her. Dette kan vi tilby om du vel oss • ein utfordrande og meiningsfull kvardag med utviklingsmoglegheiter i Møre og Romsdal politidistrikt • for erfarne kandidatar vil stilling som 0285 politiførstebetjent (lønn: Kr. 650 000 - kr. 720 000) bli vurdert, eventuelt politioverbetjent (kr. 680 000 - kr. 760 000) for særskilt kvalifiserte, jf. lokale retningslinjer. Alternativt stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457), avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 til kr. 690 000 politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 585 000 til kr. 635 000 politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 560 000 til kr 610 000 • ved andre tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området • godtgjering etter gjeldande ATB på for tida 44 708 kr og tillegg for eventuell tunusteneste • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse • mogelegheit for trening i arbeidstida • fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift og tilknyting til bedriftshelseteneste Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar. Mangfald i politiet Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her. Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc Slik søkjer du Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Opplysningane om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje vil du bli varsla om dette.
Om stillinga I Vest politidistrikt, for tida ved geografisk driftseining Bergen, Askøy og Øygarden, tjenesteeining Bergen vest politistasjonsdistrikt, avsnitt for etterretning og koordinerande førebyggjing, er det ei ledig stilling som politibetjent 3/2/1 med funksjon som fleirkjeldeanalytikar. GDE Bergen, Askøy og Øygarden er organisert i fem politistasjonsdistrikt: Bergen sør, Bergen vest, Bergen sentrum og Askøy og Øygarden. Stillinga er plassert ved Bergen vest politistasjonsdistrikt, under avsnitt for etterretning og koordinerande førebyggjing. Stillinga har ansvar for å delta i analyseprosessar i heile GDE Bergen, Askøy og Øygarden, samstundes som stillinga har ansvar for å utarbeide og presentere etterretningsprodukt. Stillinga samhandlar tett med dei andre funksjonane ved avsnittet. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi er ser etter ein motivert medarbeidar med engasjement for etterretningsfaget. Du må ha analytiske evner, og kunne blant annet sammenstille, bearbeide og analysere informasjon til etterretningsprodukter. Vi ser etter deg som har evne til å arbeide sjølvstendig, samstundes som du samhandlar godt med kollegaer. Det vektleggjast at medarbeidarar i stillinga må vere komfortabel med å presentera ulike produkt for leiargruppa og andre på bestilling. Som medarbeidar vil du samhandle tett med kollegaer i andre etterretningsmiljø, både lokalt, sentralt og eksternt. Vi ser etter deg som evner å arbeide under tidspress og trives i ein hektisk arbeidskvardag. Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping og som tenkjer førebyggjing som primærstrategi. Vi stiller høge krav til arbeidsmoral, motivasjon og etisk integritet. Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit hos publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåver • Innhente, omarbeide og analysere informasjon på ein- og fleirkjelde-nivå • Gjennomføre oppdragsanalyse, og ha oppdragsdialog med beslutningstakarar • Vere i stand til å tenkje førebyggjing som primærstrategi for kriminalitetsnedkjemping • Utarbeide samanstillinger/ analyseprodukt • Bidra til å beskytte politidistriktets informasjon, materiell og objekt • Utføre kvalitetskontroll av informasjons- og etterretningsprodukt • Delta i avsnittet sine arbeidsoppgaver i oppsatt struktur • Vurdere forventet utvikling og konsekvens Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vere kvalifisert: • Vitnemål fra politiskule/ politihøgskule. Vedlagt karakterskjema skal fyllast ut og leggjast ved søknaden • Søkjarar til stilling som politibetjent 2 eller 3 må tilfredsstille gjeldande kompetansekrav for desse stillingane • God kunnskap om dataverktøy og spesielt datasystema til politiet • God skriftleg og munnleg formuleringsevne • Erfaring frå bruk av Indicia prosjektmodul • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering i forkant av eventuelt intervju. Det er også ønskjeleg med: • Erfaring innanfor etterretningsfaget eller analysearbeid • Relevant videreutdanning innan etterretning og/eller operativ krimanalyse blir vektlagt • Kunnskap om førebyggjande politiarbeid blir vektlagt • Erfaring frå prosjektarbeid er ein fordel • Språkkompetanse utover engelsk er ein fordel Personlege eigenskapar • Samarbeidsvillig • Evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk • Evne til å identifisere, analysere og leggje fram informasjon på ein forståeleg måte • Gode samarbeidsevner og evne til heilskapstenking og -handling • Gode evner innan kommunikasjon og relasjonsbygging • Gode analytiske evner med bevissthet rundt kognitive bias • Ynskjer fagleg utvikling og bidrar til kunnskapsdeling Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her. Dette kan vi tilby om du vel oss • Stillinga vert lønna som politibetjent 3/2/1 (stillingskode 1461/1459/1457) med funksjon som fleirkildeanalytikar med årslønn: • politibetjent 3/ SKO 1461: frå kr 630 000.- brutto per år. For politibetjent 3 kommer etterforskartillegg etter gjeldende reglar i tillegg. • politibetjent 2/ SKO 1459: frå kr 540 000.- brutto per år • politibetjent 1/ SKO 1457: frå kr 510 000.- brutto per år • Vidare lønnsutvikling vil skje i samsvar med hovudtariffavtalane i staten. • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtidas polititenester • Vest politidistrikt er ei IA-versemd • Bedriftshelseteneste Mangfald i politiet Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her. Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Om stillingen I Innlandet politidistrikt ved tjenestested Lillehammer er det ledig en fast stilling som politibetjent 3/2/1 ved etterforskningsseksjonen, innen faggruppe generell etterforskning. Lillehammer politistasjon er organisert i to seksjoner, orden/forebyggende og etterforskning. Etterforskningsseksjonen er organisert med seksjonsleder og tre faggrupper, henholdsvis Seksuelle overgrep og Vold i Nære relasjoner, Generell etterforskning og U18/Vold/Narkotika/Vinningskriminalitet. Vi er på jobb for et trygt Norge. Som en del av politiets viktige samfunnsoppdrag, skal vi forebygge og bekjempe kriminalitet, skape trygghet og ivareta rettssikkerheten. Vi tror at mangfold bidrar til bedre oppgaveløsning, og søker derfor medarbeidere med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidshverdagen, vil vi gjøre vårt beste for å gi deg det du trenger. Dette ser vi etter hos en ny medarbeider Eksempel: Vi ser etter motiverte personer som er interessert i å møte utfordringer knyttet til kriminalitetsbekjempelse. Vi stiller høye krav til faglig kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Videre søker vi medarbeidere som opptrer profesjonelt til enhver tid og fungerer som gode ambassadører for politiet gjennom sine holdninger og handlinger i sitt daglige arbeid. Evnen til å være trygg, nærværende, lydhør samt å bygge tillit hos publikum, er avgjørende for suksess i vår organisasjon. I vår vurdering av kandidater er blant annet dette noe vi vil legge vekt på samt evnen til å bidra til et inkluderende og respektfullt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgaver • Etterforskning av tildelte straffesaker, effektiv og med høy kvalitet i tråd med gjeldende regelverk, gitte direktiver, faglig standard og anerkjente etterforskningsmetoder • Jourtjeneste i publikumsmottak • Rapportere informasjon iht politidistriktets informasjonsbehov • Delta på integrert vakttjeneste hver tredje helg • Gjennomføre straksetterforskning i henhold til prinsippene til politiarbeid på stedet (PPS) • Ta del i andre oppgaver som blir pålagt av leder Kvalifikasjoner Dette må du ha for å være kvalifisert: • Bestått grunnutdanning fra Politi(høg)skolen • Interesse for etterforskning og straffesaksbehandling • Forståelse for politiets samfunnsoppdrag og ulike virksomhetsområder • Innsikt i straffesakskjeden • God skriftlig og muntlig formuleringsevne Det er også ønskelig med: • Bestått videreutdanning etterforskning (VEF) • Relevant tilleggsutdanning og/eller erfaring fra fagområder innen etterforskning • Kompetanse og/eller praktisk erfaring fra sikring/gjennomgang av digitale lagringsmedier • Innsikt i kriminalitetsforebygging som politiets primærstrategi Gjennomført, eller forplikter deg til å gjennomføre OÅO/HEVE (obligatorisk opplæring) for etterforskere. Godkjenning minimum IP kategori 4 og utrykningsbevis. Hvis søker ikke har slik godkjenning kan søker måtte gjennomføre/bestå godkjenning så snart som mulig etter tiltredelse. Du må ha plettfri vandel og være skikket for tjeneste for å kunne ansettes i politiet. Uttømmende og utvidet politiattest skal innhentes og fremlegges før eventuell ansettelse. Ved vurderingen av om du er skikket for tjeneste i politiet, kan det bli innhentet opplysninger om deg fra politiets registre. Personlige egenskaper • Kunne arbeide selvstendig og strukturert, være løsningsorientert, og evne å ta raske beslutninger • Ha gode kommunikasjonsferdigheter, evne til å samarbeide, og trives med å arbeide i team • Ha ønsker om resultatoppnåelse, faglig utvikling, og bidra til kunnskapsdeling Som medarbeider i politiet har du høy etisk bevissthet, du kjennetegnes av å være modig og helhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese mer om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her. Dette kan vi tilby om du velger oss • Stillingen lønnes som politibetjent 3/2/1 (stillingskode 1461/1459/1457) med årslønn: • politibetjent 3: kr. 575.000 + etterforskertillegg på kr 60.000 • politibetjent 2: kr. 525.000 + etterforskertillegg på kr 35.000 • politibetjent 1: kr. 510.000 + etterforskertillegg på kr 20.000 • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant annet gode pensjons- og forsikringsordninger. Les mer på www.spk.no • Gode arbeidsbetingelser Mangfold i politiet Dersom du har funksjonsnedsettelse, innvandrerbakgrunn eller hull i CV-en, er det anledning for å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillingen, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det innebærer at minst én søker fra hver av disse gruppene blir innkalt til intervju. Les mer om positiv særbehandling når man søker jobb i staten her. Opplysningene du gir, brukes til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlige virksomheter rapporterer i sine årsrapporter. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søker du Du søker ved å fylle ut CV i Jobbnorges CV-skjema og skrive et kort søknadsbrev. I tillegg må du legge ved relevante vitnemål og attester. Relevante kandidater vil bli kalt inn til intervju. Opplysninger om deg kan bli offentliggjort selv om du har anmodet om ikke å bli ført opp på søkerlisten. Dersom anmodningen ikke blir tatt til følge, vil du bli varslet om dette.