
Fitjar Kulturskule · Fitjar
Vil du bli vår nye pianolærar? Fitjar kulturskule har frå 1 august 2026 ledig 40% fast stilling som lærar på piano. Dette er 2. gangs utlysing og interjuv og ...
Fitjar kulturskule har frå 1 august 2026 ledig 40% fast stilling som lærar på piano. Dette er 2. gangs utlysing og interjuv og tilsetjing kan skje fortløpande.
Løns og arbeidsvilkår vert etter avtale, og i samsvar med kommunalt avtaleverk. For nærare opplysningar kontakt rektor i Fitjar kulturskule, Håvard Kroka, tlf: 90 87 55 94.
Svingen barnehage har ledig 80 % vikariat som barnehagelærar frå 10.08.26 til 24.12.26, med mogleheit for forlenging ut barnehageåret. Svingen barnehage har eit flott nybygg som sto ferdig hausten 2023. Dette er ein kommunal barnehage i Fitjar kommune. Den ligg like utanfor Fitjar sentrum, og vil til hausten 2026 ha fire avdelingar. Barnehagen ligg i eit vakkert naturområde nær bustadområdet Rossneset. Den ligg fint plassert i ei naturtomt med kort veg til utmark, sjø, skog og fjell. Dei tilsette er opptekne av å skape eit godt fagleg og sosialt miljø. I dei to neste åra skal barnehagen vera med i eit læringsmiljøprosjekt initiert av UDIR og statsforvaltaren i Vestland. Alle barnehagane og skulane i Fitjar kommune skal delta her. Hovudoverskrifter i prosjektet er psykososialt barnehage- og skulemiljø. Kvalifikasjonar: • Barnehagelærar • Eventuell anna pedagogisk utdanning på høgskulenivå med tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk på 60 studiepoeng. • God IKT kompetanse Arbeidsoppgåver: • Gi omsorg og støtte til barn i alderen 0-6 år • Utvikle, støtte og rettleie barns leik • Bidra til å skape aktivitetar i kvardagen saman med barna • Bidra med det pedagogiske arbeidet på avdelinga, og motivera medarbeidarar til utvikling og målretta arbeid til det beste for barna • Samarbeid med føresette Vi søkjer deg som: • Er påliteleg, stabil og ansvarsfull • Evne til å ta initiativ og arbeide målretta og sjølvstendig • Arbeidsglede, er fleksibel og viser god relasjonskompetanse • Står trygt i deg sjølv og handlar ut frå barns beste • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø ved å vere open, ærleg og reflektert • Evne til å bidra til at barn opplever meistring og glede • Trivst med å vere ute store delar av dagen, uavhengig av ver og årstid Vi tilbyr: • Godt, trygt arbeidsmiljø med imøtekomande tilsette som bryr seg om kvarandre og barna sitt beste • Lønns- og pensjonsavtale i tråd med hovudtariffavtalen I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar. Den som blir tilsett må leggje fram gyldig politiattest. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Søknadsskjema skal fyllast ut med referansar og oppdatert CV.
Nattpatruljen i Fitjar har ledig 85% fast stilling og 85% vikariat på natt, turnus med jobb kvar 3. helg Sjukeheimen har 2 avdelingar, ein somatisk avdeling og ein skjerma avdeling. Heimebaserte yter hjelp til bebuarar i eigen heim. Nattpatruljen har base på sjukeheimen og reiser ut på oppdrag etter avtale og tilkalling. Me har mange flotte medarbeidarar i eining for helse og omsorg, og søkjer no etter sjukepleiar som kan jobba sjølvstendig og i team. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting. Vikariatet kan bli forlenga. Me treng deg som: • Er fagleg sterk • Er strukturert og pliktoppfyllande • Likar å ta ansvar og føl dette opp • Er stabil og påliteleg • Er kreativ og praktisk • God på å skape relasjonar med pasientar, pårørande og kollegaer • Gi omsorg, skapa tryggleik og livskvalitet • Yt tenester av god kvalitet etter gjeldande lovverk • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø • Har gode samarbeidsevne • Har evne til å ta imot og gje kollegaveiledning Kvalifikasjonskrav: • Autorisert sjukepleiar • Helsefagarbeidar kan bli vurdert for vikariatet • Sertifikat klasse B • Høg arbeidskapasitet og arbeidsglede • God norsk framstillingsevne både munnleg og skriftleg, og gode grunnleggande datakunnskapar • Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato • Personlege eigenskapar vert vektlagt. Me tilbyr: • Godt arbeidsmiljø med gode kollegaer og godt fagmiljø. • God forsikrings- og pensjonsordning. • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk • Offentlig tenestepensjon i KLP • Opplæring og rettleiing. Fitjar kommune ynskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje uavhengig av kjønn, alder og etnisk bakgrunn. Tilsetjing og arbeidsvilkår etter ei kvar tid gjeldande regelverk. Vitnemål og attestar takast med ved innkalling til eit evt. intervju. I ferieavviklinga har leiarane ferie på ulike tidspunkt. Om du vil kontakte nokon angåande stillingane så prøv einingsleiar Olav Sande og avdelingsleiarar Marianne L. Lups om du ikkje får tak i kontaktpersonen som er oppgitt.
Interkommunal døgnavdeling er lokalisert i 2. høgda i Legevaktbygget i nær relasjon til Stord sjukehus. Avdelinga vart opna 20. mars 2017. Avdelinga har 9 senger. 4 senger er kommunale akutte døgnplassar (etter § 3-5 i helse- og omsorgstenestelova) og 5 senger er disponert av tildelingskontora i den einskilde av samarbeidskommunen for pasientar som treng opphald i påvente av tilbod i heimkommune. **Det er ledig fast 100 % lege stilling ved interkommunal døgnavdeling (IDA) for kommunane Bømlo, Fitjar og Stord.**Oppstart etter avtale med leder. Avdelingsoverlege har arbeidstida si frå 08 00 til 15 30 frå måndag til fredag Dei faste legane er med i ein 6-delt bakvaktsturnus kvardagar kl 15.30 -- 22 og laurdagar/sundagar/heilagdagar kl 08-22. Det er 3 timars aktiv vakt på helgedagar. Bakvakt på netter er dekka av legevaktslege. Arbeidet består i: • Vera delaktig i kvalitet- og utviklingsarbeid i avdelinga og bidra til fagutvikling. • Ha medisinsk ansvar for avdeling ( Medisinsk fagleg rådgjevar skal saman med dagleg leiar og styret, sikre eit godt fagleg og etisk nivå og vidareutvikle tenesta. • Samarbeid med fastlegar, heimetenesta og tildelingskontora i kommunane. • Ein vil ha pasientretta arbeid, med bl.a. visitt, inn- og utskriving av pasientar, føre epikrise etc. Kvalifikasjonar: • Spesialist i allmennmedisin eller ALIS med interesse for geriatri og sykehjemsmedisin • Erfaring frå primærhelsetenesta, indremedisin eller geriatri • Fagleg engasjement og interesser for utvikling av avdelinga og godt arbeidsmiljø • Evne til sjølvstendig arbeid, funksjon i team og støttande delegasjon av oppgåver • God skriftlig og muntlig fremstillingsevne på norsk. • Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato. Vi tilbyr • Et faglig sterkt og inkluderende arbeidsmiljø • Fleksibel arbeidstid og god balanse mellom arbeid og fritid • Mulighet for å påvirke utviklingen av tjenestene • Mulighet å kombinere jobb med legevaktsarbeid hvis ønskelig • Lønn etter avtale • Offentleg tenestepensjon i KLP Me legg vekt på personlege eigenskapar og vurderingar i intervju med tanke på evne og interesse for utvikling av faglege prosedyrar og rutinar for samarbeid internt i avdelinga og mot samarbeidspartar. Lønn etter avtale. Pensjonsordning gjennom KLP. For nærare opplysingar om stillinga kontakt dagleg leiar Agata Barbara Kapuscinska tlf. 40 72 92 63, eller mail: agata.barbara.kapuscinska@stord.kommune.no Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.