
Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter · Bjørnafjorden
Vi treng tilkallingsvikarar både i serviceavdelingane (vaskeri, reinhald, kjøken) og i pleieavdelingane. I pleieavdelingane har vi behov for tilkallingsvikarar...
Vi treng tilkallingsvikarar både i serviceavdelingane (vaskeri, reinhald, kjøken) og i pleieavdelingane.
I pleieavdelingane har vi behov for tilkallingsvikarar som kan arbeide både dag-, kveld- og nattevakter.
Som tilkallingsvikar og som ferievikar kan vi tilby arbeid/vakter ved fråvær pga sjukdom, ferie eller andre høve som fører til behov for midlertidig arbeidskraft.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Arbeidsstad
Kun nokre minuttars køyring frå Bergen ligg Luranetunet Bu- og behandlingssenter. Senteret rommar 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelingar. Dei to korttidsavdelingane er rehabiliteringsavdeling og behandlingsavdeling med til saman 40 plassar. Her kjem det inn pasientar inn både frå heimen og sjukehuset for behandling og rehabilitering. På langtidsavdelingane har vi 2 buavdelingar, og 5 avdelingar tilpassa personar med demens sjukdom. Bebuarane våre er i ulike fasar av sjukdomen sin. Nokre er i god fysisk form, medan andre er i livets sluttfase. Vi ønskjer å bli kjent med personen bak sjukdommen, og har fokus på kommunikasjon og miljøarbeid. Saman med bebuaren, pårørande og andre helsetenester jobbar vi for å finne dei beste løysingane for kvar enkelt.
Luranetunet sin visjon er «Varme og vekst i samspel». Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen på 1300 m2 i sentrum av Luranetunet. Her er det varmt og godt heile året, og aktivitet på både dag- og kveldstid.
Hagen er ein god plass å vere for bebuarar, pårørande og tilsette - og alt anna som veks og trivst når vi legg til rette for det. Ute har vi sansehage med lysthus, bærbuskar, tre og planter.
Varme og vekst står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleve, den personlege og fagleg utviklinga vi ønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gi til pårørande og andre som kjem på besøk til oss.
Luranetunet er ein utdanningsinstitusjon med mange studentar, lærlingar og elevar i praksis og vi har eigne sjukeheimslegar i faste store stillingar.
Som helsepersonell må du vera førebudd på å arbeide utover eiga avdeling og bruka kompetansen din der behovet til ei kvar tid er størst.
Vil du lesa meir om Luranetunet bu- og behandlingssenter sjå vår heimeside:
Luranetunet bu- og behandlingssenter - Bjørnafjorden kommune
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø.Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Er du helsefagarbeidar og vil være med å skape nye moglegheiter saman med oss på Rehabiliteringsavdelinga ved Luranetunet? Rehabiliteringsavdelinga v/ Luranetunet bu- og behandlingssenter er ei korttidsavdeling med 20 plassar. Avdelinga er ei fagleg sterk avdeling med stort hjarte, mykje humor og der tilsette har låg terskel for å spørja kvarandre om hjelp Rehabiliteringsavdelinga har spesialisert seg på rehabilitering og her får du høve til å arbeide i eit tverrfagleg team saman med engasjerte sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, treningsterapeutar, fysio- og ergoterapeut, samt lege. Avdelinga samarbeider tett med heimebaserte tenester og fastlegen til pasientane. Den ligg i 1. etasje og har tilgang til både utvendig og innvendig sansehage, med lett tilgang til treningsrom. Kvifor jobbe ved Luranetunet • Du vil få store variasjonar i arbeidsoppgåver og gode muligheter for å bygge kompetanse • Luranetunet har eit lærande miljø med mange elevar, studentar og lærlingar • Kommunen har gode vilkår for stønad til vidareutdanning • Godt arbeidsmiljø med kollegaer som støttar kvarandre • Gunstige pensjons- og forsikringsordningar Kven ser vi etter? Denne typen jobb passer for deg som: • har autorisasjon som helsefagarbeidar, gjerne med relevant vidareutdanning. • har eit hjarte som bankar ekstra for rehabilitering • ser kva for oppgåver som er viktige i arbeidet med å aktivisera og stimulera bebuarane for å få fram glede og trivsel i kvardagen, samt hente ut sitt rehabiliteringspotensiale. • liker å koordinera aktivitet og tenester i ein travel kvardag • er fagleg engasjert og oppteken av læring og utvikling • er trygg, ansvarsfull og har gode samarbeidsevner • evner å forhalde deg til mange kollegaer og som ikkje er avhengig av faste rammer • bidrar positivt inn i arbeidsmiljøet og er fleksibel med omsyn til arbeidsoppgåver Om arbeidsplassen Luranetunet bu- og behandlingssenter ligg berre nokre minutt frå Bergen og har 175 plassar fordelt på 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelingar. Vi har både rehabilitering, behandling og avdelingar spesielt tilrettelagt for personar med demens. Hos oss står bebuarane sine livshistorier og behov i sentrum – vi ser alltid personen bak sjukdommen. Vår visjon er «Varme og vekst i samspel», noko som speglar både omsorga for bebuarane, utviklingsmoglegheitene for dei tilsette og det gode miljøet i og rundt tropehagen vår på 1300 m². Vil du lesa meir om Luranetunet bu- og behandlingssenter sjå vår heimeside: Luranetunet bu- og behandlingssenter - Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no) Praktisk informasjon • Vi ønskjer fortrinnsvis søkjarar i store stillingar, men er fleksible på stillingsstorleik • Søkjarar må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet • Politiattest må leggast fram før oppstart • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen • Søknader blir vurderte fortløpande, så send søknad snarast Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn. Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her
Er du sjukepleiar og vil være med å skape nye moglegheiter saman med oss på Rehabiliteringsavdelinga ved Luranetunet? Rehabiliteringsavdelinga v/ Luranetunet bu- og behandlingssenter er ei korttidsavdeling med 20 plassar. Avdelinga er ei fagleg sterk avdeling med stort hjarte, mykje humor og der tilsette har låg terskel for å spørja kvarandre om hjelp. Rehabiliteringsavdelinga har spesialisert seg på rehabilitering og her får du høve til å arbeide i eit tverrfagleg team saman med engasjerte sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, treningsterapeutar, fysio- og ergoterapeut, samt lege. Avdelinga samarbeider tett med heimebaserte tenester og fastlegen til pasientane. Den ligg i 1. etasje og har tilgang til både utvendig og innvendig sansehage, med lett tilgang til treningsrom. Som sjukepleiar på Luranetunet bu- og behandlingssenter vil du få moglegheit til å bli kjent med alle avdelingane. Dette skapar varierande arbeidskvardagar, brei erfaring og kunnskap innan mange ulike område og du må vera førebudd på å bruka kompetansen din der behovet til ei kvar tid er størst. Kvifor jobbe ved Luranetunet • Du vil få store variasjonar i arbeidsoppgåver og gode muligheter for å bygge kompetanse • For sjukepleiarar i turnus i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen. • Nyutdanna sjukepleiarar i turnus som har hatt stipendordning i Bjørnafjorden kommune under utdanninga kan etter lokal ordning få tilbod om eingongsstipend på kr. 50.000 ved oppstart i 100% fast stilling • Luranetunet har eit lærande miljø med mange elevar, studentar og lærlingar • Kommunen har gode vilkår for stønad til vidareutdanning • Godt arbeidsmiljø med kollegaer som støttar kvarandre • Gunstige pensjons- og forsikringsordningar Denne typen jobb passer for deg som: • har autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning. • har eit hjarte som bankar ekstra for rehabilitering • ser kva for oppgåver som er viktige i arbeidet med å aktivisera og stimulera bebuarane for å få fram glede og trivsel i kvardagen, samt hente ut sitt rehabiliteringspotensiale. • liker å koordinera aktivitet og tenester i ein travel kvardag • er fagleg engasjert og oppteken av læring og utvikling • er trygg, ansvarsfull og har gode samarbeidsevner • evner å forhalde deg til mange kollegaer og som ikkje er avhengig av faste rammer deler kompetansen din og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. • er bevisst handlingane dine og set respekt, lojalitet og etikk høgt. • bidrar positivt til arbeidsmiljøet i avdelinga, og er villig til å bidra på andre avdelingar når det trengs Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar Om arbeidsplassen Luranetunet bu- og behandlingssenter ligg berre nokre minutt frå Bergen og har 175 plassar fordelt på 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelingar. Vi har både rehabilitering, behandling og avdelingar spesielt tilrettelagt for personar med demens. Hos oss står bebuarane sine livshistorier og behov i sentrum – vi ser alltid personen bak sjukdommen. Vår visjon er «Varme og vekst i samspel», noko som speglar både omsorga for bebuarane, utviklingsmoglegheitene for dei tilsette og det gode miljøet i og rundt tropehagen vår på 1300 m². Vil du lesa meir om Luranetunet bu- og behandlingssenter sjå vår heimeside: Luranetunet bu- og behandlingssenter - Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no) Praktisk informasjon • Vi ønskjer fortrinnsvis søkjarar i store stillingar, men er fleksible på stillingsstorleik • Søkjarar må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet • Politiattest må leggast fram før oppstart • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen • Søknader blir vurderte fortløpande, så send søknad snarast Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsynfor opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her