
Universitetet i Bergen · Bergen
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfun...
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i kvantefysikk og -optimering. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til NFR prosjektet "Quantum Oscillator Networks for Optimisation and Machine Learning" (prosjektnummer 358752).
Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen har eit levande forskingsmiljø med fleire grupper som mellom anna arbeider innan teoretisk og eksperimentell partikkelfysikk, kvantefysikk, nanofysikk og kvanteteknologi. Instituttet startar eit nytt integrert masterprogram i kvanteteknologi med oppstart hausten 2026. Eit nyoppretta senter, «Quantum UiB», finansiert av Trond Mohn stifting og Universitetet i Bergen, vil fungere som eit knutepunkt for framifrå kvanteforsking og leggje til rette for nytt samarbeid.
Prosjektet Quantum Oscillator Networks for Optimisation and Machine Learning (QONOMics) står sentralt i denne satsinga. Prosjektet fokuserer på fysikken i nettverk som består av kopla harmoniske og Kerr-ikkje-lineære oscillatorar. Ved å studere desse systema i både klassiske og kvantemekaniske regime, er målet å utvikle nye metodar for å løyse komplekse optimaliseringsproblem og vidareutvikle arkitekturar for maskinlæring. Forskinga inneber å undersøkje korleis den naturlege dynamikken til desse fysiske systema – som bifurkasjonar og faseovergangar – kan utnyttast til effektive utrekningar og informasjonsbehandling.
Dei som blir tilsette vil bidra til teoretisk utvikling, numeriske simuleringar og mogleg implementering i maskinvare (hardware-mapping) for desse oscillatorbaserte systema. Dette inkluderer utforsking av konsept som kvanteherding (quantum annealing), symmetribrot og reservoarutrekning (reservoir computing).
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
Søknaden skal innehalde:
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Konrad Tywoniuk (konrad.tywoniuk@uib.no) eller professor Jan Petter Hansen (jan.hansen@uib.no).
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Vivian Stegen Jacobsen, vivian.jacobsen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i multidisiplinære geofarestudiar. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen. Om prosjektet/arbeidsoppgåver: Ph.d.-prosjektet vil vere knytt til EPOS-Norge – Forskingsinfrastruktur for geofarer (EPOS-NG). EPOS-NG har som mål å etablere den leiande nasjonale forskingsinfrastrukturen for overvaking, analyse og risikoreduserande arbeid knytt til geofar som skred, tsunamiar, jordskjelv og fare knytt til kryosfæren, truslar som i aukande grad vert forsterka av klimaendringane. Forskingsinfrastrukturen vil kombinere tilgong til vitskaplege måleinstrument med ein dataportal som gjev tilgang til ei rekkje geovitskaplege data, i tillegg til tenester for berekningar og visualisering. Ph.d.-prosjektet vil nytte EPOS-NG-infrastrukturen i multidisiplinære studiar av geofarar i Noreg. Dei konkrete forskingsmåla for prosjektet vil verte utvikla i samarbeid med den tilsette kandidaten, avhengig av kompetanse og faglege interesser. Moglege tema som kan utforskast, omfattar: • Faktorar som påverkar skredfare og utløysingsmekanismar for skred i Noreg. • Systematisk kartlegging og vurdering av samanhengande naturfarehendingar (kaskadehendingar) i Noreg. • Magnitudar til historiske jordskjelv i Noreg og deira potensial for å utløyse skred. • Paleoskred i Noreg og samanhengen mellom desse og jordskjelv eller andre utløysingsmekanismar. • Geofysisk overvaking av farar knytte til brear og permafrost i høge breiddegrader. Den tilsette kandidaten vil vere ein del av EPOS-NG-teamet og må rekne med å samarbeide med nasjonale og internasjonale partnarar innanfor EPOS-rammeverket. Som ein del av prosjektet vil kandidaten og bidra til utvikling og testing av instrumentpoolar eller portalfunksjonalitetar i EPOS-NG, samt delta i forskingsformidling og utadretta aktivitetar knytte til geofarar. Kvalifikasjonar og eigenskapar: Krav til kvalifikasjoner • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i geovitenskap, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. • Kompetanse innan vitskapleg programmering (til dømes Python eller MATLAB), datahandtering og/eller GIS. • Kompetanse innan éin eller fleire typar naturfarar (til dømes skred, jordskjelv, tsunamiar eller farar knytte til kryosfæren). • Søkjarar må ha gode ferdigheiter i engelsk, både skriftleg og munnleg. • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og kunne dokumentere gode samarbeidsevner. Ønskjelege kvalifikasjonar (fordelar) • Erfaring med fare- eller risikovurdering knytt til naturfarar. • Erfaring frå multidisiplinært arbeid eller samarbeid på tvers av vitskaplege fagområde. • Erfaring med vitskapleg dataanalyse. • Kjennskap til dataforvaltning, datavisualisering eller nettbaserte portalløysingar. • Ferdigheiter i norsk, med relevans for kommunikasjon med forvaltning og beslutningstakarar og formidling til allmenta. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane. Særeigne krav for stillinga UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. For stillinga gjeldt følgande: Om stillinga som ph.d.-stipendiat Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Om forskarutdanninga Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen. Vi tilbyr: • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø • Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 593 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde: • ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen din for å søkje stillinga. • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane. • ein kort forskingsplan (1–2 sider) som skisserer forskinga du ønskjer å gjennomføre, inkludert korleis ho tek i bruk EPOS-NG-infrastrukturen. • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. • CV • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert. • relevante attestar • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet). • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer). Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknader som ikkje inneheld all den etterspurde dokumentasjonen, vil ikkje bli vurderte. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Mathilde B. Sørensen, Institutt for geovitenskap, tel: +47 55583426, epost: mathilde.sorensen@uib.no. For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Mathilde Høgalmen, mathilde.hogalmen@uib.no. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i algoritmar. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er ein del av ERC Advanced-prosjektet «New Horizons of Parameterized Complexity» (NewPC). Om prosjektet/arbeidsoppgåver Prosjektet skal utvikle nye verktøy for å løyse optimaliseringsproblem som handlar om geometriske og algebraiske storleikar, som punkt, vektorar, lineære rom og matriser. Kvalifikasjonar og eigenskapar • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i informatikk (datavitskap), eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. • Erfaring og kompetanse innan algoritmar og teoretisk informatikk er eit krav. • Forskingserfaring dokumentert gjennom publikasjonar i leiande arenaer innan teoretisk informatikk (som FOCS/STOC/SODA/ICALP) eller AI-konferansar (som AAAI/IJCAI) er ein fordel. • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner. • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane. Særeigne krav for stillinga UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.Teoretisk datavitskap er ikkje klassifisert som eit sensitivt fagområde eller ei sensitiv teknologi etter gjeldande eksportkontrollregelverk. For stillinga gjeldt følgande Om stillinga som ph.d.-stipendiat Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Om forskarutdanninga Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen. Vi tilbyr • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 593 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. • medlemskap i Statens pensjonskasse • gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane. • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. • CV • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert. • relevante attestar • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet) • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer) Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Generell informasjon Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor ved Institutt for informatikk: Fedor Fomin, på e-post: Fedor.Fomin@uib.no ellar førsteamanuensis ved Institutt for informatikk: Kirill Simonov på epost: Kirill.Simonov@uib.no For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Maria Svåsand, på e-post maria.svasand@uib.no Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat i fluidmekanikk Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i fluidmekanikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til ERC Starting Grant-prosjektet OceanCoupling. Om prosjektet Vi søkjer ein høgt motivert og særleg talentfull ph.d.-stipendiat i fluidmekanikk til å leie forskingsoppgåver som har som mål å utvikle nye teoretiske rammeverk for koplinga mellom fleirskalastrømmar som involverer havoverflatebølgjer, submesoskala straumar, turbulens og vindpåverknad. Målet er å utleie svært nøyaktige og effektive teoretiske modellar ved å vidareutvikle nye rammeverk frå OceanCoupling-prosjektet, og å implementere modellane numerisk. For interesserte søkjarar må motivasjons- eller søknadsbrevet innehalde eit eige avsnitt om kvifor og korleis di forskingsbakgrunn og erfaring gjer deg særleg godt skikka for stillinga. Stillinga byr på svært gode moglegheiter for samarbeid med eksperimentelle partnarar og eksterne samarbeidspartnarar, og for deltaking på internasjonale konferansar og verkstader. Prosjektet vil støtte forskingsopphald og felles aktivitetar med samarbeidspartnarar knytt til forskingsoppgåvene. Arbeidsoppgåver Forskingsarbeidet vil omfatte teoretisk arbeid, utvikling av tilpassa numeriske skript og numeriske simuleringar for validering og utforsking av modellpotensialet. Forskingsresultat skal òg kome andre gruppemedlemmer til nytte, noko som inneber at brukartilpassa resultat og god dokumentasjon er ein naturleg del av det daglege arbeidet. Eit omfattande opplæringsprogram tilpassa relevante oppgåver vil bli tilbydd, særleg knytt til praksis i datahandteringsplanen for gruppa. Tilgang til høgkapasitetsrekneressursar og datasett frå laboratorieforsøk vil bli gitt for å støtte simuleringar og verifikasjon av modellen. Arbeidsoppgåvene omfattar: • Reprodusere og lære ein teoretisk modell for interaksjon mellom bølgjer og straum ved å setje riktige initial- og randvilkår som svar på vindpåverknad på havoverflata. • Utvide den nye bølgje- og straummodellen til å handtere brattare bølgjer og småskala turbulens. • Utvikle ein numerisk løysar som implementerer det nyutvikla teoretiske rammeverket ved bruk av grunnleggjande programmeringsspråk. Løysaren vil bygge vidare på eksisterande moduler utvikla i OceanCoupling-prosjektet. • Utvikle kode i programmeringsspråk som Fortran, Python og/eller MATLAB. • Validere og teste tilpassa skript og utføre numeriske simuleringar. • Jobbe tett og integrert med prosjektleiar (PI) og andre teammedlemmer, og rapportere jamleg om framdrift i forskinga. Kvalifikasjonar og eigenskapar • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i fluidmekanikk, teoretisk fysisk oseanografi, anvend matematikk, hydrodynamikk eller andre relevante fagfelt, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. • Dokumentert gode karakterar i relevante emne som fluidmekanikk, rekning, matematikk, fysikk, mekanikk eller liknande er eit krav. • Dokumentert erfaring med utvikling eller numerisk implementering av teoretiske modellar i fluidmekanikk/teoretisk fysisk oseanografi som omhandlar overflatebølgjer eller interaksjon mellom bølgjer og straum, er ein fordel. • Erfaring med programmeringsspråk som Fortran, Python, C/C++ knytt til fysiske problem i fluidmekanikk er ein fordel. • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner. • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar Merk at brukarerfaring med kommersiell CFD software (som Fluent) ikkje er relevant for stillinga. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane. Særeigne krav for stillinga UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. For stillinga gjeldt følgande Om stipendiatstillinga: Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Om forskarutdanninga: Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen. Vi tilbyr • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø • Stilling som stipendiat (kode 1017) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr. 593 700 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane. • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. • CV • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing. • relevante attestar • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet) • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer) Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Generell informasjon Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: prosjektleiar førsteamanuensis Yan Li, eller instituttleiar Antonella Zanna Munthe-Kaas. For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på karoline.christiansen@uib.no eller 55 58 47 70. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5