
Klinikk sikkerheitspsykiatri/ Lokal sikkerheitsavdeling (LS), Helse Bergen HF · Bergen
Vi søkjer Overlege ved Lokal Sikkerhetsavdeling (LS) Vi søkjer no ein ny kollega som vil vere med å vidareutvikle eit heilskapleg og framtidsretta behandlingst...
Vi søkjer Overlege ved Lokal Sikkerhetsavdeling (LS)
Vi søkjer no ein ny kollega som vil vere med å vidareutvikle eit heilskapleg og framtidsretta behandlingstilbod for ei kompleks pasientgruppe ved vår Lokale sikkerheitsavdeling. Klinikken er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen og består i dag av seks seksjonar: Regional sikkerheitsavdeling (RSA), Lokal sikkerheitsavdeling (LS), Lokal sikkerheit rehabilitering ( LSR), Fengselshelsetenesta, Kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri, og Sikkerheitspoliklinikken.
Arbeidet i klinikken er prega av tett tverrfagleg samarbeid, med tid til rettleiing, faglege diskusjonar og fordjuping i pasientarbeidet. Vi legg stor vekt på langsiktige relasjonar og stabilitet i behandlinga.
Gjennom Program for psykisk helsevern for framtida vil Klinikk sikkerheitspsykiatri bli ein del av Nye Sandviken. Formålet er å skape eit nytt kapittel, der vi skal utvikle eit langsiktig og heilskapleg tilbod for pasientar med samansette behov.
I åra som kjem vil vi arbeide for større differensiering av sengepostane og meir samanhengande pasientforløp. Dette er ei unik moglegheit til å vere med og forme framtida innan lokal sikkerheitspsykiatri i Helse Bergen.
Vi har no ledig ei 100% fast stilling som overlege ved Lokal sikkerheitsavdeling. Sengeposten tar imot pasientar med alvorlege psykiske lidingar og høg risiko for vald, ofte i kombinasjon med personlegdomsforstyrringar og rusproblematikk. Overlegen vil vere sentral i vidareutviklinga og ombygginga av det lokale sikkerheitstilbodet i Helse Bergen.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonMarthe Halvorsen Kjærstad, Konstituert Klinikkleiar, 90936016
ArbeidsstadSandviksleitet 1
5036 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5143385325
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.08.2026
Har du lyst til å vere med å bygge opp vårt psykosebehandlingstilbod? Vi har tilsett seksjonsoverlege og psykologspesialist. Vi ønsker å supplere teamet vårt ytterlegare med ein psykiatar og ein psykologspesialist. Du vil i stor grad kunne vere med å utforme behandlingstilbodet, og påverke korleis vi yter tenestene til pasientgruppa. Bjørgvin Distrikspsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy og i tillegg bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med om lag 80 000 innbyggjarar over 18 år. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, medan polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken omfattar fagområda psykose og allmennpsykiatri. Bjørgvin DPS søker etter ein overlege i 100% fast stilling til fagområdet psykose. Klinikken har ei kognitiv behandlingstilnærming. Stillinga er ledig frå 01.12.2026. Arbeidsoppgåver Bjørgvin DPS sine kjerneoppgåver er: • Spesialisert utgreiing og differensiert behandling • Opplæring av pasientar og pårørande • Rettleiing til den kommunale psykiske helsetenesta • Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell Klinikken har for tida 11 legespesialistar og 20 psykologspesialistar. Vi ønsker å styrke spesialistkompetansen ytterlegare. Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for spesialistar og vi har fokus på klinikknær forsking. Samarbeid med sjukehus, kommunar og brukarorganisasjonar er ein viktig del av jobben Bjørgvin psykosepoliklinikk/ FACT team: • Teamet er breitt, tverrfagleg samansett med overlegar, psykologspesialistar, psykologar, sosionomar, IPS konsulentar, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, ergoterapeut, fysioterapeut og erfaringskonsulent. Totalt er der 20 årsverk i poliklinikken/ FACT teamet • Seksjonen har pasientar i frivillig vern, pasientar som er under psykisk helsevern på tvang utan døgnopphald og pasientar som er domfelte til psykisk helsevern på tvang. Poliklinikken /FACT teamet har totalt 140 pasientar i behandling Bjørgvin psykose døgnbehandling: • Eininga har ei velkvalifisert personalgruppe der den store majoriteten er høgskoleutdanna personale med vidareutdanning i psykisk helse og/eller rusproblematikk • Totalt har seksjonen 15 døgnplassar. Seksjonen har i tillegg psykolog, psykologspesialist, lege med spesialitet i allmennmedisin og sosionom Kvalifikasjonar • Spesialist i psykiatri • Norsk autorisasjon som lege • Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg • Ønskeleg med erfaring frå psykose • Ønskeleg med erfaring frå rettleiing av LIS Personlege eigenskapar • Du er engasjert og løysingsorientert • Du er tilpassingsdyktig, effektiv og sjølvstendig • Du likar å jobbe tverrfagleg, både internt i eigen seksjon og med samarbeidspartnarar • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø • Du trivst i eit aktivt og travelt miljø Vi tilbyr • Ein spennande overlegestilling i ein veldreven seksjon med høg tverrfagleg kompetanse • Lønn etter avtale • Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonWenny Karin Bernes, Seksjonsleiar, 90980134 ArbeidsstadTertnesvegen 37 5113 Tertnes Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5143385845 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.12.2026 Søknadsfrist: 02.08.2026
Ønskjer du å gjere ein forskjell i psykiatrien? Vi søkjer ein engasjert overlege i psykiatri til Psykosepoliklinikken/FACT ved Kronstad DPS. Psykosepoliklinikken tilbyr eit veletablert, stort og fagleg sterkt arbeidsmiljø, og vi har no ledig 100 % fast stilling for overlege i psykiatri. Vi ser etter ein kollega som ønskjer å vere med på å vidareutvikle eit kunnskapsbasert og heilskapleg behandlingstilbod til menneske med psykoselidingar og samansette psykiske helseutfordringar. Som ein del av vårt framoverlente og innovative fagmiljø arbeider vi etter FACT-modellen (Flexible Assertive Community Treatment). Gjennom kombinasjonen av poliklinisk og oppsøkande behandling tilbyr vi fleksibel oppfølging tilpassa den enkelte pasienten sine behov. FACT-teamet gir tettare og meir intensiv støtte i kritiske fasar, med mål om å førebyggje kriser, redusere behovet for innlegging og styrkje meistring og funksjon i kvardagen. Psykosepoliklinikken tilbyr utgreiing, diagnostisering og behandling av personar med psykoselidingar og relaterte tilstandar. Nysykeutgreiing og diagnostisk avklaring er ein viktig del av verksemda vår, og vi legg stor vekt på grundige kliniske vurderingar og tidleg innsats. Behandlingstilbodet omfattar mellom anna individuelle samtalar, medikamentell behandling, gruppetilbod, oppsøkande oppfølging gjennom FACT og systematisk familie- og pårørandearbeid. Vi arbeider aktivt for å involvere nettverket rundt pasienten når dette er ønskjeleg og formålstenleg. Vi er kjend for eit sterkt tverrfagleg samarbeid. Teamet vårt består av psykologspesialistar, psykiatrar, psykologar, sjukepleiarar, sosionomar, ergoterapeut, IPS-rettleiarar, brukarspesialist og merkantilt personell. Saman arbeider vi for å tilby heilskaplege, individuelt tilpassa og samanhengande pasientforløp. Som overlege vil du ha ei sentral rolle i det kliniske arbeidet. Du vil bidra med spesialistkompetanse innan utgreiing, diagnostisering, behandling og oppfølging av pasientar med psykoseproblematikk, og vere ein viktig fagleg ressurs i teamet. Stillinga gir høve til å arbeide med eit breitt spekter av kliniske problemstillingar, delta i tverrfaglege drøftingar og bidra til vidare fagutvikling av behandlingstilbodet. Du vil også samarbeide tett med pasientar, pårørande og eksterne samarbeidspartnarar for å sikre best mogleg behandling og oppfølging. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga eller miljøet vårt. Vi ser fram til å høyre frå deg. Arbeidsoppgåver • Ha medisinskfagleg ansvar for utgreiing, diagnostisering, behandling og oppfølging av pasientar med psykoseproblematikk • Delta i nysykeutgreiingar og bidra til diagnostisk avklaring ved komplekse kliniske problemstillingar • Utføre både poliklinisk og oppsøkande behandling i tråd med FACT-modellen • Bidra i planlegging og gjennomføring av individuelle behandlingstiltak, gruppetilbod og rehabiliteringsforløp • Delta aktivt i familie- og pårørandearbeid, og bidra til å involvere pasienten sitt nettverk der dette er ønskjeleg og formålstenleg • Bidra med kliniske vurderingar, faglege drøftingar og rettleiing i tverrfaglege teammøte • Utarbeide og evaluere behandlingsplanar i samarbeid med pasientar, pårørande og relevante samarbeidspartnarar • Samarbeide tett med kommunale tenester, fastlegar og andre delar av spesialisthelsetenesta for å sikre heilskaplege pasientforløp • Sikre at klinisk praksis, vedtak og avgjerder er i tråd med gjeldande lovverk, nasjonale retningslinjer og faglege standardar • Vere ein pådrivar for kvalitetsforbetring, fagutvikling og vidareutvikling av behandlingstilbodet ved Psykosepoliklinikken/FACT Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon • Spesialist i psykiatri • Erfaring med FACT-modellen eller tilsvarande tverrfagleg tilnærming er ein fordel • Må mestre godt norsk både munnleg og skriftleg • Gode samarbeidsevner og erfaring med tverrfagleg arbeid Personlege eigenskapar • Det vil bli lagt stor vekt på at søkar er personleg eigna til stillinga • Utmerkte kommunikasjonsferdigheiter og evne til å bygge relasjonar med pasientar, pårørande og kollegaer • God struktur og organisering i arbeidet • Empatisk og løysingsorientert med ein evne til å handtere komplekse situasjonar • Engasjert i fagleg utvikling og kontinuerleg læring • Bidra til ja-kultur i teamet og opp mot samarbeidspartnarar • Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst Vi tilbyr • Ein spennande og utfordrande stilling i eit fagleg sterkt og erfarent miljø • Moglegheit til å arbeide etter FACT-modellen i eit tverrfagleg team • Tett legesamarbeid i poliklinikken • God støtte i felles ansvar for vedtak • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Moglegheit for fagleg utvikling og vidareutdanning • Eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø der du kan vere med på å gjere ein reell forskjell for pasientane • Lite turnover og god trivsel • Moglegheit for deltaking i vaktordning Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMette Totland Håheim, Seksjonsleiar, 48056692, mette.totland.haheim@helse-bergen.no Leila Hodali, Seksjonoverlege, 47343552, leila.hodali@helse-bergen.no ArbeidsstadFjøsangerveien 36 5053 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5154496820 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.08.2026
Augeavdelinga er ei spesialavdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er knytt til Universitetet i Bergen, og forsking og utviklingarbeid står sentralt i vår verksemd. Avdelinga har stor breidde i si verksemd, og vi greier ut og behandlar alle kategoriar augelidingar. Avdelinga har sengepost i Klinikk for Hovud/ Hals, dagkirurgisk og poliklinisk eining og operasjonsavdeling. Sengeposten har 6 døgnplassar. Her er både elektive innleggingar og ØH innleggingar. Det er ledig 50% stilling som ass. avdelingsoverlege/ass. seksjonsleiar ved avdelinga. Føresetnad for å søke på stillinga er gode leieregenskaper og erfaring frå tilsvarande arbeidsoppgåver. God kunnskap om avdelinga vil vektleggast. Arbeidsoppgåver • Fast avløysar for avd.overlege/seksjonsleiar og er dennes rådgjevar • Personalansvar for LIS-gruppa • Medlem i utvida leiargruppe • 50% klinisk arbeid som overlege • Kodefagleg ansvar • Bidra til forbetringsarbeid i avdelinga, td "Kloke Valg" Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon, og godkjend spesialist i augesjukdommer • Gode leierevner og erfaring frå tilsvarande jobb • Gode kommunikative evner, og evner til å ta raske avgjerder • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar • Du har eit godt lag med folk og får fram det beste i dei • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet • Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø. • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team • Du tilpassar deg lett og er løysningsorientert og fleksibel • Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo Vi tilbyr • Ein spennande og utfordrande jobb • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonFrank Tore Jenssen, Seksjonsleiar, 55974124, frank.jenssen@helse-bergen.no ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 BERGEN Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5145162588 Stillingsprosent: 50% Fast Søknadsfrist: 23.08.2026