
Skadepoliklinikken, Helse Bergen HF, Ortopedisk klinikk · Bergen
Er du ein lege som vil bruke arbeidstida di på å behandle pasientar og fritiden din til å ha fri? Da kan vi vere arbeidsplassen for deg. Om du trivast med konto...
Er du ein lege som vil bruke arbeidstida di på å behandle pasientar og fritiden din til å ha fri? Da kan vi vere arbeidsplassen for deg. Om du trivast med kontorarbeid er nok andre arbeidsstader betre eigna.
På Bergen Helsehus er det mange pasientar som mottar helsehjelp til alle døgnets tider. Skadepoliklinikken er lokalisert i Bergen Helsehus og er ei avdeling i Helse Bergen underlagd Ortopedisk Klinikk. Vi vurderer og behandlar eit stort antall pasientar dag, kveld og helg gjennom heile året. Skadepoliklinikken og kommunens legevakt samarbeider om legetenesta på Skadepoliklinikken, Daglegevakten og Overgrepsmottaket i ein felles bemanningsordning.
Vi har ledig to vikariat, en i 100 % stilling, og en i 56,58 % stilling frå 31.08..26 til 10.10.27.
Du er velkommen til å ta kontakt dersom du har spørsmål.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonTorbjørn Hiis Bergh, Avdelingsoverlege, +47 55568714
Njål Kleven, Overlege, 53031821
ArbeidsstadSolheimsgaten 9
5058 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5144500042
Stillingsprosent: 100, 56,58%
Vikariat
Startdato: 31.08.2026
Sluttdato: 10.10.2027
Søknadsfrist: 23.08.2026
Mikrobiologisk avdeling har om lag 120 tilsette, og er mellom dei største mikrobiologiske avdelingane i landet. Avdelinga har ansvar for mikrobiologisk diagnostikk i Helse Bergen og omliggjande kommunar. Avdelinga har seksjonar for prøvemottak, virologi, bakteriologi, molekylærbiologi og medieproduksjon. Ved avdelinga er det 7 overlegar, 2 professorar som arbeider som overlegar i bistilling, og 5 LIS. Vi har no ledig vikarstilling som lege i spesialisering (LIS) i medisinsk mikrobiologi. Oppstartsdato 1. oktober eller etter nærare avtale. Vikariatet kan tene som del av spesialistutdanninga. Arbeidsoppgåver • Ta del i diagnostisk arbeid • Godkjenne prøvesvar • Rådgje rekvirentar om prøvetaking og prøveresultat Kvalifikasjonar • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i medisinsk mikrobiologi • Det blir lagt vekt på kjennskap til avdelingas virkeområde og/eller erfaring innan medisinsk mikrobiologi • Det blir lagt vekt på erfaring eller interesse for forsking • Det blir lagt vekt på god skriftleg dokumentasjonsevne og gode norskkunnskapar Personlege eigenskapar • Interesse for medisinske utfordringar knytt til mikrobielle agens • Interesse for fagutvikling og forsking • Gode samarbeidsevner • Likar å arbeide i tverrfaglege team • Fleksibel og initiativrik Vi tilbyr • Høgt fagleg nivå med spennande oppgåver • Engasjerte kollegaer som er opptekne av kvalitet og framdrift • Eit positivt og støttande arbeidsmiljø • Rettleiing fram til ferdig spesialitet i medisinsk mikrobiologi Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonElling Ulvestad, Avdeingssjef, +47 55974616 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5150369817 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.10.2026 Sluttdato: 30.09.2027 Søknadsfrist: 16.08.2026
Det lyses ut to nyopprettede fastlegelister (null-lister) i et veletablert kollegium i helt nye, lyse og trivelige lokaler, med gunstige oppstartsbetingelser ved Leaparken Legesenter (tidligere Sletten Allmennpraksis), Kanalveien 64 i Bergen. Listene er ledige fra 01.09.2026. Legesenteret er veldrevet og velutstyrt, og består i dag av seks fastleger i moderne, nye lokaler med god utsikt. Senteret ligger direkte ved bybanestopp, med mulighet for parkering i garasje. Det er stabilt og erfarent støttepersonell. Godt avtaleverk og godt arbeidsmiljø. Legekontoret benytter Infodoc Plenario journalsystem, Norsk Helsenett, e-resept samt elektronisk kommunikasjon med hjemmesykepleien. Legesenteret er organisert som et AS med internavtale. Legepraksisen inngår i et økonomisk og faglig fellesskap, og det forutsettes at ny fastlege inngår internavtale og blir medeier sammen med de andre legene før inntreden i gruppepraksisen. Det søkes etter lege som er interessert i å utvikle senteret sammen med kollegaer. Arbeidsoppgaver • Ansvar for egen pasientliste på legekontoret. • Legevaktarbeid ved Bergen legevakt. Estimert vaktbelastning 2 vakter/mnd. • Offentlig allmennmedisinsk legearbeid i kommunen inntil 7,5 timer pr. Uke. Alle nye fastleger får fritak det første året dersom ønskelig. Kvalifikasjoner • Norsk autorisasjon som lege med rett til refusjon fra Helfo og og sykemeldingsrett • Gjennomført turnustjeneste/LIS1 • Spesialist i allmennmedisin eller i spesialisering (ALIS) • Det stilles krav om politiattest i tråd med bestemmelser i helsepersonelloven • Søkere må kunne beherske norsk skriftlig og muntlig Personlige egenskaper • Det blir lagt vesentlig vekt på gode samarbeidsevner og personlig egnethet Vi tilbyr • Utkjøpsgaranti: innenfor de første 5 år med ramme på 95% av kjøpesum begrenset oppad til 800.000,- • Offentlig allmennmedisinsk legearbeid kan ved ønske utsettes i en oppstartsfase • ALIS-avtale med refusjon av utgifter tilknyttet spesialisering • Oppstartsgaranti: Kommunen dekker basistilskudd på opptil 700 pasienter i inntil 2 år etter oppstart, ved listetak på minst 700 KontaktinformasjonJelena Vlku-Danjec, Fastlege, 96736936 Sindre Nymo, Konsulent, 55565200, fastlegeordningen@bergen.kommune.no ArbeidsstedKanalveien 64 5068 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Bergen kommune Referansenr.: 5148110122 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026
Vil du bidra til at kliniske studiar blir ein naturleg og integrert del av den daglege pasientbehandlinga? Helse Bergen søkjer ein strategisk rådgjevar som skal styrkje sjukehuset si satsing på utprøvande behandling, i tråd med nasjonale målsetjingar og handlingsplanar. Stillinga er plassert i FoU-avdelinga, under Forsking og innovasjon. Her blir du ein del av eit tverrfagleg kompetansemiljø som yter støtte og rådgjeving til leiinga, forskingsgrupper og enkeltforskarar. Med utgangspunkt i sjukehuset sitt regionale oppdrag for kliniske studiar, får du ei sjølvstendig nøkkelrolle. Du vil jobbe overordna med å sikre gode rammevilkår for forskinga, byggje kultur, og bidra til at fleire pasientar får tilbod om deltaking i kliniske studiar. Stillinga er lyst ut som ei 100 % stilling, men det kan vurderast å dele stillinga i to 50 % stillingar for å ha moglegheit til å kombinere med klinisk arbeid. Arbeidsoppgåver • Fungere som medisinsk monitor med medisinskfagleg ansvar for sikkerheitsovervaking i utvalde kliniske studiar. Dette inkluderer løpande risiko-/nyttevurderingar, handtering og styresmaktsrapportering av alvorlege uønskte hendingar (SAE/SUSAR), samt utarbeiding av sikkerheitsrapportar og rådgjeving overfor utprøvarar • Initiere tiltak som styrkjer forskings- og innovasjonskulturen, herunder å etablere prosessar for at pasientar systematisk blir vurderte for, og informerte om, deltaking i kliniske studiar • Arbeide for å sikre gode rammevilkår og ressursar for studiane, utgreie aktuelle saker til leiinga og følgje opp styringsindikatorar for forskingsaktiviteten • Etablere og vidareutvikle strategiske partnarskap med industri og helsenæring, og representere sjukehuset i møte med styresmakter og nasjonale/internasjonale forskingsmiljø • Andre oppgåver i Forsking og innovasjon Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som lege, og erfaring med kliniske studiar • God forståing for helsesystemet og samspelet mellom klinikk, forsking og administrasjon • Erfaring med strategisk arbeid eller forbetringsprosessar er ønskeleg • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk Personlege eigenskapar • Strategisk og analytisk, med god gjennomføringsevne • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert i ein kompleks organisasjon • Initiativrik og utviklingsorientert Vi tilbyr • Moglegheit til å påverke og utvikle rammevilkåra for kliniske studiar • Eit sterkt tverrfagleg miljø med høg kompetanse • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling • Lønn etter avtale Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonAnne Mathilde Henden Kvamme, Fagleiar, +47 90655238, anne.mathilde.henden.kvamme@helse-bergen.no ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5154135039 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 12.08.2026