
Universitetet i Bergen · Bergen
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinst...
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen søkjer instituttleiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) med tilsetjing frå 01.11.2026, eller så snart som mogleg etter dette. Instituttleiarstillingar er åremålsstillingar med tilsetjingsperiode på fire år, med høve til å søkje om inntil ein ny åremålsperiode.
Som instituttleiar får du ein unik moglegheit til å leie, utvikle og påverke.
Stillinga er både utfordrande, mangesidig og ansvarsfull. Du vil arbeide i eit spennande og mangfaldig miljø med dyktige og inspirerande kollegaer, der du skal vera med på å forme eit institutt slik at både tilsette og studentar får gode vilkår for læring, utvikling og trivsel. Som leiar for den faglege og administrative staben har instituttleiaren moglegheit til å påverke og forme instituttet som arbeidsplass, studiestad, fageining og samfunnsaktør. Som instituttleiar får du eit særleg ansvar for å sikre eit inkluderande og fagleg stimulerande læringsmiljø, vidareutvikle kvaliteten i utdanningstilbodet og å sikre gode rammevilkår for både lærings- og studiekvardagen.
Du må vere ein aktiv leiar som stimulerer til utvikling og samarbeid innanfor og utanfor instituttet. I stillinga vil du få god moglegheit til å utvikle deg sjølv som leiar i nær samhandling med leiargruppa ved instituttet og med støtte frå fakultet, dekanat og universitetsleiing. Du vil ta del i den faglege og organisatoriske verksemda på både fakultets- og universitetsnivå, og du får dermed stor innverknad på utviklinga av humaniora som fagfelt.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har om lag 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og sju postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap. Instituttet er òg stolt vertskap for to senter, Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg.
Instituttleiar har det overordna ansvaret for den samla faglege og administrative verksemda ved instituttet. Instituttleiaren har fullmakt til å prioritere og gjere strategiske val innanfor instituttet sine samla ressursar, med unntak av saker som skal avgjerast i instituttrådet.
Leiaren sitt ansvarsområde omfattar strategisk og fagleg-politisk leiing og leiing av forsking, forskarutdanning, undervisning og formidling ved instituttet. Som instituttleiar vil du mellom anna ha ansvar for forvalting av studietilbodet inkludert ressursbruk. Gjennom tett samarbeid med fagtilsette og studentar skal instituttleiar bidra til å sikre høg fagleg kvalitet i studieprogramma.
Utvikling og drift av forskingsaktiviteten er ein del av den faglege leiinga. Det høyrer med til instituttleiar sine oppgåver å motivere tilsette til å skaffe ekstern forskingsfinansiering og oppmuntre til forskingsformidling. Instituttleiar har ansvar for det internasjonale samarbeidet ved instituttet.
Stillinga har arbeidsgjevaransvar ved instituttet, ansvar for HMS-tiltak og administrasjon, og innstillingsfullmakt i tilsetjingssaker. Instituttleiaren har ansvar for utforming av årsplan og budsjett, og skal sikre rasjonell drift og budsjettbalanse innanfor rammevilkår gitt av fakultetsstyret.
Nødvendige kvalifikasjonar:
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar, inkludert:
Tilsetting i stillinga vil bygge på ei heilskapleg vurdering.
Hos oss får du:
Søknad og CV skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til dekan, professor Camilla Brautaset på telefon 55 58 23 06 / 473 29 832 eller e-post camilla.brautaset@uib.no, eller til fakultetsdirektør Kim Ove Hommen på telefon 55 58 93 41 / 908 85 702 eller e-post kim.hommen@uib.no.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat i fagkommunikasjon med fokus på samfunnssikkerheit og beredskap ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei stipendiatstilling i fagkommunikasjon knytt til Senter for norsk fagspråk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Vi oppmodar kandidatar med norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan relevante fagfelt som til dømes språkvitskap, medievitskap, journalistikk, statsvitskap, design eller geofysikk til å søkje. Planlagd oppstart er så snart som mogleg. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år. I stillinga får du ein unik moglegheit til å utvikle deg innanfor fagfeltet, bidra til ny kunnskap på feltet og delta i eit stimulerande akademisk miljø. Om instituttet: Institutt for litterære, lingvistiske og estetiske studium har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og sju postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, allmenn språkvitskap og teatervitskap. Instituttet er òg stolt vertskap for to senter, Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg. Om Senter for norsk fagspråk Forskingsprosjektet er knytt til Senter for norsk fagspråk (Fagspråksenteret), som er ei nasjonal satsing med finansiering frå Noregs forskingsråd. Senteret har som mål å samordne ein langsiktig nasjonal innsats for norsk språkforsking, utvikling og utdanning i terminologi og fagspråk, arbeidsspråk, leksikografi, namnegransking og språkteknologi. Senteret skal knyte til seg fleire stipendiatar og postdoktorar, og vil samarbeide med forskarar både nasjonalt og internasjonalt. Samarbeidspartnarar inkluderer Høgskulen på Vestlandet, Høgskulen i Volda, Universitetet i Agder, Høgskulen i Østfold og Noregs teknisk naturvitskaplege universitet, Universitetet i Oslo, Meteorologisk institutt, Helse Vest RHF og Institutet för språk och folkminnen, i tillegg til nasjonale og internasjonale institusjonar i og utanfor universitets- og høgskulesektoren. Om stillinga Stillinga er knytt til fokusområde Terminologi og fagspråk i Fagspråksenteret (2025-2033). Gjennom ei tverrfagleg tilnærming skal aktivitetane i senteret bidra til å utvikle ny, empirisk kunnskap om kva rolle fagspråk spelar i samfunnet, korleis det fungerer, blir lært og brukt i ulike kontekstar. Den som blir tilsett som stipendiat, vil delta i eit delprosjekt som skal forske på formidling av ekspertkunnskap innanfor området samfunnstryggleik og beredskap. Delprosjektet studerer korleis samfunnstrendar formar fagkommunikasjon og tilliten til denne, og korleis aktørar informerer befolkninga slik at ein kan ta informerte val i møte med naturfare, med perspektiv frå både brukarar, offentleg forvaltning og media. Eit sentralt tema for arbeidet er korleis offentlege aktørar i Noreg, som Meteorologisk institutt (MET), Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), NRK, DSB og Politiet, informerer om venta og pågåande kriser. Hovudfokuset for stipendiaten vil vere kommunikasjon knytt til naturfarar, med særleg vekt på farleg vêr og tilhøyrande varsel. Målet med slik kommunikasjon er å gje innbyggjarar, næringsliv og andre aktørar eit solid grunnlag for å ta informerte val, spesielt i samband med krisehandtering og eigenberedskap. Språket si rolle, både i tekst og visuelle framstillingar, står sentralt i prosjektet. Ei aktuell problemstilling kan vere å utforske korleis vêrvarsel, farevarsel og annan informasjon blir formidla gjennom multimodale uttrykk - som tekst, symbol, grafar, kart og bilete - for å forstå korleis bodskapen kan kommuniserast presist, effektivt og tillitsvekkjande til folk med ulike behov. Det er òg aktuelt å undersøkje korleis samfunnstrendar påverkar denne typen fagkommunikasjon. Døme på dette kan vere nye teknologiar, auka bruk av kunstig intelligens (KI) i produksjon og distribusjon av informasjon, og endra forventningar frå publikum til offentlege aktørar. Særleg relevant er korleis slike trendar påverkar tilliten til informasjon frå offentlege aktørar, og korleis denne tilliten kan styrkast gjennom tydeleg og målretta kommunikasjon. Gjennom arbeidet får stipendiaten høve til å bidra til ny kunnskap om korleis offentleg kommunikasjon kan skape tryggleik og støtte både beredskapsapparatet og befolkninga si evne til å forstå og handtere naturfarar og krisesituasjonar. Meir informasjon om Fagspråksenteret kan du finne her. Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga: Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid som krev særskild kompetanse. Stillinga har ein samla periode på fire år: • 2,5 år er sett av til arbeidet med doktorgradsprosjektet. • 1 år er sett av til karrierefremjande arbeid innan undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga vert avtalt ved tilsetjing. • Som stipendiat blir du tatt opp i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som utgjer seks månadar av tilsetjingsperioden Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar: Søkjaren må ha: • Norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan relevante fagfelt, til dømes språkvitskap, medievitskap, journalistikk, statsvitskap, design eller geofysikk. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Annan grad enn norsk mastergrad blir vurdert etter krav frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, kombinert med gode samarbeidsevner. • Evne til å ta initiativ og sikre god gjennomføring i arbeidet. • Evne til å samarbeide i tverrfaglege fellesskap. • Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i eit skandinavisk språk ved tilsetting. • God framstillingsevne på engelsk, skriftleg og munnleg. Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, sjå ph.d.-programmets pkt. 2.1. Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, og ein framdriftsplan for prosjektet. Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførlege dei skisserte prosjekta er, og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane, inkludert erfaring med relevante metodar. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er. Hos oss får du: • Eit godt og fagleg spennande arbeidsmiljø. • Høve til å byggje sterke faglege nettverk. • Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar. • Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen - nær både byliv og natur. • Løn som stipendiat (stillingskode 1017), som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 593 700 i full stilling. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga. • Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån. Slik søkjer du stillinga: Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande: • Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga. • Under «CV», oppgi: • Personalia. • Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn dei seksjonane som er relevante for deg). • Publikasjonar/vitskaplege produksjonar kan leggjast ved som separat dokument dersom ønskjeleg (publikasjonsliste). • Språkferdigheiter. • Minst to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren for masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. • Under «Vedlegg» skal følgjande lastast opp som separate dokument: • Prosjektskisse på inntil 12 000 teikn medrekna mellomrom (litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal tydeleg skildre det vitskapelege prosjektet, inkludert forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og empiri som skal nyttast i prosjektet. Prosjektskissa skal også vise korleis det føreslåtte prosjektet bidrar til forskinga i fokusområde terminologi og fagspråk. Litteraturliste skal følgje prosjektskissa. • Framdriftsplan for prosjektet som tek omsyn til karrierefremjande arbeid og ph.d.-programmet sin opplæringsdel. • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen, skal dei lastast opp som vanlege filer. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje kjem fram av karakterutskrifta eller vitnemålet, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som oppgir oppgåva sitt omfang i ECTS. • Kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider). • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste). • Inntil tre fullstendige faglege publikasjonar kan leggjast ved dersom aktuelt. • Relevante attestar som støttar opp under dine kvalifikasjonar, ferdigheiter, erfaringar eller eigenskapar. Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg. Vurderingskomiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon. Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Formelle reguleringar: • Kandidatar som tidlegare har hatt stipendiatstilling ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje stillinga. • Tilsetjingsperioden kan bli redusert for kandidatar som tidlegare har vore tilsett i ei rekrutteringsstilling ved ein annan institusjon. • Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og følgjer gjeldande retningslinjer. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar Anders Fagerjord, e-post: anders.fagerjord@uib.no eller telefon: +47 55583653 eller leiar for Fagspråksenteret Marita Kristiansen, e-post: marita.kristiansen@uib.no eller telefon: +47 55583069 eller + 47 97604624. Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no Internasjonalt senter ved UiB har informasjon om å flytte til Noreg for internasjonale søkjarar. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søkje. Dersom du kryssar av for dette i søknaden, kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat i Henrik Ibsens forfattarskap ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei stipendiatstilling i Henrik Ibsens forfattarskap ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE). Planlagd oppstart er 01.01.2027 eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år. Stillinga opnar for søknadar om prosjekt om Henrik Ibsens forfattarskap. Prosjektet skal munne ut i ei doktorgrad i anten teatervitskap, nordisk litteraturvitskap eller allmenn litteraturvitskap. Prosjektet skal vere plassert med omsyn til fagområde. I stillinga får du ein unik moglegheit til å utvikle deg innan fagfeltet, bidra til ny kunnskap på feltet og delta i eit stimulerande akademisk miljø. Om instituttet: Institutt for litterære, lingvistiske og estetiske studiar har kring 80 vitskapleg tilsette, 20 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og 15 postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, allmenn språkvitskap og teatervitskap. Instituttet er òg stolt vertskap for to senter, Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg. Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga: Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid som krev særskild kompetanse. Stillinga har ein samla periode på fire år: • 2,5 år er sett av til arbeidet med doktorgradsprosjektet. • 1 år er sett av til karrierefremjande arbeid innan undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga vert avtalt ved tilsetjing. • Som stipendiat blir du tatt opp i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som utgjer seks månadar av tilsetjingsperioden. Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar: Søkjaren må ha: • Norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan allmenn litteraturvitskap, nordisk litteraturvitskap, eller teatervitskap. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Annan grad enn norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. • Det er ein føresetnad at søkjarar kan arbeide med Henrik Ibsens verk på originalspråket. • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, kombinert med gode samarbeidsevner. Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, sjå Ph.d.-programmets pkt. 2.1. Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, saman med ein framdriftsplan for prosjektet. Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og personleg eignaheit. Hos oss får du: • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø. • Høve til å byggje sterke faglege nettverk. • Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar. • Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur. • Løn som stipendiat (stillingskode 1017), som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 593 700 i full stilling. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga. • Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån. Slik søkjer du stillinga: Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande: • Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga. • Under «CV», oppgi: • Personalia. • Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn dei seksjonane som er relevante for deg). Publikasjonar/vitskaplege produksjonar kan leggjast ved som separat dokument dersom ønskjeleg (publikasjonsliste). • Språkferdigheiter. • Minst to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren for masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. • Under «Vedlegg» skal du laste følgjande opp som separate dokument: • Prosjektskisse på inntil 12 000 teikn medrekna mellomrom (litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal tydeleg skildre det vitskapelege prosjektet, inkludert forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og empiri som skal nyttast i prosjektet. Litteraturliste skal følgje prosjektskissa. • Framdriftsplan for prosjektet som tek omsyn til karrierefremjande arbeid og opplæringsdelen i ph.d.-programmet. • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen, skal dei lastast opp som vanlege filer. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje kjem fram av karakterutskrifta eller vitnemålet, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som opplyser om oppgåva sitt omfang i ECTS. • Kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider). • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste). • Inntil tre fullstendige faglege publikasjonar kan leggjast ved dersom aktuelt. • Relevante attestar som støttar opp under dine kvalifikasjonar, ferdigheiter, erfaringar eller eigenskapar. Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg. Vurderingskomiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon. Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Formelle reguleringar: • Kandidatar som tidlegare har hatt stipendiatstilling ved Universitetet i Bergen kan ikkje søkje stillinga. • Tilsetjingsperioden kan bli redusert for kandidatar som tidlegare har vore tilsett i ei rekrutteringsstilling ved ein annan institusjon. • Kandidatar som allereie har doktorgrad på fagområde som overlappar med utlysinga vil ikkje bli vurdert. • Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og følgjer gjeldande retningslinjer. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar Anders Fagerjord på telefon 55 58 36 53 eller e-post: anders.fagerjord@uib.no Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no Internasjonalt senter ved UiB har informasjon om å flytte til Noreg for internasjonale søkjarar. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivtsærbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat i narrativ datavisualisering knytt til Senter for digitale forteljingar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium Er du ein person som brenn for narrativ og for korleis historier formar måten vi ser og forstår data og informasjon i verda rundt oss? Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei stipendiatstilling i narrativ datavisualisering ved Senter for digitale forteljingar, som er del av Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Planlagd oppstart er 1. januar 2027, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år. Stillinga er knytt til Senter for digitale forteljingar (CDN), eit norsk senter for framifrå forsking, og er tett kopla til Visualiseringsgruppa (VisGroup) ved Institutt for informatikk. Den som vert tilsett, vil dele arbeidstida si mellom dei to forskingsmiljøa og vil bli oppmoda til å delta aktivt i begge miljøa. Sjølv om kandidaten vil ha noko fridom til å velje kva data som skal brukast i ph.d.-prosjektet, forventar vi at det vert utvikla koplingar til pågåande prosjekt ved CDN, særleg ERC Advanced Grant-prosjektet AI STORIES, samstundes som ein nyttar fullt ut den metodiske og tekniske kompetansen som finst i VisGroup. Om institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium: Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har om lag 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 stipendiatar og 13 postdoktorar. Instituttet omfattar fagområda allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske studium, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk- og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, lingvistikk og teatervitskap. Instituttet er òg vertskap for to senter – Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk – i tillegg til tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg. Om senter for digitale forteljingar (CDN) Senter for digitale forteljingar er eit norsk senter for framifrå forsking som er dedikert til humanistisk forankra forsking på digitale forteljingar, inkludert elektronisk litteratur, spelstudiar, digital kultur og berekningsbaserte former for historieforteljing. CDN har søkjelys på algoritmisk narrativitet, nye miljø og materialitetar, og dei skiftande kulturelle kontekstane der digitale forteljingar vert mottekne og tolka. Vi undersøkjer korleis samspel mellom menneskelege forfattarar og ikkje-menneskelege aktørar fører til nye narrative former, korleis materialiteten i digitale forteljingar har endra seg over tid, og korleis kulturelle kontekstar omformar materialiteten deira, bruk og funksjon. CDN tilbyr òg eit livleg, tverrfagleg forskingsmiljø med omfattande internasjonalt samarbeid, utstillingar, opplæringstilbod og tverrsektorielle partnarskap. Om prosjektet AI Stories: AI STORIES: Narrative Archetypes for Artificial Intelligence er eit femårig ERC-finansiert prosjekt (2024–2029) leia av professor Jill Walker Rettberg. Prosjektet utforskar og testar hypotesen om at djupe narrative strukturar i dataa og prosessane som vert nytta til å trene generative KI-modellar, vert reproduserte og kanskje til og med forsterka i outputen frå generativ KI, og at dette kan føre til kulturelt spesifikke narrative skeivskapar. Dette er humanistisk forsking som nyttar kvalitative metodar frå litteraturvitskap og studium av digital kultur. Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga: Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid som krev særskild kompetanse. Stillinga har ein samla periode på tre år, der 2,5 år er sett av til arbeidet med doktorgradsprosjektet. Som stipendiat blir du tatt opp i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som utgjer seks månadar av tilsetjingsperioden. Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar: Søkjaren må ha: • Norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan digital kultur, digitale humaniora, informatikk eller eit anna fag som omfattar opplæring i anten digital design, kritisk teori eller narrativ teori og analyse. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Annan grad enn norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. • Erfaring med å utforme og utvikle (dvs. programmere) datavisualiseringar, dokumentert gjennom kursarbeid, portefølje eller kodearkiv. • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, kombinert med gode samarbeidsevner. • Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i engelsk. Det er ein føremon med: • Kunnskap om kritisk teori og kjennskap til kvalitative analysemetodar. • Kunnskap om narrativ teori eller narrativ analyse. • Svært gode programmeringsferdigheiter, særleg i utvikling av visuelle grensesnitt og/eller applikasjonar. • Kunnskap om prinsipp for UI/UX og grafisk design. Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, sjå Ph.d.-programmets pkt. 2.1. Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, saman med ein framdriftsplan for prosjektet. Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og personleg eignaheit. Hos oss får du: • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø. • Høve til å byggje sterke faglege nettverk. • Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar. • Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur. • Løn som stipendiat (stillingskode 1017), som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 593 700 i full stilling. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga. • Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån. Slik søkjer du stillinga: Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande: • Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen din for å søkje stillinga. Du bør forklare kvifor du er interessert i stillinga, og kvifor bakgrunnen og forskingsinteressene dine gjer deg godt eigna. • Under «CV», oppgi: • Personalia. • Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn dei seksjonane som er relevante for deg). Publikasjonar/vitskaplege produksjonar kan leggjast ved som separat dokument dersom ønskjeleg (publikasjonsliste). • Språkferdigheiter. • Minst to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren for masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve, eller den nyaste rettleiaren dersom søkjaren kjem frå privat sektor. • Under «Vedlegg» skal du laste følgjande opp som separate dokument: • Prosjektskisse på inntil 2 sider. Prosjektskissa skal tydeleg presentere dei sentrale forskingsidéane du ønskjer å utforske, og forklare relevansen deira både for dine eigne forskingsinteresser og for AI STORIES-prosjektet. • Framdriftsplan for prosjektskisse som tek omsyn til opplæringsdelen i ph.d.-programmet. • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Last dei opp som vanlege filer dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje kjem fram av karakterutskrifta eller vitnemålet, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som opplyser om oppgåva sitt omfang i ECTS. • Kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider). • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste). • Inntil tre fullstendige faglege publikasjonar kan leggjast ved dersom aktuelt. • Relevante attestar som støttar opp under dine kvalifikasjonar, ferdigheiter, erfaringar eller eigenskapar. Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg. Vurderingskomiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon. Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju. Nærare om tilsetjingsprosessen her. Formelle reguleringar: • Kandidatar som tidlegare har hatt stipendiatstilling ved Universitetet i Bergen kan ikkje søkje stillinga. • Tilsetjingsperioden kan bli redusert for kandidatar som tidlegare har vore tilsett i ei rekrutteringsstilling ved ein annan institusjon. • Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og følgjer gjeldande retningslinjer. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte senterleiar, professor Jill Walker Rettbert, e-post: jill.walker.rettberg@uib.no, telefon: +47 55588431 eller instituttleiar, professor Anders Fagerjord, e-post: anders.fagerjord@uib.no, telefon: +47 55583653. Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no. Internasjonalt senter ved UiB har informasjon om å flytte til Noreg for internasjonale søkjarar. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5