
Bømlo kommune · Bømlo
Bømlo kommune søker tilkallingsvikarar til lærer- og miljøpersonaloppgaver ved kommunens grunnskoler for skoleåret 2026/2027.
Bømlo kommune søker tilkallingsvikarar til lærer- og miljøpersonaloppgaver ved kommunens grunnskoler for skoleåret 2026/2027.
Bømlo kommune har behov for tilkallingsvikarar for både undervisningspersonale (lærarar), miljøarbeidarar (assistentar) og miljørettleiarar i grunnskulane gjennom skuleåret 2026/2027.
Kommunen må etter Opplæringslova § 17-7 leggja til rette for at skulane har tilgang på vikarar, og denne stillingsutlysinga vil fungera som ein «vikarpool». Vikarbehovet oppstår ofte på kort varsel og variera mellom skulane. Det kan òg bli aktuelt med tilsetjing i kortare vikariat.
Om skulane
Det er åtte grunnskular i Bømlo. Fem av desse er barneskular, ein er rein ungdomsskule og to er kombinerte barne- og ungdomsskular. Storleiken varierer frå ca 75 elevar på dei minste skulane, til ca 350 elevar på dei største. Fleire opplysningar om grunnskulane og kontaktopplysningar finn du på skulane si heimeside: Skulane i Bømlo
Søknadsprosess:
Me tek i mot søknader fortløpande. Du vil i søknaden få spørsmål om kva type vikarstilling (lærar/miljøpersonale) du søkjer og om du er interessert i kortare vikariat. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta av den einskilde skule då alle rektorane vil ha oversikt over inkomne søknadar.
Arbeidsoppgåver
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
I vurderinga legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon.
Me tilbyr
Høyrest dette ut som noko for deg? Send søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga, kontakt rektorar på dei skulane du ynsker å vera vikar på.
KontaktinformasjonKari Østensen, Rektor v/Svortland skule, 993 86 606
Maryann Steinsbø, Rektor v/Gilje skule, 992 77 987
Olaug Norenes Hovda, Rektor v/Våge skule, 404 64 340
Joakim Lund, Rektor v/Moster skule, 930 08 438
Torunn Hatlevik, Rektor v/Hillestveit skule, 934 61 743
Christin Klubben, Rektor v/Bremnes ungdomsskule, 957 74 456
Tone Baugstø, Rektor v/Rubbestadneset skule, 990 34 994
Katrine Hausberg, Rektor v/Meling skule, 958 35 391
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bømlo kommune
Referansenr.: 5152923081
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 10.08.2026
Sluttdato: 18.06.2027
Søknadsfrist: 18.06.2027
Om stillinga Har du eit ønske om å arbeide som vikar som assistent eller fagarbeidar på skule, SFO eller barnehage i Sveio kommune? Arbeidsoppgåver Barnehage: • Delta aktivt i det pedagogiske arbeidet og bidra til planlegging, gjennomføring og evaluering av aktivitetar. • Skape trygge, inkluderande og stimulerande leike- og læringsmiljø for borna. • Rettleie og støtte barn i sosiale situasjonar, leik og konflikthandtering. • Følgje opp enkeltbarn sine behov i samarbeid med pedagogisk leiar/lærarar og andre tilsette. • Medverke i daglege rutinar som måltid, påkledning, bleieskift, kvile og leik. • Observere og dokumentere borna sin trivsel og utvikling. • Samarbeide tett med kollegaer for å sikre god kvalitet og eit heilskapleg pedagogisk tilbod. • Bidra til et godt foreldresamarbeid gjennom dagleg dialog og informasjon. • Delta i møter, planleggingsarbeid og kompetanseheving. • Sørgje for et trygt, helsefremmjande og ryddig miljø i samsvar med barnehagens rutinar og retningslinjer. Skule: • følgje opp enkeltelevar og elevgrupper i samarbeid med andre tilsette på skulen • ha ansvar for elevar i undervisning og friminutt og elevgrupper på SFO • bidra til å styrke elevmiljøet ved skulen • samarbeide med tilsette og føresette ved behov Kvalifikasjonar • Du snakkar og skriv godt på norsk. • Levere godkjent politiattest ved oppstart. Personlege eigenskapar Personlege eigenskapar som vil bli lagt vekt på er: • roleg og trygg framferd ovanfor både barn og vaksne • evne og vilje til å skape verdfull aktivitet • god helse som taklar ver og vind og deltaking i leik og aktivitet • gode samarbeidsevner • evne til positiv kommunikasjon • er motivert, kreativ, godt humør og kunne undre seg saman med barna • har god relasjonskompetanse og god omsorgsevne • kan arbeide sjølvstendig, være løysingsorientert og vise fleksibilitet i arbeidet Vi tilbyr Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap Eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar
Dette er ei fellesannonse for oppvekstsektoren i Sykkylven kommune der du som ønskjer å vere tilkallingsvikar i kommunen skule-/barnehageåret 2026/2027 kan melde di interesse. Denne stillingsannonsa gjeld for kommunale skular og barnehagar i Sykkylven. Aktuelle søkjarar vil bli kontakta ved behov. Vi ber om at du opplyser i søknaden om kva arbeidsområde du søkjer på. Søkjer du på fleire arbeidsområde, ber vi deg sette opp ei prioriteringsliste. Vi ber deg også opplyse om kva tidsrom du kan arbeide. Tilsettingsform og stillingsstorleik vil kunne variere. Skular: • Nye Aure barneskule og SFO • Sørestranda skule og SFO • Sykkylven ungdomsskule - og opplæringssenter Barnehagar: • Blakstad naturbarnehage • Ullavik barnehage • Vikedalen barnehage Kvalifikasjonar • Vi søkjer assistentar, fagarbeidarar i barne- og ungdomsarbeidarfaget, barnehagelærarar, lærarar m.v • I samsvar med lova vert det stilt krav om politiattest av ny dato, ikkje eldre enn tre - 3 - månadar Personlege eigenskapar • Gode samarbeidsevne • Engasjert, tolmodig og påliteleg • Evne til å arbeide sjølvstendig • Fleksibel og endringsvillig Vi tilbyr • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk • Løn etter kvalifikasjonar Offentlegheit: Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. KontaktinformasjonKjersti Hovet, Einingsleiar Aure barneskule/SFO, 92029381, kjersti.hovet@sykkylven.kommune.no Monica Hjelmevoll, Avdelingsleiar Aure barneskule, 47668301, monica.hjelmevoll@sykkylven.kommune.no Svein Arne Nakken, Avdelingsleiar Aure barneskule, 90793343, svein.nakken@sykkylven.kommune.no Janne Marstrander, SFO-leiar Aure barneskule, 95018853, janne.marstrander@sykkylven.kommune.no Randi Løseth Aasen, Einingsleiar SUSK, 95184367, randi.loseth@sykkylven.kommune.no Therese Lefdalsnes Hole, Assisterande rektor SUSK, 47670915, therese.lefdalsnes.hole@sykkylven.kommune.no Clara Aarseth-Strømmegjerde, Avdelingsleiar oplæringssenteret, 46954158, clara.strommegjerde@sykkylven.kommune.no Knut Orre, Einingsleiar Sørestranda skule/SFO, 99522440, knut.orre@sykkylven.kommune.no Steinar Klokk, Einingsleiar barnehagar, 95972727, steinar.klokk@sykkylven.kommune.no Randi Ludviksen Hole, Styrar Ullavik barnehage, 95294767, randi.hole@sykkylven.kommune.no Berit Hanken, Styrar Blakstad barnehage, 91898760, berit.hanken@sykkylven.kommune.no Heidi Rasmussen Aurdal, Vikar styrar Vikedalen bhg, 48268321, heidi.aurdal@sykkylven.kommune.no ArbeidsstadKyrkjevegen 62 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5117073158 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 17.05.2027
Kanskje du er den rette til å gjere ein forskjell for elevane våre? Ønskjer du ein meiningsfull arbeidskvardag der du får vere ein viktig støttespelar i elevane si faglege og sosiale utvikling? Tysnes kommune søkjer ein engasjert og dedikert pedagogisk medarbeidar til Tysnes skule. Ved Tysnes skule har me ledig ei fast stilling på 68 %. Stillinga følgjer eleven gjennom skulekvardagen, og har arbeidsfri i skulen sine undervisningsfrie periodar. Tysnes skule er ein barne- og ungdomsskule med om lag 200 elevar og 35 tilsette. Me har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og eit meistringsklima der medarbeidarane blir motiverte av å lære, utvikle seg og gjere kvarandre gode. Skulane i Tysnes kommune skal vere ein trygg og god stad for både elevar og tilsette. Me arbeider for ein variert og tilpassa skulekvardag som rustar barn og unge for framtida. Me søkjer deg som trivst med å arbeide i skulen, og som brenn for å jobbe med barn og unge med særskilde behov. Som pedagogisk medarbeidar får du ansvar for oppfølging av enkeltelevar eller mindre elevgrupper. Du får ei viktig rolle og høve til å gjere ein stor forskjell i elevane sin skulekvardag. Ta gjerne kontakt med kontaktpersonen dersom du har spørsmål om stillinga eller ønskjer meir informasjon. Arbeidsoppgåver • Støtte enkeltelevar og elevgrupper i skulerkvardagen, både fagleg og sosialt. • Planleggje og gjennomføre aktivitetar i tråd med eleven sin individuelle plan og skulen sine satsingsområde. • Ha uteinspeksjon, legge til rette for leik og observere elevane i ulike situasjonar. • Vere ein tydeleg vaksen og ein god rollemodell for elevane. • Samarbeide med lærarar, føresette og eventuelt andre samarbeidsinstansar. • Kunne steppe inn som vikar ved fråvær i klassar du er knytt til. • Samarbeide med lærarar om tiltak som fremjar inkludering og sosial læring for enkeltelevar og for elevane på trinnet. Kvalifikasjonar • Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget er ønskjeleg. Søkjarar utan fagbrev, men med lang og relevant erfaring, kan òg bli vurderte. • Det er ønskjeleg med erfaringt frå og interesse for arbeid med barn med særskilde behov. • Erfaring som skuleassistent er ein fordel. • Du må meistra norsk svært godt, både munnleg og skriftleg. • Arbeidet kan vere fysisk krevjande, og me treng ein robust medarbeidar som kan stå i dette. Ved ei eventuell tilsetjing må du leggja fram: • Politiattest jf. opplæringslova § 17-11. • Eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose. Personlege eigenskapar Me ser etter deg som: • har evne og vilje til å skape gode relasjonar med elevane. • ser elevane sitt potensial og moglegheiter. • er ein trygg og tydeleg vaksen. • kommuniserer godt og samarbeider godt med andre. • toler krevjande situasjonar og klarer å halde deg roleg. • er løysingsorientert, fleksibel og initiativrik. • har eit jamt og stabilt humør. Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt. Kvifor skal du jobba hos oss? Hos oss får du både faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø prega av rausheit, delingskultur og høg kompetanse. Skulen ligg tett på flotte naturområde, som me aktivt nyttar i undervisninga. Tilsetjing hos oss gjev deg medlemskap i KLP- kommunens pensjonsselskap. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt mogelegheit til å søkja om bustadlån med gunstige vilkår. Du blir tilsett i rett stillingskode ut frå kompetanse, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar. Synest du stillinga verkar spennande, eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane som står oppført i annonsen. Informasjon til søkar Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar. Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte. Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge. Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.