
POLIKLINIKK BARN OG UNGDOM VOLDA OG ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF · ålesund
Er du ein innovativ og utviklingsorientert spesialsjukepleiar/sjukepleier med erfaring med barn, som er engasjert i kvalitetsforbetring, digitalisering og vidar...
Er du ein innovativ og utviklingsorientert spesialsjukepleiar/sjukepleier med erfaring med barn, som er engasjert i kvalitetsforbetring, digitalisering og vidareutvikling av framtidas polikliniske tenester? Då kan kanskje denne stillinga vere noko for deg!
Vi har nemleg no ledig ei 80% fast stilling som spesialsjukepleiar/sjukepleiar ved Poliklinikk barn og ungdom Volda og Ålesund. Oppstart etter avtale.
Poliklinikk barn og ungdom er ein seksjon i Avdeling for kvinner, barnemedisin og habilitering, og er organisert i Klinikk Ålesund. Seksjonen yter helsehjelp i forhold til utgreiing, diagnostisering og behandling innan fagfeltet barnemedisin. Vi har eit godt fagleg miljø, samt eit godt arbeidsmiljø der pasienten er i fokus.
Tilsette i seksjonen er samansett av spesialsjukepleiarar, klinisk ernæringsfysiolog, sosionom og merkantilt personell. Seksjonsleiar er nærmaste leiar for desse faggruppene.
Det kan vere moglegheit for kombinasjonsstilling ved sengeposten for høgare stillingsprosent.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
KontaktinformasjonIngvill Hareide, Seksjonsleiar, Ingvill.Hareide@helse-mr.no
ArbeidsstadÅsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5156287543
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 21.08.2026
Vil du jobbe på avgiftningsposten der du får kome tett på pasienten? På avgiftningsposten – Avdeling for rus og avhengigheit (ARA) – møter du vaksne pasientar som har korte innleggingar med medisinsk og medikamentell oppfølging, i tillegg til miljøterapeutiske og sosiale tiltak. Vi har lokale i Haugesund og er ein del av klinikk for psykisk helsevern og rus. Vi ser etter deg som skaper tryggleik og tillit, samarbeider godt og er ein lojal og trygg kollega – med rausheit, godt humør og tydeleg kommunikasjon. Du jobbar godt saman med andre, men står òg stødig åleine når det krevst, og du er opptatt av ryddig og god dokumentasjon. Hos oss blir du del av eit arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre og trivst på arbeidsplassen vår. Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med funksjonsleiar Kathrin Bjånes på på e-post eller telefon frå 03.08.2026. 👉 Du er velkomen til å søkje. Turnus dag/kveld med arbeid kvar 3. helg. Kva går jobben ut på? Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere: • Miljøterapeutisk arbeid i det daglege. • Vere ein tydeleg, trygg og engasjert lagspelar i arbeidet med pasientgruppa. • Gå i ansvarsvakt og bidra til god flyt, prioritering og samarbeid i vakta. • Sikre trygg og forsvarleg medikamenthandtering i tråd med gjeldande rutinar. • Samarbeid med interne fagmiljø og eksterne instansar. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Norsk autorisasjon som sjukepleiar. • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Det er ein fordel med: • Vidareutdanning innan fagområdet og/eller erfaring frå rusbehandling. • Relevant kunnskap om farmakologien til ulike rusmiddel. • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid. Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som er oppriktig engasjert i pasientgruppa, og som byggjer tillit gjennom godt samarbeid. Du er ein lojal og trygg kollega som skaper gode relasjonar, kommuniserer klart og møter både pasientar og kollegaer med rausheit og godt humør. Du trivst i team, jobbar òg sjølvstendig når det trengst, og står stødig i krevjande situasjonar – med ryddig journalarbeid og god informasjonsflyt. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du: • Eit arbeidsmiljø der vi trivst, støttar kvarandre og har det godt saman. • Høg fagleg kompetanse og engasjerte kollegaer. • Moglegheit for både fagleg og personleg utvikling. • Ein arbeidsplass som legg vekt på inkludering og mangfald. • God rettleiing og opplæring. KontaktinformasjonKathrin Bjånes, Funksjonsleiar, +47 41863835, kathrin.bjanes@helse-fonna.no ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5152028704 Stillingsprosent: 75% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026
Ønskjer du ein jobb som verkeleg betyr noko? Då må du lese vidare! Sengepost for kreft, palliasjon og hematologi ved SNR søkjer ein engasjert sjukepleiar/spesialsjukepleiar! Hos oss møter du pasientar med kreftsjukdom, hematologiske sjukdomar og behov for lindrande behandling. Du får ei viktig rolle i å ivareta både pasientar og pårørande gjennom krevjande og betydningsfulle livsfasar. Du får nytte heile breidda av sjukepleiefaget, utvikle kompetansen din og bli ein del av eit sterkt fagmiljø prega av samarbeid, omsorg og fagleg stoltheit. Vi er ein sengepost i utvikling, med høgt fokus på kvalitet, fagleg vekst og eit godt arbeidsmiljø. Vi tilbyr mellom anna faste fagdagar i turnus, internundervisning og tett fagleg samarbeid med erfarne kollega. Her arbeider sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, helsefagarbeidarar, legar og studentar tett saman i team, og vi samarbeidar dagleg med andre faggrupper for å gi pasientane den beste behandlinga. Vi har ei ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar/spesialsjukepleiar. Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar bli aktuelle. Ønskjer du ein anna stillingsprosent, oppmodar vi deg til å søkje og oppgi ønskja stillingsstorleik. Vi tilbyr fleksibel turnus med moglegheit for å gå langvakter både på kvardagar og i helgar (kvar fjerde helg), eller ordinære vakter (kvar tredje helg) dersom det passar best. Dersom du er sjukepleiar med interesse for kreft, palliasjon og hematologi, set pris på eit godt arbeidsmiljø, fagleg utvikling og ei meiningsfull pasientgruppe, håpar vi å motta ein søknad frå deg! Vi gler oss til å høyre frå deg – kanskje er du vår nye kollega? Arbeidsoppgåver • Teamarbeid samen med sjukepleiarar, spesialsjukepleiarer, helsefagarbeidarar og blant annet onkolog, hematolog, palliativt team, ernæringsfysiolog, fysioterapeut og ergoterapeut • Pasientane i seksjonen vil kunne ha svært ulike behov. Arbeidsoppgåvene vil difor bestå av kartlegging og utføring av tiltak retta mot den enkelte pasient i tråd med gjeldande retningsliner Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Relevant videreutdanning, erfaring og kompetanse kan vektleggast • Meistre norsk munnleg og skriftleg - minimum B2 nivå • Kompetanse innan IT og bruk av digitale verkty • Å være personlig egnet blir vektlagt ved ansettelse Personlege eigenskapar • Du har interesse og engasjement for kreft, palliasjon eller blodsjukdommar • Du er ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet • Du er påliteleg og lojal til arbeidsplassen og kollegaene dine Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her. KontaktinformasjonRagnhild Steinsland, Seksjonsleder, +47 97483801, ragnhild.steinsland@helse-mr.no ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5156101324 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026
Medisinsk seksjon, Nordfjord sjukehus har ledig 100 % fast kombistilling som geriatrisk sjukepleiar/sjukepleiar: • 40 % på eldremedisinsk poliklinikk • 60 % på medisinsk sengepost. Medisinsk poliklinikk tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar innan mage/tarm, hjarte, lunge, infusjon, eldremedisin, diabetes, ØNH og skade. Medisinsk sengepost er ein spennande heildøgnseining med 16 senger, inkludert tre observasjonssenger for pasientar som treng kontinuerleg observasjon. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon. Her behandlar vi dei fleste indremedisinske diagnosane, inkludert palliasjon og stabilisering av akutte pasientar som skal til eit høgare omsorgsnivå. Denne kombistillinga gir ein variert og spennande arbeidskvardag med både poliklinisk arbeid og arbeid på sengepost. Hos oss får du ei bratt læringskurve, høve til å lære mange prosedyrar og tileigne deg brei kompetanse innan indremedisin, geriatri og akuttmedisin. Vi har fokus på fagleg utvikling og tilbyr jamleg simuleringstrening, undervisning og kompetanseheving,. Samstundes er vi opptekne av eit godt arbeidsmiljø. Nordfjord sjukehus ligg midt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu. Her er gode barnehage- og skuletilbod, eit rikt kultur- og fritidstilbod og flotte moglegheiter for friluftsliv året rundt. Høyrest dette ut som noko for deg? Vi gler oss til å ta imot søknaden din. Korleis ser ein arbeidsdag ut hos oss? Eldremedisinsk poliklinikk: • Pasientane du møter på eldremedisinsk poliklinikk er i aldersgruppa om lag 70 år og oppover. Hovedarbeidsoppgåvene er knytt til utgreiing innanfor ulike kategoriar. Arbeidet er tverrfagleg og teambasert. • Arbeidsdagane er varierte og du vil ha ei blanding av pasientkonsultasjoner og utføring av ulike prosedyrer. Medisinsk sengepost: • Mottak, observasjon og oppfølging av innlagte pasientar • Tverrfagleg arbeid med kommunane knytt til pasientoppfølging • Opplæring og veiledning av studentar og nytilsette • Elektronisk pasientdokumentasjon i DIPS Arena og Meona • Deltakelse på undervisning og simuleringstrening For å jobbe med oss: • Søkjar må vere autorisert spesialsjukepleiar innan geriatri eller under utdanning. • Kan også vere søkar som har interesse for feltet, og ønsker å ta vidareutdanning. • Erfaring med bruk av DIPS Arena og Meona er ein fordel • Gode samarbeidsevner og evne til å jobbe tverrfaglig Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig ar du kan arbeide både sjølvstendig og i team. Ei av våre styrker er at vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige hos oss. Vi er opptatt av at du skal trivast ho oss. Når du jobbar ho oss vil du få: • Varierte og spennande arbeidsoppgåver • Opplæring • Lønn i samsvar med gjeldende overenskomst • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Trivelig arbeidsmiljø • Bidra til paseintsikkerhet Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMaria Charlotta Berg Langvik, Einingsleiar medisinsk sengepost, (+47) 416 48 264 Arnstein Ivesdal, Einingsleiar medisinsk poliklinikk, (+47) 578 64 031 ArbeidsstedSjukehusvegen 14 6770 NORDFJORDEID Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5144050061 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 07.09.2026 Søknadsfrist: 16.08.2026