
Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommune · ålesund
I distriktet Ørskog, har vi ledig 2 x 100 % faste stillingar som sjukepleiarar i heimetenesten. Arbeid er på dag/kveld og med arbeid kvar 3.helg. Verksemda har...
I distriktet Ørskog, har vi ledig 2 x 100 % faste stillingar som sjukepleiarar i heimetenesten. Arbeid er på dag/kveld og med arbeid kvar 3.helg.
Verksemda har økonomisk rekrutteringstiltak for sjukepleiarar.
Heimetenesten består av heimebuande i distriktet Ørskog, samt omsorgsbustader. Kontorbasen vår er lokalisert ved Steinholt Busenter. I same bygg har ein både Dagsenter for heimebuande frå Skodje og Ørskog, samt omsorgsleiligheter.
Heimetenesten har fleire brukarar som bur i omsorgsleiligheter, både ved Steinholt Busenter, men også Steinaplassen omsorgsbustader, som er lokalisert i same bygg som Ørskog omsorgssenter. Vi har eit tett samarbeid med Ørskog omsorgssenter.
Vi yter tenester til heimebuande. Både til relativt friske brukarar, men også til alvorleg sjuke brukarar som krever høg fagleg kompetanse. Heimetenesten er opptatt av å yte gode og verdige tenester i brukarane sitt eige og trygge miljø. Vi nyttar ein del velferdsteknologisk utstyr. Dette som støtte og hjelp for å kunne gi brukarane meir friheit til å bu trygt heime.
I tenesten blir det nytta kommunale bilar som står under carport
ved kontorbasen.
Ørskog er eit distrikt med nærleik til både natur og det urbane strøk. I nærområdet kan ein både finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir utfordrande. Ein har butikk og shopping i nærleiken, både på Digernes, Moa og Ålesund sentrum.
Lokalmiljøet i distriktet Ørskog har elles mykje å by på. Barne og ungdomsskule, barnehage, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan idrett og kultur, osv.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
KontaktinformasjonMaren Langlo Kongsnes, Avdelingsleiar, 950 65 938, maren.langlo.kongsnes@alesund.kommune.no
Linn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, 906 84 106, linn.evy.abelseth.sovik@alesund.kommune.no
ArbeidsstadSteinholtvegen 6
6240 Ørskog
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.: 5137256265
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026
Medisin 5 er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, og med tydeleg fokus på best mogleg pasientbehandling. Her har vi akutt medisinske pasientar med fagfelta: slag, geriatri og ortogeriatri. Vi har i tillegg pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar. Vil du ta del i ein arbeidsplass med stadig nye utfordringar, høgt tempo og mykje positiv energi? Ønskjer du ein kvardag der arbeidsglede, latter og positivitet pregar arbeidsmiljøet i seksjonen? Har du faglege ambisjonar og vil vere med på å vidareutvikle fagområdet vårt? Då håpar vi at akkurat DU søkjer!! Er du nysgjerrig på kven vi er, sjekk ut instagramprofilen vår @medisin5_hmr Vi har ledig: • 1 x 100 % fast stilling • 1 x 83 % fast stilling Stillingane er p.t i 3-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg. Om du ønsker langvakter og arbeid kvar 4.helg så er det også ein moglegheit. Oppstart etter avtale. Avhengig av søkarane og eventuell intern omrokkering er vi åpne for anna stillingsfordeling og/eller fleire tilsetjingar. Skriv gjerne i søknaden kva stillingsprosent du ønskjer. Om ønskeleg kan det for tida vere moglegheit for rein nattevaktstilling. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Arbeidsoppgåver • Ivareta det sjukepleiefaglege ansvaret for pasientane. • Sjukepleieadministrative- og koordinerande oppgåve. • Sjukepleieprosedyrar og kliniske observasjonar. • Arbeid med kvalitet- og pasienttryggleik. • Rettleiing av studentar og kollegaer. • Samhandling med kommunar. • Kontinuerlig forbetringsarbeid. Kvalifikasjonar • Du har dei formelle kvalifikasjonane og har norsk autorisasjon som sjukepleiar. • 3.års sjukepleiarstudentar kan også søkje og bli vurdert • Du behersker godt norsk, munnleg og skriftleg, tilsvarande minimum nivå B2. • Det er ønskeleg med kompetanse frå spesialisthelsetenesta innan fagområda slag, geriatri eller ortopedi, men det er ikkje eit krav. • Evne til å arbeide i eit miljø med høg aktivitet. Personlege eigenskapar • Du er ansvarsbevisst og strukturert • Du har eit fagleg engasjement • Du viser fleksibilitet og evne til omstilling • Du er ein god teammedarbeidar, men jobbar også godt sjølvstendig • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter • Du er positiv og har gode haldningar • Du er pasientorientert • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Internundervisning kvar mnd, samt egne fagdagar 2 gongar i året • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her! Kontaktinformasjon Ellen I Lagabø Molnes, Seksjonsleiar, Ellen.I.Lagabo.Molnes@helse-mr.no Kjersti Ulset Lade, Konst. seksjonsleiar, kjersti.ulset.lade@helse-mr.no Arbeidsstad Åsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5149368716 Stillingsprosent: 100, 83% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026
Vi vil gjerne ha deg med på vårt lag! Vi har no ledig 2 x 90% fast stilling for sjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning ved Avrusing rusbehandling TSB Ålesund. Oppstart etter avtale. Stillingane inneber f.t. 2-delt vaktturnus med arbeid kvar fjerde helg, med to ekstra helgar (hinkehelger) kvart år. Seksjonen tilbyr både planlagde og rusakutte innleggingar og har 17 døgnplassar. Fagmiljøet er tverrfagleg og inkluderar mellom anna psykiater, legar, sjukepleiarar, vernepleiarar og sosionomar. Vi håpar du vil bli ein del av vårt engasjerte team! Arbeidsoppgåver • Sjukepleiefaglege-/vernepleiefaglege oppgåver - medikamenthandtering • Deltaking i tverrfagleg team • Koordineringsansvar og individuell oppfølging av pasientar • Aktiv bidragsytar i miljøterapeutiske aktivitetar Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar • Ønskeleg med videreutdanning, men sjukepleiar/ verneplaier utan videreutdanning kan også søke stillinga • Ønskeleg med relevant erfaring • Førarkort klasse B - manuell gir Personlege eigenskapar • Du er positiv, nytenkande og endringsorientert • Du er sjølvstendig, men med evne til å samarbeide godt i team • Du er fleksibel og kan handtere heiktiske arbeidsdagar • Du har god skriftleg framstillingsevne Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår i ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. KontaktinformasjonAstrid Birgitte Aakernes, Seksjonsleiar, +47 70171389, Astrid.Birgitte.Aakernes@helse-mr.no Line Olaisen, Teamkoordinator, 70171334 , Line.Olaisen@helse-mr.no ArbeidsstadVestmoa 27 6018 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5144475952 Stillingsprosent: 90% Fast Startdato: 03.08.2026 Søknadsfrist: 09.08.2026
Vi har ledig to faste 80% stillingar og ei fast 90% stilling som sjukepleiar ved Kirurgisk sengepost A. Kirurgisk sengepost A er ein sengepost med 26 sengeplassar. Vi har pasientar innan fagfelta Kar/Thorax, Ortopedi, ØNH, Auge, Revmatologi og Odontologi. Vi jobbar i eit spennande fagfelt og har mange engasjerte tilsette. Vi er ein sengepost med fokus på fag, og vi ønskjer å vere langt framme innanfor vårt fagområde. Med fokus på fagleg utvikling og eit dynamisk arbeidsmiljø, er dette en ypparleg moglegheit for deg som ønsker å utvikle dine ferdigheter og få erfaring innan desse spesialfelta. Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag! Ved intern tilsetting kan andre stillingar bli ledige. Arbeidsoppgåver • Kartlegge, planlegge, utføre og evaluere sjukepleiartiltak i forhold til pasientar • Sjukepleieadministrative-/ koordinerande oppgåver • Legemiddelhandtering • Sjukepleieprosedyrar • Arbeid med kvalitet og pasientsikkerheit • Rettleiing av studentar og kollegaer • Kontinuerlig forbetringsarbeid Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Erfaring frå sjukehus og kirurgi er ønskeleg • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar • Du er serviceinnstilt, pasientorientert og fleksibel • Du er ansvarsbevisst • Du er engasjert og lærevillig • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø • Du har evne til å arbeide i team og samarbeide med andre profesjonar • Du må trivast i eit aktivt og hektisk miljø Personleg eignaheit for stillinga vil bli vektlagt. Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her! KontaktinformasjonAndre Giskegjerde Høybakk, Seksjonsleiar, +47 70 10 58 17, andre.giskegjerde.hoybakk@helse-mr.no ArbeidsstadÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5153252822 Stillingsprosent: 80, 90% Fast Startdato: 01.09.2026 Søknadsfrist: 16.08.2026